Archive for august, 2022

august 30, 2022

Lydboka er langtfrå lytefri

Tilbakespoling anno 1970- og 80-talet 🙂 Det fanst meir avanserte metodar

Vi siterte 14. august Jan Kjærstad på at populariteten til lydbøkene kan føre til at forfattarar legg seg til nye, tilpassa skrivevanar: Få personar og tidsplan og korte kapittel. Dei følgjer opp Kjærstad i Klassekampen i dag ved å intervjue Kari J. Spjeldnæs, stipendiat ved Høyskolen Kristiania, som forskar på kva som skjer med litteratur og lesing i lys av digitaliseringa:

«– For det første har vi funnet ut at de som lytter til lydbøker, opplever at de leser mer. Konsumet utvides ettersom det å lytte til lydbøker alltid kan kombineres med noe annet, … – For det andre rapporter leserne at de ofte faller ut av en lydbok, da det er vanskelig å holde konsentrasjonen oppe. Mange mister rett og slett tråden og begynner å tenke på nye ting. … Det kan for eksempel være at de ikke har fått med seg et navn eller en handlingstråd, da blir de også usikre på sammenhengen. Selv om lytterne er kjent med at man kan spole tilbake, gjør de sjelden det».

Personleg PS: For tida blir det her i garden lytta til omsettingar blant anna frå fransk, frå Maigret til Modiano. Sistnemnde er ikkje av dei heilt lette å hengje med på, og noko som kunne ha letta lyttelesinga hadde vore ei god, gamaldags personliste! Fleire personnamn og stadnamn går greitt, trass i berre to år med fransk for fleirogfemti år sidan, men så lenge innlesarane uttaler dei på fransk, kunne det hjelpt å sjå skriftbiletet. Til dømes at i «Usynlig blekk» heiter ikkje arbeidsgjevaren til hovudpersonen /ytt/, slik Anders Ribu heilt korrekt uttaler det, men Hutte.

august 26, 2022

Trettebergstuen med modig lydboklovnad

Foto: DNA/Flickr (utsnitt) (CC BY-SA 2.0)

I Aftenposten i dag seier kulturministeren blant anna: « … at det innføres en leveringsplikt til folkebibliotekene. Slik vil lånere over hele landet få tilsvarende godt utvalg i lydbøker som de er vant til på papir».

Representantane for bibliotekmiljøet vågar ikkje vere så sikre på dette. Det må forhandlingar til om prisnivå og andre vilkår.

august 25, 2022

Biletbruk på bibliotekheimesider, del 2

Då vi i mars skreiv om Biletbruk på bibliotekheimesider handla det om korleis ein kan unngå å bli åndsverklovbrytar. No har det opna seg ein «bakveg» dei færraste ante noko om for eitt år sidan. Eirik Solheim på Nrk Beta skreiv i juni om Maskinenes kreative revolusjon, om kunstig intelligens brukt til å skape bilete. Sjå illustrasjonen her, der vi på nettstaden Craiyon.com gav kommandoen: «Library interior in snow».

Så kan vi ha moro og nytte av slikt inntil vidare

august 24, 2022

Apropos forhandlingar om det digitale

Digitalt bibliotekinnhald anno 1977. Les meir i American Libraries nr. 10/2015, side 51.

Etter forslaget i førre veke om ny boklov er det ikkje berre spenning om høyringsrunden og den endelege lova, men også om departementet og lovgjevarane i den varsla forskrifta til lova vil presentere «ei minimumsløysing» (sitat NBF-leiaren) for forhandlingane, altså om pris osv., mellom biblioteka og forlaga (sjølv har vi ikkje tru på at forskrifta kjem til å innehalde slike føringar).

Uavhengig av dette, som vil ta ein del tid, annonserer no Digin at «det nærmer seg forhandlinger». Forhandlingane vil skje på vegner av konsortiet Bibliotek24, som omfattar alle fylkesbiblioteka og Deichman.

Kan det dei kjem fram til, som sjølvsagt må bli betre enn situasjonen i dag, påverke innhaldet i den komande forskrifta?

«Overordnet verdi» for Digin er å «Samle, styrke og effektivisere bibliotekenes digitale innholdstjenester for å sikre likere tilgang og bedre vilkår».

august 22, 2022

OsloMet-direktøren som gjekk: – Hvor mye er et bibliotek verdt?

