Archive for september, 2022

september 29, 2022

Katie Paterson – ei veke igjen

På Jeløya viser dei blant anna ein ca. 15 minutts film med Paterson og Atwood og fleire av forfattarane på skautur

5. oktober er siste dag av utstillinga hennar, Evergreen, på Galleri F15 på Jeløya i Moss.

Kor las du om henne sist? Kanskje her på bloggen for tre veker sidan i samband med det kjende verket hennar i Oslomarka og på Deichman, The Furure Library – Framtids- biblioteket.

september 29, 2022

Meir bibliotekhistorie digitalisert på nb.no

Blant anna i mangel av eit samla nasjonalt bibliotekhistorieverk og eit bibliotekmuseum er det viktig at det bibliotekfaglege og -politiske stoffet blir digitalisert og gratis tilgjengeleg. Derfor er 29. september ein aldri så liten merkedag når Nasjonalbiblioteket i dag annonserer at Norsk Bibliotekforening sitt tidsskrift Bibliotekforum ligg les- og søkbart på nb.no.

Tidsskriftet var i drift i 19 år, frå 1995 til 2014. Forgjengaren, meldingsbladet Internkontakt (1976 – 95), bør bli neste prosjekt.

Vi ser at også salige Kommunale bibliotekarbeideres forening sitt tidsskrift Kontakten er digitalisert, rett nok berre fire årgangar. Dei ligg ikkje ope tilgjengeleg, men desse kan det då ikkje vere grunn til å halde innelåst? Tidsskriftet blei utgitt mellom 1960 og 1988. Fortsettaren, med namnet CasaNova (!), finn vi heller ikkje (PS: Med denne grunngjevinga vann underteikna i 1988 konkurransen om eit meir spenstig og mindre vanleg tidsskriftnamn enn Kontakten).

september 28, 2022

«Kampen om tiden»

«- Går mot storseier for fagbevegelsen», heiter det i Fri Fagbevegelse: «Nå kan retten til heltid bli lovfestet. Jobber du ufrivillig deltid? Snart blir det svært vanskelig for arbeidsgiverne å spekulere i små stillingsbrøker, fastslår Trine Lise Sundnes (Ap)».

Dei slår fast at «deltidsarbeid er eit problem» i sektorane «helse- og omsorg, i varehandelen, for hotell- og restaurantansatte og i utdanningssektoren». Men kva med bibliotek?

Om du klikker på «Rådata» i bibliotekstatistikken får du fram at folkebiblioteka i 2021 hadde 2463 tilsette som til saman berre utførte 1837 årsverk. Det blir gjennomsnittleg 0,74 prosent stilling per hovud. 68 av 356 kommunar har under éi stilling ved biblioteket, det blir kvar femte kommune! Men det kan vere endå verre, for vi har ikkje tatt med dei 10 som av ein eller annan grunn er oppførte med 0. Vi kunne ha sett på kor mange tilsette det er i kvar av dei 68 + 10 kommunane, men det finst grenser på ein sein onsdagskveld.

Søk på «bibliotek» i ledige stillingar på Finn.no i dag, 28. september 2022, viser at 9 av 79 er deltids.

Så dette kan bli meir enn spennande. Det kjem vel snart noko frå dei aktuelle fagforbunda.

september 27, 2022

Den kriminelle kriminallitteraturen – igjen!

Bloggaren er slett ingen systematisk krimlesar på leit etter brot på den bibliotekariale teieplikta, men med ujamne mellomrom berre spring det ein i augo meir eller mindre alvorlege overtramp. For eit år sidan måtte vi ta fatt Hans Olav Lahlum for politietterforskar-snoking i lånarregister på Deichman i «Sporvekslingsmordet». Men noko han ringde oss og svarte godt på, men med urovekkjande referanse til non-fiktive bibliotekarar ved same institusjon. Men tidlegare har vi tatt på fersken blant anna Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith med liknande «løysingar» på krimgåtene sine. Vi ventar framleis på telefoniske forklaringar frå dei.

Og i førre veke kom vi til å lese band 2, Drømmeløs (2012), i Jørgen Brekke sin serie om den trondhjemske politietterforskaren Odd Singsaker. Bok nummer 1, Nådens omkrets (2011) las vi sjølvsagt straks ho kom, ho var jo lansert som eit mordet-i-biblioteket-mysterium, og ikkje i kva som helst bibliotek, men sjølvaste Gunneriusbiblioteket, landets første offentlege bibliotek. Mordofferet var ein bibliotekar, men ein annan bibliotekar, Siri Holm, har ei meir varig rolle. Ho framtrer som det diametrale motstykket til Dag Solstads velkjende bibliotekar, T. Singer! Siri Holm er nemleg …

read more »
september 27, 2022

Arkitekten som angra. Eller kva er eit bibliotek i 2022?

