Archive for mai, 2022

mai 28, 2022

«Bibliotekarer kalles barnepornografer»

Usensurerte. Sellebakk, Årets bibliotek i Noreg 2021

Vi har i det siste, under taggen «sensur», blogga nokre gongar om foreldrekampanjane i USA mot ulike «upassande» bøker i skolebibliotek. Saka har også nådd norske aviser, blant anna Morgenbladet denne veka. Vi har lånt overskrifta frå dei. Éitt problem er mobbinga av bibliotekarar, som faktisk kan ta slike former.

MB har hatt direkte kontakt med blant anna Deborah Caldwell-Stone, sjefen for intellektuell fridom i den amerikanske bibliotekforeininga ALA. Ho trur det vil auke; temaet kan bli viktig i mellomvalet i USA seinare i år: «Mange republikanske politikere deltar i debattene om bokforbud. Dette selv om spørreundersøkelser viser at 71 prosent av velgerne er mot at bøker forbys fra offentlige biblioteker, og 67 prosent er mot forsøk på å fjerne bøker fra skolebiblioteker. – Dette gjelder for republikanerne også, som ofte stoler på at skolebibliotekaren tar gode valg. Men de mest høylytte stemmene …

read more »
mai 26, 2022

Lite nytt, men snart stort nytt

Dei siste par vekene har verken den finske eller norske redaktøren skrive noko særleg, men vore mest opptatte med førebuingane til den internasjonale idéverkstaden vår i Stockholm og på Zoom førstkomande tysdag, 31. mai: «THE LIBRARY – A BRIGHT SPOT? / BIBLIOTEKET – EN LJUSPUNKT?». Med BiS (Bibliotek i Samhälle) og Världsbiblioteket som samarbeidspartnerar. Marknadsføringa er godt i gang og har gitt resultat, jamfør illustrasjonen som viser talet på nedlastingar dei to siste vekene. Samtidig har talet på følgjarar auka til 975. Det er plass til fleire; sjå innmelding nede til høgre.

mai 19, 2022

Framleis viktig med «debattbiblioteket»

Annonsering av eit debattmøte i biblioteket på Årnes i 2015

Ei sak i fagbladet Journalisten i går: Etterspør ytringsmot i lokalsamfunnet: 
– Stadig vanskeligere å få folk til å si sin mening
. Som byggjer på ei sak av Fædrelandsvennens Mari Horve Reite i eiga avis: «Hvordan skal vi egentlig få til endring hvis ingen sier fra». «Hun opplever at kilder vegrer seg for å stille til intervju om kritikkverdige forhold. – Det er noe jeg har kjent på over tid, at jeg syns det blir stadig vanskeligere å få folk til å si sin mening».

Og i januar hadde Journalisten denne saka: – Som lokaljournalist på små steder er det lett å la de mer ubehagelige sakene gå.

Til skilnad frå avisene er ikkje biblioteka avhengige av klikk og annonsesal. Så blant dei p.t. 19 bibliotekarane vi har kalla «barske» her på bloggen, er det fleire prov på at biblioteka kan gjere ein skilnad.

mai 18, 2022

Klassisk sci-fi i bibliotekas digitale filmklubb

Filmklubben «Zoom inn zoom ut» avsluttar første halvår med «Solaris» (1972) av Andrej Tarkovskij, basert på romanen med same namn av polakken Stanisław Lem. Møtet startar på Zoom onsdag 1. juni kl. 20.00.

Vi fann blant anna dette på Wikipedia: «Like før filminnspillinga av Solaris startet, såg Tarkovskij Kubricks film [2001: En romodyssé]. Han syntes filmen var kald og steril, og dermed skapte han en mere menneskelig science fiction-film».

Tarkovskij (1932 – 86) opplevde såvidt ikkje glasnost og var ingen favoritt hos sovjetregimet. Han fekk berre arbeide der på nåde, og gjorde nokre av dei siste filmane sine i utlandet.

På ein katolsk misjonsnettstad skreiv dei nyleg at «His films reflect reasons that led to Putin’s invasion of Ukraine».

Instruksjonen frå filmklubbstyret er: «Se filmen på forhånd [gratis på Filmoteket], logg deg på Zoom (se lenke), og bli med på klubben, hvor to bibliotekarer er vertskap og du prater akkurat så mye du er komfortabel med. Vi er uansett glade for å ha deg med på laget!»

Filmklubben er eit samarbeid mellom biblioteka i Ålesund, Kongsberg og Verdal bibliotek, Moss Filmklubb og Norgesfilm. Og sponsa av Nasjonalbiblioteket. 

mai 17, 2022

Stockholm 31 May: Emily Drabinski on Nordic Online Workshop

This will be her first European «appearance» since she won the 2023-2024 ALA presidency one month ago. It has already attracted a lot of attention that a declared socialist, and lesbian, has been elected leader of one of the world’s largest library associations.

