Gamle fordomar er ikkje som før, og det er større openheit om psykisk helse. Og det har aukande merksemd blant folk. Berre ikkje i regjeringa i deira aktuelle statsbudsjett …
Også biblioteka merkjer dette i form av ny både populærvitskapeleg og skjønnlitteratur med dette som tema. Og i det første vitskapelege verket om det norske «debattbiblioteket», Elin Golten si ferske doktoravhandling ved OsloMet, kan ein til dømes lese i eit intervju med ein bibliotektilsett at hos dei har dei hatt «fleire arrangement om psykisk helse, og då har det kome mange som dei ikkje har sett på biblioteket elles».
Under Verdsdagen for psykisk helse no i oktober var det ein god del arrangement og utstillingar i bibliotek (men dei ansvarlege, Mental Helse, på vegner av Helsedirektoratet, kunne gjerne ha hatt bibliotek som eitt av vala under «Type markering»).
Og i dag har Helsebiblioteket presentert ressursane dei har på feltet, blant anna mange frie «Oppslagsverk innen psykisk helse». Du kan enkelt tinge nyheitsbrev frå Helsebiblioteket, lengst nede her.