Ein høgst uvanleg arkitektonisk sjølvkritikk var å lese denne veka i svenske Biblioteksbladet. Der vedgår dei velrenommerte arkitektane bak det berre eitt år gamle hovudbiblioteket i Örebro at dei «inte [är] entydigt förtjusta i slutresultatet». Og i overskrifta står det at arkitekten «sågar nya svenska bibliotek». «Att såga» tyder ifølgje Svensk Ordbok «att kritisera skonings­löst och från­känna allt värde». Arkitekten sitt eige pinlege poeng er: «Om vi fick göra ett bibliotek till, så skulle vi vilja göra en massa olika rum, som en labyrint, eller en slags basar».

Korleis er ei slik heilomvending muleg på dei fem åra frå teiknebordet til kort etter opninga? Seier det berre noko om at arkitektar ikkje tar bibliotek alvorleg, eller er heile tenkinga rundt folkebibliotek, og dermed -arkitekturen, blitt ein postmoderne tombola?

Vi kjenner verken arkitekten eller bibliotek- eller kommuneleiinga i Örebro, så dette blir rein spekulasjon, men kan dette vere endå eit døme på at viktige avgjerder blir tatt utan dialog med, eller også i strid med, dei bibliotekfaglege?

Deichman i Bjørvika kunne faktisk blitt Dømet med stor D på eit slikt uføre. Liv Sæteren, Oslos biblioteksjef fram til ho gjekk i pensjon i 2014, karakteriserte dialogen med byggherren, altså kommuneleiinga, som «å stå på hver sin side av en brusende elv og snakke til hverandre», grundig utbrodert i eit intervju eg gjorde med henne for Bibliotekforum i 2014.

Gratis lån av bøker i seg sjølv skaper ikkje trufaste bibliotekbrukarar på 2000-talet. Kjøpesentra innbyr gjerne til «ei god handleoppleving», og biblioteket må ha …

read more »
september 23, 2022

Kult?

Nytt frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Dei har «i dag bestemt at den statlige virksomheten Norsk kulturråd skal endre navn til Kulturdirektoratet fra 1.1.2023. Rådskollegiet som forvalter Norsk kulturfond skal beholde navnet Kulturrådet».

september 23, 2022

– Gebyret er ein tidstjuv

Asker og Tønsberg er krystallklare i ein oppfølgjar på Bok365 i formiddag om gebyr-kutt for sein levering: – Erfaringene er udelt positive.

Ex-biblioteksjef og kutt-pionér Tone Moseid: «Vi opplevde at det å gi brukerne forhåndsvarsel på å fornye bøkene slo veldig positivt ut. Det var ikke gebyret som var utslagsgivende for at lånerne leverte tilbake. Og vi var veldig fornøyd med å slippe den tidstyven i skranken. Nå kunne vi heller fokusere på å yte god service og utføre den viktige jobben vår».

september 23, 2022

Purregebyr eller ikkje?

Her forsøkte vi oss tidlegare i dag med ein uhøgtideleg «poll» for å kartleggje praksisen i biblioteka, men gratisversjonen av programmet var ikkje særleg avansert, blant anna opnar han ikkje for to eller fleire svar. Så vi skrota heile greia. Go hælj!

september 22, 2022

Oppsnappa veke 38

Bibliotekarane som ikkje les. Biblioteksbladets redaktør: «Det talas mycket om bibliotekens viktiga roll för att främja läsandet i Sverige. Men bibliotekspersonalen ges ingen eller väldigt lite tid för egen läsning. Och allra konstigast är att de inte ens pratar om det själva». Nokre som kjenner seg igjen?

Boklova og samfunnsansvaret. Høgst lesbar gjennomgang av norsk forlagshistorie av Erik Rudeng i Aftenposten. Så til 2022: «Nyliberalistisk tankegods har sådd skepsis til regulering av bokmarkedet. Samtidig har finansielle aktører kastet seg inn i oppkjøp av bestselgerforfatterskap i håp om høye gevinster. Imens krever teknologiske og markedsmessige strukturendringer forståelig nok massiv oppmerksomhet i forlagsledelsene. Lovutkastet tar sikte på å fremme faste og forutsigbare forhold i bransjen og å begrense tilløp til spekulasjonsøkonomi. Bokloven vil neppe kunne forsvares hvis ikke de største forlagene søker å reaktivere sitt samfunnsoppdrag og sin samfunnsmessige kompetanse».

