Archive for april 13th, 2022

april 13, 2022

New York Public Library saboterer boksensuren!

Vi har skrive mykje om den aukande «folkerørsla» for å fjerne «upassande» bøker frå bibliotek i USA. Men no har folkebiblioteket i New York i samarbeid med tre store forlag sikra gratis digital tilgang til førebels fire av titlane som er forbodne eller utfordra lokalt eller i enkeltstatar. Og her gjeld ikkje «eksemplarmodellen» som er vanleg for e-bøker. Alle får tilgang kor som helst, utan ventelister og faktisk utan lånekort!

april 13, 2022

Breaking News: Sosialist blei president i ALA!

Vi skreiv om det her om dagen, at den erklærte, profilerte sosialisten Emily Drabinski var den éine av dei to kandidatane til toppvervet i verdas største (?) bibliotekforeining. No er det klart at ho vann! Det er enno ikkje på topp på ALA sin nettstad, men du finn ei sak under News. Og Twitterkontoen hennar er sprekkfull av gratulasjonar.

I ALA-oppslaget seier ho dette:

«Thank you to everyone who participated in this election. I am humbled and excited to serve as your President-elect. Thank you to Kelvin Watson for standing for election with me. I have the deepest respect and gratitude for Kelvin and his commitment to libraries.

As we face an uncertain and challenging future, I know this: we have each other, and we are enough. I am ready to get to work with all of you to strengthen our association and our field to support library workers and the communities we serve. Thank you for your confidence and support of my vision for ALA and your role in that vision. We have a lot of work ahead to build collective power for the public good. I can’t wait to get started with all of you.»

Ho tiltrer i 2023 og har vervet eitt år, men dette vil gi meirsmak!

april 13, 2022

Bibliotekforsvar med utestemme!

Ingen påskefred å få i Nottingham: Ifølgje NottinghamshireLive har kampanjen Save Nottingham Libraries spandert 450 GBP på å få fram bodskapen sin på dette elektroniske reklameskiltet i byen. Dei har også sendt ei heil lita protestbok av rundt hundre forfattarar til kvar j…. bystyremedlem.

april 13, 2022

«Siste kapittel»

Bloggaren prioriterer fiksjon framfor faglitteratur på raude dagar som desse. Då blir det også tv-titting, og i desse tider såkalla påskekrim. Den ovanfor namngitte serien på NRK er blitt ein snakkis trass i at skjermane våre no flyt over med mord og elende, både fiktive og dessverre høgst reelle.

Denne serien er innfløkt og spanande heile vegen. «Magpie Murders», som er namnet på utanlandsk, er mysteriet med det manglande, og sjølvsagt avgjerande, siste kapitlet i eit oppdikta krim-manus. Kor er det blitt av og kven var mordaren?

Prioriteringa vår av fiksjon omfattar også lesing og lytting. Og jammen er det ikkje ein tapt tekst også i lydboka som i går var med på tur rundt Tunevannet ved Sarpsborg (20 988 skritt). Det handlar om «Liknelseboken», den aller siste romanen etter Per Olov Enquist. Han er høgst sjølvbiografisk og ein oppfølgjar til «Ett annat liv» frå 2008 (her nemner vi dei svenske utgåvene, då berre desse finst på den eigne lydbokappen, og fordi betre lytteoppleving ikkje finst enn når P.O. les sjølv, i den folkelege, vesterbotniske stilen hans og med innslag av dialekt).

Men til dette med tapte tekstar: I Liknelseboken er blant anna faren i fokus, han som døydde då «Per Ole» var under eitt år gamal. Men brått i 2001, fortel han, sonen, kom ei skriveblokk etter faren til rette. Det viser seg at også faren hadde hang til det litterære, og blokka inneheld …

read more »
Translate »