Planar om bibliotektur til Helsingfors? Då handlar det sjølvsagt om Ode, men dette nye hovudbiblioteket er ikkje fantastisk – berre. Lena Lundgren har vore der for Bibliotek i samhälle (BiS) og skriv: «Jag hittade inga tecken på inflytande eller medverkan av barn i form av boktips, utställningar, projekt eller bokklubbar». Og: «Medierna spelar en mindre roll, medan mötes-, upplevelse- och aktivitetsfunktionaliteterna framstår som de viktigaste». To ungar som Hufvudstadsbladet har snakka med på eit anna bibliotek i byen, seier rett ut: «På Ode är det färre böcker och mer annan slags service, men här finns många böcker, speciellt barnböcker». Dei snakkar om det 140 år gamle/unge Richardsgatans bibliotek, « … den första byggnad i Norden som byggts för att vara bibliotek». Ei estetisk nyting også. Bloggaren var der i 2001.
Informasjonsflaumen. I Klassekampen 1. september skriv Roar Høstaker om informasjonskrisa. Utgangspunktet er Tor Åge Bringsværds novelle, «Mannen som samlet på 1. september 1972» frå 1974. Om ein mann som ville ha oversikt over alt, men berre makta denne éine datoen, i form av avisklipp i store mengder. Så tar Høstaker føre seg den digitale ettertida, med stikkord som blant anna Vannevar Bush og hans Memex, J.C.R. Licklider og Borges. Og så Googles Pagerank osv osv. Lesbart.
Bibliotekarisk slendrian. Han fekk i alle fall ein stein reist etter seg, den ukjende mannen som i Goldfield, Nevada, USA, i 1908, utsvolten, åt eit glass med «library paste». Det må vel vere lim for reparasjon av bokryggar og slikt. Moralen er, held alltid slike remedium innlåste og varsku HMS-ansvarleg.
Leselysteleg. Spinoff frå Sølvberget: «Klassikerlørdag med litteraturprofessor Tone Selboe, som tar for seg lesingens vesen, med en rekke eksempler som gir garantert leselyst. Opptak fra foredrag på Sølvberget i februar 2019».