Geriljabibliotek! Studentavisa Universitas ved UiO skriv om ei gruppe studentar ved Økonomisk institutt, tilslutta Rethinking Economics Blindern, som har gått saman om ei alternativ pensumliste. Ingen frå biblioteket er intervjua, men vi vil jo tru at studentane har dei alternative titlane sine frå ein stad, til dømes biblioteket… Bloggaren har ikkje gløymt at for 1976-kullet på dåverande Statens bibliotekskole var alternative kollokviegrupper i studentregi vel så godt besøkte som forelesingane …

september 22, 2022

Bibliotekarane vs. Bøygen

Bøygen ifølgje Erik Werenskiold. Utsnitt. Kjelde: Nasjonalmuseet.

Ifølgje Biblioteksbladet har eit samarbeidsprosjekt mellom bibliotekforskarar ved to svenske universitet kome med ein rapport med den noko oppsiktsvekkjande tittelen “Det känns som att jag bara sitter och väntar på att det ska explodera” og med undertitelen «- politisk påverkan på de kommunala folkbibliotekens verksamhet i sex sydsvenska regioner».

Vi har blogga ein god del om det det handlar om, der kommunenamnet Sölvesborg ofte går igjen, ein kommune kjend for å bli styrt av ytre-høgrepartiet som nyleg blei nest størst i riksdagsvalet. Biblioteket er heilt sentralt for partiet, men på ein måte som bibliotekmiljøet ikkje set stor pris på.

Biblioteksbladet intervjuar professor Joacim Hansson ved Linnéuniversitetet i Växjö, som oppsummerer: «I vårt material så namnger och partiplacerar bibliotekscheferna moderater och sverigedemokrater och ännu längre ut på högerkanten. Det är där det ställs till problem. De konflikter som uppstår, till exempel i programverksamheter, kring mångspråk och mångfald, där har vi flera exempel på att bibliotek anpassar sig genom att dra tillbaka programpunkter. De undviker konflikterna på så sätt».

Henrik Ibsens og folketruas Bøygen er altså ikkje død. 

september 20, 2022

Prisen for purring

Bokbransjeorganet Bok365 har i dag ei sak om purregebyr i folkebiblioteka. Med hovudfokus på at «å skrote gebyrene fullt og helt vil gi bibliotekene millioner i tapte inntekter».

Purre. Utsnitt. Foto: BotBin/ Wikimedia (CC BY-SA 3.0)

Dei tar eit atterhald, men berre over to linjer: «Vi bruker litt tid på innkrevingssaker (halv stilling), så inntektene herfra er ikke store når kostnadene er trukket fra, forteller Merete Lie ved Deichman».

Dei viser til at avvikling av purregebyr er ein internasjonal trend, blant anna i USA. Noko vi skreiv om blant anna då eit amnesti i New York førte til at 80 000 barn og unge kom tilbake som lånarar. 80 000!

No er vel ikkje dei økonomiske klasseskiljene så store her som i NYC, og ikkje kommuneøkonomien så dårleg, men vi tar dei kanskje igjen snart.

For å unngå einsidig fokus på kroner ut og inn, har vi gruppert bloggartiklar om slikt under stikkordet «ikkjebruk av bibliotek». Som også er eit problem.

september 13, 2022

Folkebiblioteket etter det svenske valet?

Kor vil svenska högern rette kanonane? Denne tilhøyrer Carl 16. Gustaf

Alt før det endelege resultatet er klart i riksdagsvalet skriv Biblioteksbladet, organ for Svensk Biblioteksförening, om dei negative følgjene for biblioteka: «Sölvesborg var en föraning om det som kommer nu».

Sverige har i fleire år no hatt riks- og lokalval same år og dato, og redaktør Thord Eriksson kan vise til at ytre høgrepartiet deira, dei såkalla Sverigedemokraterna, har fått endå fleire representantar også i mange kommunestyre. Det vil føre til, skriv han: «… både ingrepp i biblioteksplaner, begränsning av litteratur på vissa språk, bråk om …

read more »
september 9, 2022

Bibliotekturisme i hovudstaden

Bloggaren er også natur- og kulturbokforfattar (nokre ti-tals eksemplar er igjen å få kjøpt!). Og arrangør og røynd reiseleiar av bibliotekstudieturar i inn- og utland. Her om dagen blei det ein kombinasjon av desse to typane verksemd:

Klikk for stort bilete

Det starta på Deichman i Bjørvika (1), der Framtidsbiblioteket, The Future Library, finst på femte høgda (2). Du kan også klikke på QR-koden om du treng meir informasjon (3). Så tok Frognerseterbanen oss opp i skogen, og etter eit par kilometer peika dette skiltet (4) til Framtidsbiblioteket – igjen! Etter litt såg vi denne «filialen», der dei dyrkar grantrea (5), som frå og med år 2114 (jaudå!) skal bli til papir for trykking av bøkene i dette biblioteket (om det framleis finst boktrykkeri – og folk som vil/kan lausrive seg frå skjermar og chips i hjerneborken). Under denne turen får vi også nokre peik langt attende (6). Turen, på omlag 8 kilometer (7), inneheld også døme på det utvida kulturomgrepet (8) og ein av dei aller beste utsiktene over Oslo, frå sjølvaste «Vettakollens brem» (9). Det er ein del røter og laus stein, særleg på nedturen, så finn fram dei beste turskoa.

