Alvorleg åtak på digital bibliotekverksemd

Dagens 70-årsjubilant, Per Petterson, har 41 bøker i Open Library. Pluss nokre radioinnslag. Klikk og kikk

I magasinet The Nation er det i dag ei større sak som opnar slik:

«I eit oppsiktsvekkjande innspel innlevert 7. juli i det pågåande søksmålet deira, skuldar fire gigantar innan forlagsverda (Hachette, Penguin Random House, HarperCollins og Wiley) Internet Archive for å stele, å utføre «storskala brot på opphavsretten» og å «[spreie] fulltekst digitale piratkopiar gratis.» Dette er ganske ville påstandar – spesielt med tanke på at Internet Archive’s Open Library opererer på dei tradisjonelle vilkåra som biblioteka i dette landet har følgt i fleire hundreår. Open Library låner ut bøker, som det eig, til éin låner om gangen, for ein fast periode – akkurat som alle andre bibliotek. Som alle andre offentlege bibliotek tar ikkje Open Library pengar for denne tenesta. Hovedskilnaden er at Open Library låner ut e-bøker på nett. Kvar e-bok blir skanna frå ein papirkopi, og papirkopien er lagra og sirkulerer ikkje; denne praksisen kallast Controlled Digital Lending, eller CDL».

Dette er ei sak også hos EFF (The Electronic Frontier Foundation) og sjølvsagt hos Internet Archive sjølve. Som også ber om økonomisk støtte for sitt eige forsvar. Denne bloggaren sende i alle fall 25 dalar.

One Trackback to “Alvorleg åtak på digital bibliotekverksemd”

Leave a Reply