Archive for september 29th, 2022

september 29, 2022

Katie Paterson – ei veke igjen

På Jeløya viser dei blant anna ein ca. 15 minutts film med Paterson og Atwood og fleire av forfattarane på skautur

5. oktober er siste dag av utstillinga hennar, Evergreen, på Galleri F15 på Jeløya i Moss.

Kor las du om henne sist? Kanskje her på bloggen for tre veker sidan i samband med det kjende verket hennar i Oslomarka og på Deichman, The Furure Library – Framtids- biblioteket.

september 29, 2022

Meir bibliotekhistorie digitalisert på nb.no

Blant anna i mangel av eit samla nasjonalt bibliotekhistorieverk og eit bibliotekmuseum er det viktig at det bibliotekfaglege og -politiske stoffet blir digitalisert og gratis tilgjengeleg. Derfor er 29. september ein aldri så liten merkedag når Nasjonalbiblioteket i dag annonserer at Norsk Bibliotekforening sitt tidsskrift Bibliotekforum ligg les- og søkbart på nb.no.

Tidsskriftet var i drift i 19 år, frå 1995 til 2014. Forgjengaren, meldingsbladet Internkontakt (1976 – 95), bør bli neste prosjekt.

Vi ser at også salige Kommunale bibliotekarbeideres forening sitt tidsskrift Kontakten er digitalisert, rett nok berre fire årgangar. Dei ligg ikkje ope tilgjengeleg, men desse kan det då ikkje vere grunn til å halde innelåst? Tidsskriftet blei utgitt mellom 1960 og 1988. Fortsettaren, med namnet CasaNova (!), finn vi heller ikkje (PS: Med denne grunngjevinga vann underteikna i 1988 konkurransen om eit meir spenstig og mindre vanleg tidsskriftnamn enn Kontakten).

Translate »