The theme for the workshop is library and sustainability, under the title «THE LIBRARY – A BRIGHT SPOT?». It takes place partly globally on Zoom and partly physically in Stockholm. Organizers are Swedish Bis (Library in Society), the Swedish World Library (Världsbiblioteket) and the present Finnish/Norwegian blog, Biblioteket tar saka.com (The Library Takes up the Case).

The workshop is part of People’s Forum, the critical “shadow conference” for Stockholm+50, where the UN commemorates the half century since the first global environmental conference in 1972 and celebrates “50 years of global environmental action”.

On the Zoom section the other two speakers are South African international internet activist ANRIETTE ESTERHUYSEN and library professor KATHLEEN DE LA PEÑA MCCOOK from Florida. LARS ILSHAMMAR, assistant Swedish national librarian, will take part in the subsequent physical meeting (in Nordic languages). See the whole program.

PS: Please share this widely:

Tags:
mai 14, 2022

31. mai: Svensk/finsk/norsk workshop med den nye, sosialistiske ALA-presidenten

Dette blir EMILY DRABINSKI sitt første møte med bibliotekarar og miljøaktivistar i Europa. Ho tiltrer først neste år, men det har alt vekt mykje oppsikt at ein erklært sosialist, og lesbisk, er vald til leiar av ein av verdas største bibliotekforeiningar.

Temaet for møtet er bibliotek og berekraft, under tittelen «BIBLIOTEKET – EN LJUSPUNKT?», og det skjer delvis globalt på Zoom og delvis fysisk i Stockholm. Arrangørar er Bis (Bibliotek i samhälle), Världsbiblioteket og herverande blogg, Biblioteket tar saka.com.

Men møtet inngår samtidig i Peoples Forum, den kritiske «skuggekonferansen» til Stockholm+50, der FN markerer …

read more »
mai 11, 2022

Frå overgrep til overvåking

Ein junidag i 2017 rusla bloggaren i Downtown Chicago og kom til å sjekke nettverka rundt seg 🙂

Dette er relativt gamalt nytt, men EU-forslaget Proposal for a Regulation laying down rules to prevent and combat child sexual abuse kjem no nærmare. NRK Beta har ei sak på dette denne veka, der dei blant anna intervjuar Tjerand Silde ved NTNU. Han seier: «Dette forslaget legger opp til en overvåknings- maskin som vi aldri har sett maken til i demokratiske land, og er det nærmeste vi kommer autoritær kontroll over digitalt innhold på samme måte som de gjør i Kina».


Silde og blant anna teknologen Alec Muffett meiner dette «i praksis vil innebære å lokalt skanne informasjon som skal sendes mellom to personer». Til dømes også mellom lånar og bibliotekar.

mai 11, 2022

Snart 17.-mai: Gunnerusbiblioteket har viktig «nytt» om nasjonalsangen!

Bjørnson på plass i Moss bibliotek

Dette kjem fram i ein artikkel frå oktober i fjor; «Nytt lys på nasjonalsangens historie» av Anne Jorunn Kydland (i tidsskriftet Studia Musicologica Norvegica, fritt tilgjengeleg på Idunn.no). Dette er ei utdjuping av den alt svært innfløkte historia om korleis «Ja, vil elsker» blei til.

Bjørnstjerne Bjørnson sin første versjon er frå 1859, men seinare, fram til 1870, endra han delar av teksten fleire gongar. Han skreiv nye vers og tilpassa teksten til politiske hendingar i samtida; frå éin nasjonal krigs- eller konfliktsituasjon til ein annan, så etter kvart til stabilitet og fred, men til slutt påverka av ny unionstrid. Også ulike tonsettarar påverka det endelege resultatet.

Kydland var ein av forfattarane av boka «Historien om ´Ja, vi elsker´» (Oslo: Pax, 2002). Men det nye ho har å melde stammar frå eit tynt, lite hefte med manus, brev og avisklipp som forfattarane ikkje kjende til for tjue år sidan. Men det har heile tida lege i Gunnerusbiblioteket i Trondheim. Der finn vi det no digitalisert: [To Fædrelandssange] / af Bjørnstjerne Bjørson.

Dokumentet kan lastast ned og til dømes inngå i ei lita utstilling i biblioteket? Lisensen er ein av dei rause: CC BY-SA 4.0.

Til slutt: Kydland skriv også: «Sett i verdensperspektiv må det være enestående at en nasjonalsang nevner ordet skam og streifer tanken om manglende solidaritet».

