Ikkje bokstaveleg, men i kroner og øre. Dagbladet hadde i går ei «oppsummering» av prinsesseballballaden på Deichman Bjørvika i Oslo. Det går fram at biblioteket fekk 961 000 kroner for utleiga, praktisk talt den månadsinntekta dei må ha for at bystyret skal vere nøgd med innteninga, nemleg 12 millionar per år.
No seier kulturbyråd Omar Gamal (SV) at «Denne bursdagsfeiringen var helt spesiell og et engangstilfelle som ikke kommer til å gjenta seg», og frå å ha nærmast skrytt av ordninga tidlegare, seier han no at «Hvis det blir større økonomisk handlingsrom i framtida, er jeg ikke gift med utleiekravet». Men om eit år er det kommuneval også …
Deichmans kommunikasjonsdirektør held likevel bibliotekdøra på gløtt: «Arrangører bør ikke anta at Deichman heretter leier ut og stenger biblioteket selv om lommeboka er feit. Det må helt spesielle grunner til, som i dette tilfellet».
Dagbladet skreiv på leiarplass om tonedøve festarrangørar og publiserte den skarpe fråsegna til dei tillitsvalde, mens VGs Astrid Meland kallar det «surmaget kritikk». I kulturavisene Morgenbladet og Klassekampen har det vore tyst. Dei er då heller ikkje klikkavhengige …