Archive for mai 2nd, 2022

mai 2, 2022

Smått og smått frå lydbokverda

Danske preferansar rundt leggetid. Frå Dokk1 i Århus. Klikk for å kunne lese

I mangel av store nyheiter om norske folkebibliotek og lydbøker, får vi slå i hel tida med nokre små. Til dømes at:

  • Ifølgje referatet frå det siste møtet i Nasjonalbiblioteket sitt strategiske råd oppsummerte NB, etter ein diskusjon om digital tilgang, at blant anna dette punktet blir «spesielt viktig»: «… en boklov som sikrer at bibliotek kan kjøpe og låne ut e- og lydbøker, fornyet dialog om utlånsmodeller … ». Når NB sjølv melder dette, med Sira Myhre i boklov-leiinga, nærmar vi oss då endeleg svaret på det store boklovmysteriet?!
  • På Storytel-toppen er det ifølgje BOK365 adrenalin-kick som gjeld. Saman med mykje Harry Potter og annan fantasy og spenning.
  • Mens hos konkurrenten Nextory går det mest i «psykisk helse, “prepping” til krisesituasjoner, og søvnhistorier». Altså lydbok på øyret når du skal sove, med lite adrenalin-kick, vil vi tru. Vi får også vite at «De norske lytterne synes … å være de som sovner sist. Onsdager kl. 23.00 er våre mest populære lyttetidspunkt i uka. Også finnene (tirsdager kl. 22.00) og svenskene (mandager kl. 22.00) har lyttetoppen på kveldstid. Danskene derimot, «peaker» på onsdager kl. 15.00, hvilket indikerer at de har andre preferanser rundt leggetid». «Men det er en helt annen historie», oppsummerer journalisten ganske presist.
mai 2, 2022

Lista lever! – No om biblioteksjefen som Krenkande KunstKurator

Frå 1.maitoget i Moss i går. Gjennom «vind-hølet» i parola «Ingen USA-baser i Norge!» USA får no base på Rygge flystasjon, her i kommunen

På postlista Biblioteknorge går det no ein viktig debatt (p.t. 25 innlegg) om ei utstilling med karikaturteikningar av May-Linn Clement (avisteiknar i Dag og Tid), der ho framstiller Putin i ulike samanhengar (ho er også finalist til Årets avistegning, som kårast 4. mai). Men biblioteket som no har denne utstillinga (det er vel som vanleg fleire på venteliste?) har fått ein krass e-post frå ein person som oppfattar utstillinga som sterkt krenkande. Og som trugar med å klage til kommuneleiinga, trass i at biblioteksjefen har ansvaret aleine. Debatten på lista går i ulike interessante retningar og bør inngå i ein overordna debatt i ikkje for fjern framtid om biblioteket som debattarrangør, no også utstillingskurator.

PS om lista Biblioteknorge 1 og 2: Nasjonalbiblioteket, kjend for å ta vare på alt mulig som kan digitaliserast, presterte for to år sidan å ikkje berre leggje ned, men også gjere arkivet utilgjengeleg til den, iblant, NB-kritiske e-postlista Biblioteknorge. Denne hadde fungert i rundt tjue år med tre tusen deltakarar (NB skulda på gamal teknologi. Dei erstatta lista med eit forum, som ikkje har hatt imponerande høg bruk, men der dei no i alle fall har «tanker for videreutvikling»).

Men mange vil vite at ei ny liste med same namn blei oppretta av nokre individ «på bibliotekgølvet». Og her er det altså aktivitet. Lista er, som den førre, ope for både fagfolket og alle bibliotekinteresserte, medrekna journalistar og politikarar (som det finst mange prov på at er med). Påmelding her. For spørsmål: thomas @ kunnskapsallmenning.no.

Translate »