Archive for november 8th, 2022

november 8, 2022

IFLA: G. Leitner – One hell of a guy!

Ill.: Free-Vectors-net

For ei veke sidan var eg trygg på å ha sett ein uslåeleg personleg rekord i ironisk bloggkommentering (og dét seier ikkje lite). Det var etter offentleggjeringa (omsider) av forliket mellom IFLA og den avsette generalsekretæren, der det heiter at «Contrary to rumors, Gerald Leitner has never been found to be liable for any legal or contractual misconduct. No investigation has found any indication of fraud or harassment». Som står i oppsiktsvekkjande kontrast til i mars då berre éitt medlem av hovudstyret motsette seg oppseiinga av mannen. Og etter to interne utgreiingar ifølgje blant anna Biblioteksbladet. Les også Mikael Böök her på bloggen.

Men etter dette viser det seg at IFLA-leiinga utan vidare, ein gong mellom 3. og 8. november, har endra tittelen på forliket (framleis datert 31. oktober) frå «Settlement agreement with Gerald Leitner» til «Amicable settlement agreement between IFLA and Secretary General Gerald Leitner»! (amicable kjem frå latin amīcābilis = vennleg).

Men detaljane får ingen – aldri. Forstår vi representantane for verdas fremste kunnskapsinstitusjon rett.

Takk til @FJupiler, som aldri søv. Og Internet Archive.

november 8, 2022

Kvittar Twitter?

Eg kutta ut Facebook for eit år sidan (og mista ein god del relativt faste lesarar, men skitt au). Altså blei Twitter ein viktigare kanal, på kontoen https://twitter.com/frilanders. Men så kom det store eigarskiftet der, så eg veit ikkje enno, men denne halvdelen av bloggredaksjonen vil frå no av forsøke seg også på Mastodon. Dette er ei open kjeldekode sosialt-medium-plattform som ingen skal kunne kjøpe opp og som skal vere fri for reklame og algoritmemisbruk. På Mastodon kan du velje mellom ulike tenarar, og eg hoppa på ein norsk, snabelen.no. Mastodon-kontoen min heiter då https://snabelen.no/web/@frilanders.

>> Her kom det ferskt nytt om Mastodon på norsk Computerworld.

Eigensitat frå førre veke, då det handla om det kulturelle valprogrammet til den danske nettstaden SøndagAften: «Rundt omkring eksperimenteres med lokalt funderede alternativer til Facebook. Ingen er flyvefærdige, men PubHubs, Mastodon og Friendica forsøger sig frem. Understøttes sådanne forsøg af et dansk biblioteksvæsen, kan vi både påvirke og udvikle. Bibliotekstanken er i princippet open source – længe før begrebet blev opfundet. Bibliotekerne kan fascilitere og formidle de lokale samtaler» (mi utheving).

Kva med norske bibliotek?

Translate »