OsloMet-saka om bibliotekdirektør Lars Egelands avgang i protest, går vidare, i alle fall på Khrono.no. Seks dagar etter Egelands første innlegg er dette den nest mest lesne saka på den viktige nettstaden, jamfør illustrasjonen frå nettsida deira, til høgre (den mest lesne er dessverre ikkje overraskande …).

Biblioteksatsing = studentsatsing hadde leiar av Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund, som overskrift på eit lesarinnlegg for to dagar sidan der han forsvarer Egeland varmt (vi gjorde ei sak på det då, men ho var ikkje med i backupen vi måtte ty til etter eit dataproblem). 18. august hadde rektor Christen Krogh eit svar, og Lars eit skarpt motinnlegg dagen etter: Hvor mye er et bibliotek verdt?

Egeland opnar: «Krogh framstiller det slik at det nærmest var snakk om en utredning om samling av biblioteket gjennom flere år, men at realitetsavgjørelsen først skulle tas i juni. Det er en feilaktig fremstilling som jeg gjerne vil korrigere». Noko han gjer, i detalj. Og konkluderer: «Det brukes så mye administrative ressurser på prosjekter som ikke blir realisert. Men her det ble fattet beslutninger sjøl om det tok tid. Jeg anerkjenner rektors rett til å stoppe prosjektet, men det er tydelig at avgjørelsen i juni var en omkamp der tidligere beslutninger ble gjort om på».

Og: «… hvis økonomien er årsaken til at fellesbiblioteket i P52, ble vraket, hva gjør man nå med behovet for å ruste opp de tre eksisterende bibliotekene? Hva gjør man for å oppbemanne bibliotekene til å holde tritt med utviklingen i resten av OsloMet, og holde seg på nivå med andre bibliotek i UH-sektoren når vi ikke får effektiviseringsgevinsten av et samlet bibliotek? Det er svært mye som tyder på at dette blir dyrere».

august 22, 2022

Byråkratar bruker ikkje bibliotek

På Krono.no i dag: «Overrasket over hvor lite forskningsbasert skole­politikken er». Dei intervjuar Kirsten Sivesind ved Institutt for pedagogikk, UiO, som leiar eit prosjekt der dei «undersøker kunnskapsgrunnlaget for de siste tiårenes skolereformer i de fem nordiske landene. … I Norge har de lagt særlig vekt på stortingsmeldingene og de offentlige utredningene (NOU-ene) som lå til grunn for Kunnskapsløftet i 2006 og Fagfornyelsen i 2020».

Og dei har kome fram til at: «Byråkratene som skriver stortingsmeldinger, henviser helst til de tekstene de har tilgang på via offentlige kanaler. De vil heller referere til en oppdragsrapport enn en vitenskapelig artikkel fra samme prosjekt. Forskere velger gjerne det motsatte … De [byråkratane, vår merknad] kan jo få tilgang via biblioteker og digitale søk, men tiden kan være knapp, og det er på mange måter rimelig at en oppsummerende rapport kan være mer tjenlig for dem enn en referee-vurdert artikkel». 

Nyleg har vi her på bloggen lese og kommentert to typiske byråkratutgreiingar, rett nok ikkje på skolefeltet; høyringsnotatet til ny boklov og ytringsfridomskommisjonen. Vi har ikkje finlese noteapparat og litteraturlister. Trur ikkje vi orkar heller.

august 19, 2022

Det er fredag

Illustrasjonen er frå Twitter i dag >>

Bibliotekhumor er svært ofte sjølvironisk. Av 1 eller 2. grunn.

Ranganathan? Jo, eigentleg er det snakk om hans Five Laws of Library Science:

  1. Books are for use.
  2. Every person his or her book.
  3. Every book its reader.
  4. Save the time of the reader.
  5. A library is a growing organism
august 19, 2022

Men er lydbokbølgjen over?

Bok365 har ei sak om at lydbokappen Fabel har eit underskot på 22 millionar. Og i juli skreiv dei at «Mens vi i 2020 hadde en inntektsvekst i strømmemarkedet på 37 prosent, flatet vekstraten i fjor ned til 20 prosent (Forleggerforeningens Bransjestatistikk). Svenske tall for første kvartal i år tyder på rundt 5 prosent vekst, hvilket skulle indikere noe tilsvarende demping for året som helhet». Og vidare om Storytel: «De siste månedene har lydbokkonsernet vært gjennom et dramatisk børsfall. På noe over ett år har børsverdien dalt fra nær 18 milliarder kroner, ned til dagens nivå på «skarve» 3,5 milliarder».

