Archive for juni 19th, 2022

juni 19, 2022

Oppsnappa veke 24

Laptopklubben i Åsane. Frå eit lesarinnlegg i Bergens Tidende: «Ved en ren tilfeldighet ble jeg oppmerksom på at hjelp og støtte i «den digitale verden» er et tema biblioteket har meget god kompetanse på. Der hjelper man svært mange som er «langt bakpå» til å bli mindre engstelig for å prøve og feile». Ein tanke: Han skriv «Ved en ren tilfeldighet … ». Vi ser info om seniorsurf på heimesider og sosiale medium, men kanskje dei aktuelle gruppene må bli informerte på «gamlemåten», gjennom papiraviser og plakatar på stader der dei vanlegvis går? (men kan godt hende dei gjer dét i Åsane).

Internetts økosystem. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) lanserer no høyring av ein rapport om nemnde system. «Rapporten belyser de økende bekymringene knyttet til rollen til plattformer som Google og Facebook innen internettøkonomien». Innhaldet: «Hvem skal betale for internett? / Hva er problemet? / Debatten er ikke ny / Bli hørt i debatten / Rapporter og dokumenter / Hva er nettverkseffekt?» Her på bloggen grupperer vi relaterte artiklar under bl.a. «Internett» og «Sosiale medier».

Først i kuttekøen. Ifølgje The Guardian vil særleg bibliotek, skolebygg og svømmehallar måtte tole store kutt når kommunane i nærmaste framtid må takle auka straumprisar, løner og p.t. 9 prosent inflasjon. Og dette kjem i tillegg til den allmenne nedbygginga av folkebibliotek i Storbritannia.