Archive for mars 25th, 2022

mars 25, 2022

Nokre tankar om krigen, informasjonen og forståinga

Deichman har tatt med seg Pusjkin frå det gamle til det nye

Også norske folkebibliotek er no i denne situasjonen at dei skal stille opp for ikkje berre dei sterkt råka flyktningane, men også «eigne» engstelege (og forbanna) brukarar, med nyheiter, analysar og litteratur for å kunne takle kvardagane og kanskje leite etter løysingar.

I Morgenbladet har Ingrid Grønli Åm (også kjend som vikarierande redaktør av NBF sitt salige tidsskrift Bibliotekforum i 2014) eit lengre intervju med den franske filosofen Edouard Jolly: Er det mulig å vinne en krig i 2022? Jolly seier blant anna:

Det spesielle med krig som filosofisk objekt er at vi først kan forstå den etterpå, når den er over. Hvis man spekulerer om krigen mens den pågår, står man i fare for å sette seg i rollen som kampfilosof og gi næring til fiendskapen. Henri Bergson gjorde det i 1915, da han knyttet sin filosofi om élan vital – den skapende livskraften – til de franske soldatene, som et sivilisatorisk særtrekk mot de tyske barbarene. Jeg tror man har mye å vinne på å analysere krig som et historisk objekt. Da kan man vise dens politiske rasjonalitet».

Elles er intervjuet med NRKs Charlotte B. Bergløff lesbart på Journalisten.no. Ho var blant anna også i Srebrenica i 2006 og Ocean Viking i 2019.

PS: Kva med eit forum om bibliotektenester til flyktningar på Bibliotekutvikling? Med vekt på ukrainarar akkurat no.

mars 25, 2022

Det er fredag

Her ein tv-sketsj med ei (viss) tilknyting til bibliotek, men berre heilt i starten (peckish og esurient skal vere synonym til hungry, for dei som ikkje er oppvaksne på London Vest).

Nokre av skodespelarane er også med i sketsjen Thief in the Library, kanskje meir kjend som Quiet in the Library, men denne inngår faktisk ikkje i den klart mest kjende tv-serien til dei (u)nemnde skodespelarane, men i ein forløpar. Go hælj.

Translate »