PS: Bloggaren er ganske uhilda her; einaste aksjar er på papir, nemleg hos Tronsmo bokhandel (3). Go hælj.

august 19, 2022

Morgonen etter boklovutkastet

Marknadsføring frå Gyldendal til folkeboksamlingene i 1927. Klikk for stort foto

Vi hadde ei sak om lovutkastet i går: Boklovforslaget: Leveringsplikt, men kva så? Nedanfor vil vi ei tid framover lenke til reaksjonar på lovutkastet, med vekt på der det også er snakk om biblioteket (ja takk til tips!). Det nyaste kjem først, men først reaksjonar frå bibliotekhald (noko vil nok vere bak betalingsmurar).

Aller først: Ingen har til no (19.8. kl 12.04) minna om kva biblioteksjefane i fleire større byar og fylke i februar sa i eit opprop: «Innkjøpsordningen må sikre oss flere eksemplarer av e-bøker og e-lydbøker». 

Om boklovforslaget frå bibliotekhald:

Bibliotekarforbundet 18.8:  «Vi er glade for at departementet i høringsnotatet tydelig anerkjenner bibliotekets rolle som en av de viktigste formidlerne av mangfoldet og bredden i norsk litteratur, og at de samtidig har notert seg utfordringene bibliotekene har med kjøp av digitale lydbøker. Vi skal nå gå nøye gjennom høringsnotat og lovforslag og se om det faktisk svarer ut bibliotekets behov, sier forbundsleder Veronicha Angell Bergli».

Norsk Bibliotekforening 18.8.: «Lovande utkast til boklov». På bloggen kommenterte vi dette i går slik: «Eg ser no at NBF-leiar Vidar Lund kjem til å krevje at «at ei minimumsløysing må inn i forskrifta». Men då burde vel eit signal om ei slik opning ha kome alt i dette dokumentet? Vilkåra har jo heile tida vore det springande punktet i lydboka-og-biblioteket-debatten. Og etter «50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen» og «[r]undt 20 skriftlige innspill» må problemet opplagt ha vore drøfta (sjå side 6 i notatet)».

Frå andre organisasjonar og media (8 stk oppdaga per 19.8. kl 18.30):

read more »
august 18, 2022

1000!

På bloggen er vi no oppe i eitt tusen følgjarar. Ein beta igjen til influensar-toppen, men ny pers i alle fall. Og det er plass til fleire. Sjå illustrasjonen og leit etter ruta for innmelding borte til høgre.

august 18, 2022

Boklovforslaget: Leveringsplikt, men kva så?

Rekning for kjøp av fleire Dickens til Storelvedalens Bibliothek frå Dybwads Boghandel i Christiania i 1873. Klikk for stort foto

>> 19.8. Sjå også Morgonen etter boklovutkastet

I dag, 18. august 2022, kom forslaget til boklov, etter å ha blitt trenert av dei borgarlege i to regjeringsperiodar. Men altså med eit nytenkt og nyskrive høyringsnotat. Dei to viktige dokumenta er:

Høringsnotat (pdf) og Lovforslaget (pdf).

Med ein gong ein går frå å lese høyringsnotatet med ordsøk, til dømes på bibliotek, (52 treff på dei 52 sidene), forstår ein at det blir debatt, om ikkje kamp på kniven, på fleire punkt. Men underteikna har stort sett berre gjort den førstnemnde øvinga. Dette er nokre heilt førebelse tankar om forslaget etter ein dryg times lesing:

Viktig for biblioteka er at alle typar bøker (papir, e-bok og lydbok) no skal bli prinsippielt likestilte.

Då kan ein ikkje kome unna ei spesialhandsaming som denne i § 7. Plikt til å tilby og levere digitale lydbøker: «En leverandør skal levere eksemplarer av digitale lydbøker til enkeltsalg i digitale abonnementstjenester, til forhandlere som omsetter lydbøker og til bibliotek» («leverandør» er i praksis forleggjar/utgjevar).