PS 17.5.: Kydland sine funn var framande for Bjørnsonbiografen Edvard Hoem. Etter snøgglesing av første bandet (av fire), Villskapens år : Bjørnstjerne Bjørnson : 1832-1875 (utgitt 2009), finn vi (på side 211) faksimile av éi side av heftet i Gunnerusbiblioteket, men ikkje mange detaljar om korleis sangen «voks fram» gjennom over ti år.

mai 10, 2022

IFLA-krisa – ei norsk ikkje-sak

Stockholms stadsbibliotek

I dag går sjefen for Stockholms stadsbibliotek ut i Biblioteksbladet, organet til Svensk biblioteksförening, med trugsmål om å melde biblioteket ut av IFLA, den internasjonale bibliotekforeininga. Dette er ei sak Biblioteksbladet har tatt alvorleg i over to månader, men der dei berre har møtt motstand frå IFLA sentralt.

I norske bibliotek-kanalar kan vi ikkje finne spor etter dette, sjølv om foreiningane, institusjonsmedlemmane og norske tillitsvalde i IFLA truleg har vore orienterte.

Frå IFLA sjølv, den nye provisoriske leiinga, har det berre kome éi fråsegn, uvanleg forskjønnande og inkjeseiande til å kome frå nokon som er for fri informasjonsflyt, under denne like inkjeseiande overskrifta: IFLA Newsletter April 2022: Editorial.

Oppslaget i dag med Stockholms biblioteksjef startar slik, og heile historikken, frå Biblioteksbladets ståstad, følgjer i artikkelen, og med lenker til tidlegare oppslag:

read more »
mai 4, 2022

Oppsnappa

Bibliotekargata

I Harlem i New York er gateskiltet Pura Belpré Way no avduka på hjørnet av 109 St. og Lexington Avenue. Men ingen får dette som heimeadresse, då skiltet «berre» er ei markering av at her gjekk den første Puerto Rican librarian of color til og frå jobben i mange år. Det er no hundre år sidan ho blei tilsett. Det er også oppretta ein pris i namnet hennar.

Freda reoloppstilling

Det er ikkje ofte eit ikkje-bibliotekfagleg tidsskrift har ei større skrytesak om bibliotek på høgde med oppslaget om Haugesund bibliotek i Fagbladet denne veka. Brått blir dette eitt av landets mest kjende, då bladet har eit opplag på 390 000. Utgivaren, Fagforbundet, organiserer mange bibliotektilsette, men særleg 1960-talsromantikarar og folk med tilknyting til byutvikling og arkitektur vil no merke seg dette biblioteket. Av artikkelen og biletstoffet kan ein få inntrykk av at fredinga er total på 1967-nivå, då blant anna også oppstillinga av reolane er absolutt, men bileta deira på Fjesboka (klikk “Se alle”) viser høgst moderne løysingar på andre område. Sjå også den eigne inventarlista! (Bloggaren har ikkje vore der på førti år, men må av geriatriskstatistiske grunnar ikkje vente i nye førti).

Biblioteklærebok nr. 1

Vi tenkjer på «Advis pour dresser une bibliothèque» (1627) av franske Gabriel Naudé (1600-1653). Dette var slett ikkje den første how-to-boka om å mekke bibliotek, men ifølgje Joacim Hansson i førordet til ei svensk digital utgåve frå 2006, «bryter han mot flera av tidens normer dels genom att presentera bibliotekariens yrkesroll som självständigt strategisk i beståndsutvecklingen, dels genom att lyfta fram böckernas funktion och innehåll på bekostnad av yttre attribut som storlek och bokband». Dette er vår mann! Og vidare: «Hyllorna ska inte vara högre än att man kan nå de översta raderna utan att riskera att ramla ner och slå ihjäl sig, något som under 1500- talet inte hade varit en helt ovanlig dödsorsak bland bibliotekarier».

Her i landet finst det visst berre ei utgåve på engelsk frå 1876, på UB Bergen. I Oria.no er det fire oppføringar av originalen, men ingen av dei med lokalisering til noko bibliotek. Ei dansk omsetting frå 1970 ser også ut til å ha gått tapt? Men på svensk kom altså boka elektronisk i 2006. Med fri tilgang. Og Naudé jobba faktisk i Stockholm ein periode, på det dronninglege slottsbiblioteket, jamfør Hansson. Men det blei berre eit drygt halvår: «Den 20 maj 1653 påbörjade han resan tillbaka till Paris. Han skulle dock aldrig komma fram. Det svenska klimatet hade försvagat honom och han dog i Abbeville, där han också fick en enkel begravning».

