Bloggaren er slett ingen systematisk krimlesar på leit etter brot på den bibliotekariale teieplikta, men med ujamne mellomrom berre spring det ein i augo meir eller mindre alvorlege overtramp. For eit år sidan måtte vi ta fatt Hans Olav Lahlum for politietterforskar-snoking i lånarregister på Deichman i «Sporvekslingsmordet». Men noko han ringde oss og svarte godt på, men med urovekkjande referanse til non-fiktive bibliotekarar ved same institusjon. Men tidlegare har vi tatt på fersken blant anna Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith med liknande «løysingar» på krimgåtene sine. Vi ventar framleis på telefoniske forklaringar frå dei.
Og i førre veke kom vi til å lese band 2, Drømmeløs (2012), i Jørgen Brekke sin serie om den trondhjemske politietterforskaren Odd Singsaker. Bok nummer 1, Nådens omkrets (2011) las vi sjølvsagt straks ho kom, ho var jo lansert som eit mordet-i-biblioteket-mysterium, og ikkje i kva som helst bibliotek, men sjølvaste Gunneriusbiblioteket, landets første offentlege bibliotek. Mordofferet var ein bibliotekar, men ein annan bibliotekar, Siri Holm, har ei meir varig rolle. Ho framtrer som det diametrale motstykket til Dag Solstads velkjende bibliotekar, T. Singer! Siri Holm er nemleg …