I høyringsnotatet, side 39, heiter det: «Bibliotekene er sammen med bokhandlene de viktigste formidlerne av litteratur til befolkningen. Det er derfor etter departementets mening avgjørende at leverandører også er forpliktet til å levere til bibliotek på samme måte som til forhandlere». Og til slutt: «Det må inngås egne avtaler mellom partene om pris og utlånsmodell for utlån av digitale lydbøker i bibliotek» (vår utheving).

Kor mykje lenger er vi komne då? Leveringplikt er verkeleg ikkje alt.

I siste leddet i §7 heiter det: «Departementet kan gi forskrift om gjennomføringen av forhandlernes, abonnementstjenestenes og leverandørenes plikter etter første til tredje ledd». Men dette læt ikkje som noka føring andsynes levarandørane.

>> Kl. 22.30: Eg ser no at NBF-leiar Vidar Lund kjem til å krevje at «at ei minimumsløysing må inn i forskrifta». Men då burde vel eit signal om ei slik opning ha kome alt i dette dokumentet? Vilkåra har jo heile tida vore det springande punktet i lydboka-og-biblioteket-debatten. Og etter «50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen» og «[r]undt 20 skriftlige innspill» må problemet opplagt ha vore drøfta (sjå side 6 i notatet).

.På bibliotekfeltet har vi eit mellomledd, Biblioteksentralen, som vel er «forhandler» her? Vi kan lese at «Departementet legger til grunn at leveringsplikten som foreslås i bokloven, fortsatt skal gjelde overfor Biblioteksentralen». Men det er vel framleis fleire enn BS som har appar for digitale bøker?

Ein kan kanskje spørje seg kvifor bibliotek ikkje er konkret forklart og presisert i § 2. Definisjoner. Blant anna når «digital abonnementstjeneste» er definert. Men i høyringsnotatet, side 22, ser vi at biblioteket er tenkt inn under paragraf 2, d.: «Sluttkunde: enhver som kjøper bøker til andre formål enn for videresalg». Dette bør vel ikkje skape alvorlege identitetskriser.

Så ser vi fram til grundige analysar og gode høyringssvar!

PS: Her på bloggen har vi hatt fleire kommentarar undervegs, under stikkorda boklova og lydboka.

august 17, 2022

Dokumentert: Problema med datahjelp til NAV-klientar

I den omfattande (122 sider) Sintef-rapporten «Digital ekskludering i NAV» er folkebiblioteka og dei tilsette heilt sentrale. Bibliotektilsette er blant respondentane i ei spørjeundersøking, og det går fram at det er «misnøye blant informantene i helse- og velferdstjenestene og bibliotekene som opplever økt tilstrømming og behov for bistand hos sine sårbare brukere som følge av overgangen til digitale selvbetjeningsløsninger i NAV. En stor del av respondentene i denne studien opplever at de gjør oppgaver som de mener egentlig er NAV sitt ansvar, og som går på bekostning av egne arbeidsoppgaver».

>> Sjå kommentarfeltet om endå ein relevant rapport

Nokre smakebitar:

read more »
august 17, 2022

Ytringsfridomskommisjonen: Betre bibliotektilgang til aviser og tidsskrift?

Arendalsveka har fått litt større tyngde når ho i år er åstad for slepp av fleire viktige politiske utgreiingar. Ei av desse er Ytringsfridoms- kommisjonen sin «NOU 2022: 9 En åpen og opplyst offentlig samtale». Kritikken går på alt frå å tillate å kalle politiet «kålorm» til å opne for politisk reklame på tv. Viktigare er det likevel når medieprofessor Petter Bae Brandtzæg i Klassekampen i dag går laus på påstanden deira at «Ytringsfriheten har svært gode vilkår i Norge i dag». I staden må Noreg «ta flere nasjonale grep for å temme IT-gigantene», seier han.

Ein kunne trudd at folkebiblioteka hadde vore meir sentrale i NOUen i og med at utvidinga av §1 i biblioteklova i 2014 («debattbiblioteket») var såpass sterkt knytt opp til den førre kommisjonen (1999) si innføring av omgrepet infrastrukturkrav og endringa av §100 i Grunnlova. Altså at «at staten aktivt skal medvirke til at individer og grupper har en faktisk ytringsmulighet». 

