Archive for desember 11th, 2022

desember 11, 2022

Bibliotekpolitikkens uuthaldege lettheit

Dette er berre eit hjartesukk ein uggen søndagskveld i desember, men kanskje starten på noko meir. For i mange år har eg ergra meg, men også late meg fascinere av, kor vilkårleg utviklinga har vore av den nasjonale bibliotekpolitikken. Så ein vakker dag skal eg lese på ny alle dei gamle NOU-ane og stortingsproposisjonane osv. og lage ein statistikk over kor mange forslag og fromme ønske som ikkje blei noko av. Og kor mange idear ulike regjeringar ikkje eingong gad å kommentere (Øivind Frisvold gjorde grunnarbeidet i boka «Kunnskap er makt» i fjor).

Til dømes «Skredeutvalet» sin NOU frå 1991, med slett ikkje uambisiøse idear om folkebiblioteka som kunnskaps- og informasjonssentralar (då var informasjonsdatabasar det heilt store, og mange ante at noko ville skje, sjølv om WWW blei ei overrasking to-tre år seinare). Men ballademinister Åse Kleveland torpederte heile utgreiinga i kulturmeldinga året etter, for folkebiblioteket skulle vere litteratur og kultur, basta! (det positive var at også Skrede-forslaget om å lette på gratisprinsippet stranda).

Og ta det store prosjektet på starten av tusenåret, utgreiingane rundt «Bibliotekreform 2014». Landets ypparste bibliotekhovud m.fl. sa der at konsolidering, samanslåing, var løysinga. Men fagmiljøa blei både forvirra og tvilande, og då det etter kvart kom ei bibliotekmelding, var ideen og utgreiinga knapt nok nemnd.

Kvifor blei dette ei sak på bloggen akkurat i dag? Jo, det kom eit nytt nummer av Museumsforum med artikkelen «Museumsreformen. Kultivering, konsolidering og konflikt» (men først seksten år etter at ei museumsevaluering blei etterlyst i bibliotekmiljøet). Artikkelen inneheld mangfaldig kritikk av dei mange museumsfusjonane som faktisk blei gjennomførte over heile landet.

Neste bibliotekutgreiing blir vel ved hjelp av AI. Kanskje like greitt; det kan vanskeleg bli verre enn til no.

desember 11, 2022

«Etikk» på toppane …

Dette gjeld ikkje berre i IFLA, den internasjonale bibliotekorganisasjonen, men også i FIFA, motstykket på fotballområdet. Men der hadde dei i alle fall tidlegare ein etikk-komité, ifølgje denne saka i dag på Nrk.no.

Den tidlegare, men avsette, leiaren for etikk-komiteen deira fortel blant anna at i FIFA blei det innført ein regel om at «ingen i Fifa offentlig kan si noe negativt om Fifa». Vi må anta at FIFA har halde kurs for liknande organisasjonar og at IFLA der fekk beste karaktér, diplom med gullskrift og medalje med eikelauv.

Les heile denne saka på Nrk.no og forstå meir om korleis dei tenkjer på toppane i 2022, ikkje berre sekretærgeneralar, men også hovudstyremedlemmar og dei fleste andre oppi der.

Translate »