Archive for november 3rd, 2022

november 3, 2022

Besteborgarleg kulturpolitikk

Svensk (kongeleg) kanon

Svenskane har fått ny blå-brun (meiner mange) regjering, rett nok utan ministrar frå ytre-høgrepartiet Sverigedemokraterna (SD), men med dei som støtteparti i sterk posisjon etter å ha blitt nest størst i Riksdagen.

Det første kulturutspelet frå regjeringa er sterkt SD-påverka, nemleg forslaget om at offentleg tilsette, slik jo bibliotektilsette er, skal rapportere folk som ikkje har opphaldsløyve. Som så kan bli utviste av landet. Protestane er omfattande.

Men så kom det «snille» forslaget om å etablere ein nasjonal kulturkanon. I regjeringsplattforma heiter det at «Ett uppdrag ges att tillsätta fristående expertkommittéer i syfte att inom skilda kulturformer ta fram förslag på svensk kulturkanon. Tillsättningen av ledamöter i expertkommittéerna ska utgå från konstnärlig kompetens i respektive fält».

Men denne tilsynelatande oppbyggjelege folkeopplysingsideen har møtt sterk motstand frå ulike hald, blant anna frå bibliotekarar. Nokre døme:

  • Ein biblioteksjef til MagasinK: «Mitt drömscenario är att lärarna (och om vi har tur, eleverna) ska tänka själva och förenklade listor är väl motsatsen?».
  • Ein bibliotekar til Göteborgs-Posten: «… nationell kanon har blivit signalpolitik på samma vis som språktester för asylsökande har blivit det». 
  • Forfattarforbundet til Expressen: «En litteraturkanon är till för osäkra politiker».
  • Sosialdemokraterna til Svt.se: «Kulturkanon är en nästintill kostnadsfri reform …».

I Noreg har vi ingen offentleg kanon av denne typen, berre nokre lister og bokseriar på initativ av forlag og festivalar. Men i Danmark utvikla dei ein omfattande kulturkanon rundt 2005, også der på initiativ av ei borgarleg regjering. Då var også kritikken omfattande, men det mest synlege resultatet av debatten var ein del alternative kanonar.

november 3, 2022

Oppsnappa i veke 44

Ifølgje Wikipedia er det giftig grønfarge i Woman Embroidering av Georg Friedrich Kersting (1812)

ALL THAT JAZZ. Nasjonalbiblioteket overgår seg sjølv heile tida med spennande utstillingar og arrangement. No handlar det om musikkjournalisten Randi Hultin. Opningsarrangement 10. november for fysisk utstilling, digital utstilling av fotografi ho tok, og bok kjem det også. Underteikna si, ikkje face-to-face, men ganske spesielle Randi Hultin-oppleving står det om lengst nede i denne bloggposten.

DEI GIFTIGE BØKENE. Ein blogg til kunnskap, men ofte også glede er Ebla to E-Books av Kathleen McCook (også kjend frå arrangementet vårt i Stocholm i mai). Direkte glede skaper rett nok ikkje fortellinga om den giftige grønfargen som blei vanleg på bokband frå rundt 1800. Fleire nye fargestoff på denne tida inneheldt arsenikk, og særleg ein av desse, Scheele’s Green, blei populær. Han var billeg å produsere, heldt seg bra og gjorde seg godt estetisk. Men mange med stort forbruk av dette grøne døydde, og mot slutten av Viktoriatida førte dette til at grønt generelt blei lite brukt.

TWITTER, FACEBOOK OG BIBLIOTEKET. Vi har tidlegare problematisert den omfattande bruken av Facebook for å nå brukarane. Og no kjem Twitter/Elon Musk-debatten for fullt. Men finnest det alternativ? Til valkampen i Danmark laga kulturnettstaden SøndagAften eit eige valprogram. Der heiter det i punkt 12: «Rundt omkring eksperimenteres med lokalt funderede alternativer til Facebook. Ingen er flyvefærdige, men PubHubs, Mastodon og Friendica forsøger sig frem. Understøttes sådanne forsøg af et dansk biblioteksvæsen, kan vi både påvirke og udvikle. Bibliotekstanken er i princippet open source – længe før begrebet blev opfundet. Bibliotekerne kan fascilitere og formidle de lokale samtaler».

Translate »