I Universitetsforlaget sin sakprosaserie «Hva er» (p.t. 67 titlar) er Anine Kierulf si bok «Hva er ytringsfrihet» ei av dei nyaste. Akkurat no er forfattaren hyperaktuell som leiar av utvalet som såg på ytringsfridom i akademia. Men temaet er breitt. Ho minnar om dette i innleiinga:
«Som idé og rettighet har ytringsfriheten forbindelser til personvern, tankefrihet, forsamlings- og forenings- frihet, akademisk frihet, religionsfrihet, informasjonsfrihet og pressefrihet». Dermed noko for alle landets «debattbibliotekarar».
Saka har altså fleire sider, og Kierulf kjem inn på svært mange av dei, og sett frå ulike ståstader. Ein kunne ønskt seg ei meir detaljert innhaldsforteikning enn bokas oversikt over dei sju hovudkapitla, men eit bra register kompenserer for dette. «Bibliotek» finn vi ikkje i registeret, men ho har likevel god peiling på det nye «debattbiblioteket». Her tar ho klar stilling for ytringsfridomen og dermed mot grupper som måtte kjenne seg krenka og mot bibliotektilsette og organisasjonane deira som ved nokre høve ønskjer å setje grenser (s. 77):
«Alle er enige i at offentlige biblioteker skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Det er likevel lett å forstå at mange føler seg mer utrygge og uønskede når islam- eller innvandringsfiendtlige grupper får leie bibliotekene til debattmøter enn når Amnesty gjør det. Kan man da nekte de førstnevnte, og bare leie ut til de siste? At ytringer skaper utrygghet, medfører ikke at de kan …