Archive for januar 21st, 2023

januar 21, 2023

ChatGPT er så «skikkeleg» takk vere underbetalde kenyanarar

Omtrent like intelligent …

Det handlar igjen om den «kunstig intelligente» ChatGPT, maskina som kan gjere oppgåvene for skolelevar på få sekund, guide deg rundt på IKEA, lære deg avansert programering og erstatte journalistar – og bibliotekarar?

Vi siterte i går frå Computerworld, der IT-eksperten Erling Schackt minna om at «Lar du ChatGPT løpe løpsk på internett og lese alt, blir den nok ganske rasistisk og fordomsfull. Det er jo mye på internett som ikke stemmer».

Men magasinet Time 18. januar avslører korleis eigarane, det liksom progressive OpenAI, har løyst dette problemet, i alle fall førebels. I utgangspunktet var ikkje chatbot’en i stand til å unngå påverknad frå «violent, sexist and racist remarks» på nettet. Men for å trene programmet til å unngå slikt sende dei titusenvis tekstbitar til eit outsourcingfirma i Kenya: «Ein stor del av tekstbitane ser ut til å vere henta frå nettets mørkeste avkrokar. Nokre av dei skildra situsjonar i grafisk detalj, som seksuelt misbruk av barn, bestialitet, mord, sjølvmord, tortur, sjølvskade og incest».

Arbeidslause frå Kenya, Uganda og India fekk så jobben med å lese gjennom og tagge tekstbitar som slikt maskina må unngå, for berre 2 dollar i timen eller mindre.

Ein viss menneskeleg intelligens ligg altså likvel bak her …

PS: Treng du litt skeptisk input frå venstrekanten, les denne artikkelen i Jacobin.

januar 21, 2023

Bokprisane, dei i NOK

Siss Vik sine Bokbrev på nrk.no kan vere greie å kikke på. I dag spør ho: Har krympflasjonen nådd bokbransjen?; «Flere nye syltynne romaner koster nær det samme som tjukke mursteiner». Ho har rekna på kor mykje du får per krone denne bokhausten. Til dømes:

  • Jon Fosse: «Septologien», 1251 sider, 233 ord
  • Jonny Halberg: «Johannes» åpenbaring», 237 sider, 142 ord
  • Annie Ernaux: «Den unge mannen», 30 sider, 18 ord!

På ein blogg som denne kunne eg sjølsvsagt enkelt triumfert ved å spele ut bibliotekkortet. Til dømes (fjern)lånte eg før jul «The Nansen photographs» av Geir O. Kløver, ei bok på 712 sider (og 4,3 kg!), for kr. 0,00.

Men så enkelt er det jo ikkje; bokprisgalloppar har det med nådelaust å sprenge alle bibliotekbudsjett. Så då er vi like langt. Slik underteikna opplevde som biblioteksjef i ein liten Akershuskommune hausten 1978 då Thorkild Hansen kom på norsk med sin 780 sider tjukke «Prosessen mot Hamsun». ALLE ville låne boka, for denne var dyr; 290 kroner!! Vi kjøpte vel fem eks., men likevel blei ventelista månadlang. Før bøkene brått blei hyllevarmarar. Avisene hadde skrive så mykje om boka at dei fleste trudde dei alt hadde lese henne.

290 kroner var noko heilt skremmande nytt for éi bok. I den same avisa der eg fann annonsa er det annonsar for Asbjørn Eldens roman «Berte Ersons saga» til 48 kroner, Eva Funder Fleischer, «Miljøloven», 78 kr. Og lutefiskmiddag på Hotell Helsfyr for 38,-.

Og om romanprisen snart passerer 450 kroner, vil samtidig Kulturfondbudsjetta bli sprengde, med færre titlar som resultat. Ikkje minst i ordninga for omsette nobelprisromanar på 30 sider.

Translate »