PS 3.10.22: Litt apropos: I Vagant nr. 2 skriv Ragnhild Lome om korleis Ebba Haslund mot slutten av krigen på ei hytte i Eggedal skreiv noveller om natta og grov dei ned i Norgesglass utanfor hytta. Til krigen var over.

Lome avsluttar slik: «Tankene går til beretninger fra krigsherjede byer i Ukraina, hvor bare eldre sivile er igjen. Byer fulle av rynkete og beinskjøre kropper. I lys av Haslunds noveller begynner man å tenke at disse kroppene har en kraft i seg, de også, som til vanlig ikke er så tydelig. Hvem vet, kanskje ligger det allerede nedgravde historier om disse kroppenes daglige virke et sted under Ukrainas solsikker, som tålmodig står og vaier i vinden mens de venter på bedre tider».

september 8, 2022

Oppsnappa veke 36

Biblioteklim. Klikk og kikk

Planar om bibliotektur til Helsingfors? Då handlar det sjølvsagt om Ode, men dette nye hovudbiblioteket er ikkje fantastisk – berre. Lena Lundgren har vore der for Bibliotek i samhälle (BiS) og skriv: «Jag hittade inga tecken på inflytande eller medverkan av barn i form av boktips, utställningar, projekt eller bokklubbar». Og: «Medierna spelar en mindre roll, medan mötes-, upplevelse- och aktivitetsfunktionaliteterna framstår som de viktigaste». To ungar som Hufvudstadsbladet har snakka med på eit anna bibliotek i byen, seier rett ut: «På Ode är det färre böcker och mer annan slags service, men här finns många böcker, speciellt barnböcker». Dei snakkar om det 140 år gamle/unge Richardsgatans bibliotek, « … den första byggnad i Norden som byggts för att vara bibliotek». Ei estetisk nyting også. Bloggaren var der i 2001.

Informasjonsflaumen. I Klassekampen 1. september skriv Roar Høstaker om informasjonskrisa. Utgangspunktet er Tor Åge Bringsværds novelle, «Mannen som samlet på 1. september 1972» frå 1974. Om ein mann som ville ha oversikt over alt, men berre makta denne éine datoen, i form av avisklipp i store mengder. Så tar Høstaker føre seg den digitale ettertida, med stikkord som blant anna Vannevar Bush og hans Memex, J.C.R. Licklider og Borges. Og så Googles Pagerank osv osv. Lesbart.

Bibliotekarisk slendrian. Han fekk i alle fall ein stein reist etter seg, den ukjende mannen som i Goldfield, Nevada, USA, i 1908, utsvolten, åt eit glass med «library paste». Det må vel vere lim for reparasjon av bokryggar og slikt. Moralen er, held alltid slike remedium innlåste og varsku HMS-ansvarleg.

Leselysteleg. Spinoff frå Sølvberget: «Klassikerlørdag med litteraturprofessor Tone Selboe, som tar for seg lesingens vesen, med en rekke eksempler som gir garantert leselyst. Opptak fra foredrag på Sølvberget i februar 2019».

september 5, 2022

Lydboka og biblioteket tema på nordisk forfattarrådsmøte

I eit ferskt «lederbrev» frå Heidi Marie Kriznik i Forfatterforeningen kan vi blant anna lese: «12. og 13. september er det de skjønnlitterære skribentorganisasjonene i Norge sin tur til å arrangere Nordisk forfatter- og oversetterråd (NFOR), som er et råd der representanter for de nordiske skribentorganisasjonene møtes til seminar annethvert år og samler oversikt over vilkårene for litteratur i de nordiske landene. Forfatterforeningen er, sammen med Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og Norsk Oversetterforening, ansvarlig for årets seminar og på programmet for de to dagene står digitalmarkedsdirektivet, det norske forslaget til ny boklov, og tilgangen til lydbøker i bibliotek. Seminaret gjennomføres med støtte fra Kopinor» (vår utheving).

Vi har blogga ein god del om dette, sjå stikkorda «Boklova» og «Lydboka».

Translate »