Oppsnappa veke 40

Ukonverterte handskrivne katalogkort frå 1925. Takk til biblioteket i Gjerstad

KORTKATALOGAR i dronningriket: Slikt førekjem kanskje framleis også her i landet, men meir i det stille?: «Det er nu igen muligt at søge tilskud til retrokonvertering, metadatakonvertering og formatmæssig tilpasning af væsentlige danske kataloger og databaser. Der forventes afsat 2,6 millioner kroner til puljen i 2023».

MEDIENORGE kan bibliotekarar gjerne følgje med på. I bakgrunnen lurer Institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiBergen. Oppslaga per 3. oktober 2022 handlar mest om aviser, men også nytt frå bokbransjen. Statistikk er viktig for dei, også bibliotekstatistikk saman med mykje om bokbransjen.

STALINS bibliotek og lesevanar. I Vagant nr 2 omtaler Johanne Elster Hanson boka Stalin’s Library: A Dictator and his Books av Geoffrey Roberts. Diktatoren var ein ivrig lesar med mange kommentarar i margane, men som verken «førte til mer humanitet eller militær klokskap». Paranoiaen hans retta seg ikkje berre mot politiske fiendar men «for eksempel «en vaskedame som gjør rent rommene, eller en bibliotekar som besøker leiligheten under dekke av å skulle sette i stand bøkene»». Han hadde eit eige klassifikasjonssystem for dei 25 000 bøkene i det tretti kvadratmeter store biblioteket. Der han også døydde.

Fenomenet BOKBAD. Dette vanlegaste norske ordet for «levande» forfattarintervju byggjer på NRK-serien Bokbadet frå scena Rockefeller i det tidlegare Torggata bad i Oslo (også påtenkt som nytt hovudbibliotek rundt 1988). NRK ønska i alle fall tidlegare å nekte bibliotek o.l. å bruke ordet om eigne arrangement, men om dei skulle gå til sak, kan ein no vise til artikkelen «Kultur og sundhed – et mangfoldigt felt»: «Askelepion-templet Epidauros fra ca. 500 f.Kr. … bestod af et idræts- og badeanlæg, en koncertsal, et bibliotek, en festsal samt et stort amfiteater. Med denne holistiske tilgang kunne man som en del af et behandlingsophold få stimuleret sanserne ved at lytte til musik, ved at bade og udøve fysiske aktiviteter, ved at læse litteratur og opleve teater og ved at betragte udsmykningen på bygningerne».

Leave a Reply