Filmklubben «Zoom inn zoom ut» avsluttar første halvår med «Solaris» (1972) av Andrej Tarkovskij, basert på romanen med same namn av polakken Stanisław Lem. Møtet startar på Zoom onsdag 1. juni kl. 20.00.
Vi fann blant anna dette på Wikipedia: «Like før filminnspillinga av Solaris startet, såg Tarkovskij Kubricks film [2001: En romodyssé]. Han syntes filmen var kald og steril, og dermed skapte han en mere menneskelig science fiction-film».
Tarkovskij (1932 – 86) opplevde såvidt ikkje glasnost og var ingen favoritt hos sovjetregimet. Han fekk berre arbeide der på nåde, og gjorde nokre av dei siste filmane sine i utlandet.
På ein katolsk misjonsnettstad skreiv dei nyleg at «His films reflect reasons that led to Putin’s invasion of Ukraine».
Instruksjonen frå filmklubbstyret er: «Se filmen på forhånd [gratis på Filmoteket], logg deg på Zoom (se lenke), og bli med på klubben, hvor to bibliotekarer er vertskap og du prater akkurat så mye du er komfortabel med. Vi er uansett glade for å ha deg med på laget!»
Filmklubben er eit samarbeid mellom biblioteka i Ålesund, Kongsberg og Verdal bibliotek, Moss Filmklubb og Norgesfilm. Og sponsa av Nasjonalbiblioteket.