Originalen er p.t. til sals i eit US-amerikansk antikvariat for $35 000, og dét har ho vore i alle fall sidan 21. januar i fjor. Til same prisen. Så ho er kanskje prutbar, om du fekk igjen på skatten?

mai 3, 2022

Facebook utan filter

Nettstaden Gizmodo.com er no i gang med å rulle ut, bit for bit, interne, avslørande dokument frå Facebook. I dag er det dei sterkt omdiskuterte algoritmane som kjem «under kniven». Algoritmane som rangerer kva du skal sjå av nyheiter på kanalen. Vi omset konklusjonen: «Det desse dokumenta viser oss, er at trass i Facebook sine utflukter om kva dei meiner er “meiningsfullt” for brukarane, eller “verdt tida” internt, ser tilsette i FB på rangeringa som altfor kompleks og uforståeleg til at dei nokon gong kan få gjort jobben gjort forsvarleg. Dei veit også at dette er eit system som er ein føresetnad for Facebook si framtid».

mai 2, 2022

Smått og smått frå lydbokverda

Danske preferansar rundt leggetid. Frå Dokk1 i Århus. Klikk for å kunne lese

I mangel av store nyheiter om norske folkebibliotek og lydbøker, får vi slå i hel tida med nokre små. Til dømes at:

  • Ifølgje referatet frå det siste møtet i Nasjonalbiblioteket sitt strategiske råd oppsummerte NB, etter ein diskusjon om digital tilgang, at blant anna dette punktet blir «spesielt viktig»: «… en boklov som sikrer at bibliotek kan kjøpe og låne ut e- og lydbøker, fornyet dialog om utlånsmodeller … ». Når NB sjølv melder dette, med Sira Myhre i boklov-leiinga, nærmar vi oss då endeleg svaret på det store boklovmysteriet?!
  • På Storytel-toppen er det ifølgje BOK365 adrenalin-kick som gjeld. Saman med mykje Harry Potter og annan fantasy og spenning.
  • Mens hos konkurrenten Nextory går det mest i «psykisk helse, “prepping” til krisesituasjoner, og søvnhistorier». Altså lydbok på øyret når du skal sove, med lite adrenalin-kick, vil vi tru. Vi får også vite at «De norske lytterne synes … å være de som sovner sist. Onsdager kl. 23.00 er våre mest populære lyttetidspunkt i uka. Også finnene (tirsdager kl. 22.00) og svenskene (mandager kl. 22.00) har lyttetoppen på kveldstid. Danskene derimot, «peaker» på onsdager kl. 15.00, hvilket indikerer at de har andre preferanser rundt leggetid». «Men det er en helt annen historie», oppsummerer journalisten ganske presist.
mai 2, 2022

Lista lever! – No om biblioteksjefen som Krenkande KunstKurator

Frå 1.maitoget i Moss i går. Gjennom «vind-hølet» i parola «Ingen USA-baser i Norge!» USA får no base på Rygge flystasjon, her i kommunen

På postlista Biblioteknorge går det no ein viktig debatt (p.t. 25 innlegg) om ei utstilling med karikaturteikningar av May-Linn Clement (avisteiknar i Dag og Tid), der ho framstiller Putin i ulike samanhengar (ho er også finalist til Årets avistegning, som kårast 4. mai). Men biblioteket som no har denne utstillinga (det er vel som vanleg fleire på venteliste?) har fått ein krass e-post frå ein person som oppfattar utstillinga som sterkt krenkande. Og som trugar med å klage til kommuneleiinga, trass i at biblioteksjefen har ansvaret aleine. Debatten på lista går i ulike interessante retningar og bør inngå i ein overordna debatt i ikkje for fjern framtid om biblioteket som debattarrangør, no også utstillingskurator.

PS om lista Biblioteknorge 1 og 2: Nasjonalbiblioteket, kjend for å ta vare på alt mulig som kan digitaliserast, presterte for to år sidan å ikkje berre leggje ned, men også gjere arkivet utilgjengeleg til den, iblant, NB-kritiske e-postlista Biblioteknorge. Denne hadde fungert i rundt tjue år med tre tusen deltakarar (NB skulda på gamal teknologi. Dei erstatta lista med eit forum, som ikkje har hatt imponerande høg bruk, men der dei no i alle fall har «tanker for videreutvikling»).

Men mange vil vite at ei ny liste med same namn blei oppretta av nokre individ «på bibliotekgølvet». Og her er det altså aktivitet. Lista er, som den førre, ope for både fagfolket og alle bibliotekinteresserte, medrekna journalistar og politikarar (som det finst mange prov på at er med). Påmelding her. For spørsmål: thomas @ kunnskapsallmenning.no.

Translate »