Sira Myhre ny toppsjef i Cappelen Damm …?

Sira Myhre på eit bibliotekpodium for … lenge sidan

Nettstaden Bok365.no hadde fredag ei ganske omfattande og detaljert sak om dette: «Aslak Sira Myhre går først inn i en prosjektdirektør-stilling i forlaget, og Jenssen [noverandre direktør, vår merknad] og Sira Myhre skal deretter jobbe side ved side i en periode før sistnevnte overtar roret. De to skal i fellesskap med styret avgjøre eksakt når dette skal skje».

Men så går Bok365 ut 2. april med eit aprilspøk-dementi

Dei siste dagane, for ikkje å seie åra, har fleire påpeika at i vår falske-fakta-alder har aprilspøken utspela rolla si. Dermed gikk underteikna fem på og hadde i går halvferdig ein lett ironisk kommentar særleg til avslutninga på intervjuet med NB-sjefen og boklovutgreiaren, der han blei spurt «– Ligger det an til å bli en god boklov for Cappelen Damm?»:

«– Å nei. Du klarer ikke å lokke meg utpå der, svarer en lattermild Sira Myhre. – Mitt håp – og min tro – er at det skal bli en boklov som hele bokbransjen og litteraturfeltet kan leve godt med».

Så hadde vi tenkt å spekulere litt rundt kva han i dag meiner med «hele litteraturfeltet». Er biblioteket «inne» i dag? Og korleis? For gjennom hausten og vinteren har …

… uvissa og sprikande signal om dette generert ein god del spaltedesimeter blant anna her på bloggen. Men altså, sletta og dementert.

Også sist det blei aprilspøkt om ein nasjonalbibliotekar, nemleg for 13 år sidan, blei spøken sletta, saman med kommentarfeltet. Den gongen fann spøken stad på Norsk Bibliotekforening si heimeside, der underteikna var journalist og nyheitsredaktør. Som Bok365-redaktøren i år, publiserte eg då, 3. april 2009, ei oppsummering for dei som hadde, og ikkje hadde, fått med seg kva dette gikk ut på. Det blei jo ein uvanleg stor snakkis. Skandale, meinte nokre. For i det vesle bibliotekmiljøet er vi jo alle «som ein stor familie».

Den danske Biblioteksvagten har denne kommentaren til aprilspøk i 2022

Bok365 sletta spøken same kveld, før dei dementerte han, men han ligg på Wayback Machine, fann vi ut. Heile 11 gongar hadde nokon gått inn og lagra dette oppslaget 1. april, ei stadfesting av kor stor omsorg det norske bokfolket har for historia!

Og for 13 år sidan? Om ikkje spøken, så i alle fall oppsummeringa, blei liggande på nett heilt til NBF nokre år seinare sletta nesten alt på nettstaden då dei forenkla og minimaliserte han radikalt. Men i dag kan vi finne igjen oppsummeringa med nokre kommentarar på Wayback Machine.

PS 1: Likevel har Bok365 eit atterhald på slutten av dementiet 2. april: «Sistnevnte fortsetter altså som nasjonalbibliotekar og boklov-utreder, og er ikke på vei til Cappelen Damm. Eller er han kanskje det?» Pluss eit (sjølv)ironisk smilefjes.

PS 2: Bakgrunnen for spøken i 2009 var blant anna dette (side 6 – 11).

>> PS 5.4.22: Også sjølve spøken frå 2009 har no dukka opp! (biletfil, zoom inn) Alternativt: To første sider / to neste.

One Trackback to “Sira Myhre ny toppsjef i Cappelen Damm …?”

Leave a Reply