Archive for mars 23rd, 2022

mars 23, 2022

Oppsnappa

Overlevd: Flatøybok.

Politikarkurs

Danmarks bibliotekforenings tidsskrift Danmarks biblioteker har laga ein «mini ABC» for «nyvalgte kommunalpolitikere».

Meiropnare blir det ikkje

Ifølgje The Guardian var ein datafeil grunnen til at inngangsdøra stod ope i eit bibliotek på New Zealand på nasjonaldagen. Dei ansvarlege oppdaga feilen etter nokre timar, men då hadde 380 personar vore innom og hadde hjelpt seg sjølve med utlånsregistrering av 147 bøker. Ingenting var stole eller øydelagt.

PS: «The most important asset of any library goes home at night – the library staff». – Timothy Healy

Sagalitteratur og sjeldne dyr

Kva er likskapen mellom eit ukjent mellomalderverk og ein ukjend dyreart? Ifølgje ein ny studie, referert i Scentific American, kan statistiske modellar som forskarar bruker til å estimere mangfaldet og storleiken på tapte dyrepopulasjonar også brukast på andre felt: «Eit dokument er som eit spesifikt dyr, mens eit verk er som ein art – og ein art blir ikkje rekna som utdøydd før alle dei levande representantane døyr. Då forskarane brukte modellen på mellomalderlitteratur, fann dei at 68 prosent av desse verka truleg har overlevd til i dag» (vår omsetting). Og overlevinga av både dyreartar og verk har vore noko større på relativt isolerte øyer, som Irland og Island.

«Drinker og heftige dansetoner»

«Vårt Oslo» melder: «Nye planer viser at gamle Deichman på Hammersborg kan bli bar og nattklubb». Eventuelle gullkorn om motseiinga bibliotek – festlokale går vi glipp av takk vere betalingmuren. Men underteikna har faktisk røynsler med den omvende prosessen; frå pub til bibliotek! I 1980 flytta Vestby folkebibliotek, avdeling Son, inn i dei tidlegare lokala til «Naustet», puben etter underhaldningsartisten Elisabeth Granneman. Vi fekk med på kjøpet mange dusin halvliterskrus, ein pizzaovn og fleire «spanske boger» som hadde skilt dei intime sitjegruppene. Men dette var i ein underetasje. Nokre år seinare flytta biblioteket til mykje betre lokale.

Translate »