Bokbransjeorganet Bok365 har i dag ei sak om purregebyr i folkebiblioteka. Med hovudfokus på at «å skrote gebyrene fullt og helt vil gi bibliotekene millioner i tapte inntekter».

Dei tar eit atterhald, men berre over to linjer: «Vi bruker litt tid på innkrevingssaker (halv stilling), så inntektene herfra er ikke store når kostnadene er trukket fra, forteller Merete Lie ved Deichman».
Dei viser til at avvikling av purregebyr er ein internasjonal trend, blant anna i USA. Noko vi skreiv om blant anna då eit amnesti i New York førte til at 80 000 barn og unge kom tilbake som lånarar. 80 000!
No er vel ikkje dei økonomiske klasseskiljene så store her som i NYC, og ikkje kommuneøkonomien så dårleg, men vi tar dei kanskje igjen snart.
For å unngå einsidig fokus på kroner ut og inn, har vi gruppert bloggartiklar om slikt under stikkordet «ikkjebruk av bibliotek». Som også er eit problem.