Archive for juni 13th, 2022

juni 13, 2022

The Library Cop er ikkje meir

The Library Cop. Klikk og kikk

Vi har aldri før lenka til The Hollywood Reporter, men éin gong må vere den første. Greia er at Philip Baker Hall er død, 90 år gamal. Dette var skodespelaren med fleire store roller, men som ifølgje «alle» kanalar i dag vil mest bli hugsa som bibliotekdetektiv Bookman i ein episode i serien Seinfeld i 1991.

Denne bloggposten er sortert som Bibliotekhumor.

juni 13, 2022

«… hva annet kan man forvente av profittbula Deichman»

Det luksuriøse «Kringsjå» i 5. etasje er ofte avstengt sjølv om det ikkje er arrangement der.

Orda er henta frå ei twittermelding i dag som kommenterer den jublande pressemeldinga om at «Torsdag er Deichman Bjørvika stengt fordi regjeringen ønsket å feire tronarvingen, prinsesse Ingrid Alexandras myndighetsdag, i Oslos nye hovedbibliotek». 

>> Nytt 16.6.: Kontant reaksjon frå fagforeiningane i Dagbladet: «Rett og slett flaut. Deichman må bukke, nikke og neie for Oslo kommunes inntjeningskrav». Sjå også dansk TV2.

Det er sjølvsagt hyggjeleg for Oslo å ha eit nytt bibliotek som er så kult og innbydande at landets aller ypparste 18-åring ønskjer å ha party der. Men sjølv om biblioteksjefen forsikrar at «dette er et sjeldent unntak», har i dag dusinvis av pengesterke foretak, organisasjonar og ikkje minst alle norske eventbyrå ført opp Deichman Bjørvika på lista over potensielle locations for store og små occasions. Éin ting er at romma er delikate og praktiske, men i tillegg vil arrangørane skaffe seg uvurderleg kulturell kapital! Presset, og innteninga, vil bli stor!

At heile kåken var til utleige, visste vi ikkje før no. Tidlegare trudde vi det «berre» var «Kringsjå», med eit anna ord den store «utkraginga» på toppen. Sjå fotoet. Og enkeltrom. Og alle kontora som er utleigde på fast basis. Og kafeane osv.

Translate »