Men biblioteklova er ikkje nemnd. Biblioteka er nemnde i ein «boks» om infrastrukturkravet, men berre i ei brei opplisting: «Begrepene «åpen» og «opplyst» skal minne om det ansvaret staten har for at forholdene legges til rette for en bred deltakelse i det offentlige ordskiftet. Dette kan være alt fra å ha en offentlig allmennutdanning for alle, bibliotek, samfunnshus, til ulike støtteordninger innen felt som media, kunst, vitenskap og biblioteker og en utdannings-, forsknings- og kulturpolitikk i vid forstand».

Dette er vel uttrykk for at «debattbiblioteket» ikkje har fått det gjennomslaget mange hadde håpa i 2014.

Men det som kan bety svært positivt nytt, om det passerer høyringsrunden og Stortinget, er punktet «12.7.3 Bedre tilgang til journalistikk i bibliotekene». Dette er éin av kommisjonens åtte «anbefalinger»:

«Bibliotekene tilbyr i dag tilgang til enkelte norske aviser gjennom tjenesten Pressreader. Mange steder kan man logge inn med lånekortet sitt også utenfor bibliotekene. Denne tjenesten tar utgangspunkt i avisenes papirutgaver. Kommisjonen anbefaler å arbeide for avtaler som gir tilgang til flere aviser, avisenes nettutgaver, magasiner og tidsskrifter når man befinner seg i biblioteket».

I morgon kjem forslaget om boklov, som Bok365 spår at vil utvide leveringsplikta av lydbøker til folkebibliotek. Men: «Utlånsvilkår må avtales nærmere mellom partene». Der prisen er éitt av vilkåra.

august 16, 2022

Egeland går i protest!

Khrono i dag må vi lese at bibliotekdirektør gjennom femten år ved OsloMet, Lars Egeland, seier opp i protest. Først gjekk han i går kveld ut med ei grunngiving på Facebook, der han viser til ei overraskande avgjerd om ikkje å realisere det omfattande planarbeidet for å slå saman dei tre biblioteka. Avgjera «ble fattet på et lukket møte der prorektor for undervisning som er ansvarlig for biblioteket, ikke var til stede. Nå håper jeg vi kan få en åpen debatt om bibliotekets framtid i den institusjonen som utdanner nesten alle bibliotekarer i Norge». På Facebook og i eit debattinnlegg på Khrono kallar han vedtaket «inkompetent og udemokratisk».

Han utdjupar at «… skrinlegginga av bibliotekprosjektet skjedde uten at hverken rektor eller noen i hans ledergruppe har uttrykt innvendinger eller motstand mot prosjektet offentlig på forhånd. Da de skulle fatte sin beslutning ble alle unntatt ledergruppas medlemmer, hevet ut av møtet, da de snudde opp ned på den administrative innstillingen om å gjennomføre prosjektet». Og avsluttar: «Rektor ved det universitetet som utdanner norske bibliotekarer kan bli kjent som den store norske «bibliotekdødaren»: Først får biblioteket ikke nok ressurser til å drifte tre bibliotek, deretter får man ikke penger til å slå dem sammen». 

Også denne bloggen har kommentar- og debattfelt. Velkomne.

august 14, 2022

Få personar og tidsplan og korte kapittel

På dette biblioteket har i alle fall éin lånar kome til band 2

Kva handlar dette om? At Jan Kjærstad har ytra seg på Bok365 om at populariteten til lydbøkene kan føre til at forfattarar legg seg til nye, tilpassa skrivevanar:

«Pessimistene frykter en utvikling som vil resultere i en polarisert litteratur. På den ene siden «kompliserte» romaner i bokform og i stadig mindre opplag, på den andre siden en enklere underholdningslitteratur som blir strømmet til det store flertallet av lesere / lyttere. … Kampen om oppmerksomheten vår, tiden, blir stadig sterkere. Distraksjonene blir flere og flere. Mange klarer bare å konsentrere seg i korte strekk. Samtidig øker antall lesere som trekkes til strømmetjenestene som tilbyr lydbøker. Det er her den økonomiske gevinsten for en forfatter ligger i fremtiden, særlig hvis avtalene blir bedre».

Bransjen og styresmaktene ser ut til å meine det er eit lite problem at bibliotekbrukarane ikkje får surfe på lydbokbølgjen. Kanskje biblioteka bør marknadsføre seg aktivt og eksklusivt med den tradisjonelle papirbaserte, men meir krevjande – og givande – litteraturen. I så fall støtte seg blant anna på boka The Library – a Fragile History.

Translate »