Archive for juni 9th, 2022

juni 9, 2022

Oppsnappa

I Sellebakk i Fredrikstad auka valdeltakinga blant unge. Her frå biblioteket som blei Årets bibliotek i 2021

Demokratiguiding

Dette er ein type tiltak vi kan lese om blant anna i Kommunal Rapport i dag: «Ved de to siste valgene har de [Fredrikstad kommune] engasjert i overkant av ti ungdommer som demokratiguider i kommunen. Med oransje vester og kommunens logo har demokratiguidene snakket med innbyggere, informert om valget og inspirert dem til valgdeltakelse».

Fredrikstad og Tankesmien Agenda skal vere inspirerte av liknande tiltak i Sverige. Der er lokale bibliotek og bibliotekforeininga involverte. Om guidinga slår om seg her i landet innan valet neste år, bør biblioteksektoren melde seg på her også.

«Jeg har ikke mødt nogen, der har sagt: «Hvorfor skal vi det her med verdensmål?»»

Dette er orda til ein avdelingsleiar ved biblioteket i danske Esbjerg, ifølgje Kulturinformation.dk. Ja, frå IFLA via nasjonale bibliotekforeiningar og ned til lokale bibliotek sluttar fagmiljøa unisont – og ukritisk -opp om FN sine 17 berekraftmål. Esbjergingen med fleire har ikkje lese dette vi blogga om i fjor: The Library and Sustainability: Passive Consensus and no Debate? Og som i tillegg kvalifiserte til publisering hos Nordisk Netværk for Voksnes Læring.

Korleis kunne det skje?!

Åsne Høgetveit, førstebibliotekar ved UiT, er fast spaltist i Khrono og skreiv 6. juni om Digital amputasjon av lærarstudentar! Overgangen frå trykte til digitale læremiddel har sjølvsagt store fordelar, men ikkje for lærarstudentane: «Stort sett er lisensane til dei nye digitale læreverka veldig avgrensande og strenge, med personleg tilgang. Det gjer det ganske vrient når studentane kjem ut i praksis. Dei kan ikkje på lovleg vis låne pålogginga til andre, slik dei kunne låne ei trykt lærebok, og det er omfattande og dyrt å skulle opprette påloggingar til alle studentane. I tillegg er det ikkje berre ute i praksis at lærarstudentar treng å kunne bruke læremiddel, det treng dei i samband med dei andre delane av studiane òg, som til dømes oppgåveskriving. … Eg har dei siste månadane snakka med fleire om dette, og det ser ikkje ut til at nokon kan gjera greie for korleis dette kunne skje. Og ingen ser ut til å vita heilt kven det er som eig problemet og som har ansvar for å rydde opp».

juni 9, 2022

Nasjonalbibliografisk fiks?

Plutseleg kjem det frå NB på Bibliotekutvikling.no at Norart er ute av soga, ein viktig del av nasjonalbibliografien, med 660 000 tidskriftanalyttar. Det vil seie, dei skal integrerast i Oria.no, men registreringa og oppdateringa opphøyrer. Og bakgrunnen?: «Nasjonalbiblioteket vil fremover satse på økt tilgang til digital fulltekst og se på nye muligheter for å øke presisjon og treffsikkerhet for å sortere i den stadig økende tekstmengden».

Dette har nokre høgt kvalifiserte fagpersonar forsøkt å engasjere seg kritisk imot, både på Facebook og på postlista Biblioteknorge. Vi vil foreslå å konsentrere debatten om lista. Bli medlem og sjå etter starten på tråden 3. juni, posta av Unni Knutsen.

>> PS 1: I den same tråden på lista Biblioteknorge siterer underteikna 11. juni eit svar som har kome frå NB, men der eg kjem med nye spørsmål og innspel.

>> PS 2: per 15. juni har visst debatten flytta seg til Bibliotekutvikling > Forum > Bibliotek-Norge. Denne lenka dit fungerer vel berre om du er registrert som medlem.

Translate »