I november blogga vi om alvorlege varsel om budsjettnedskjeringar og at «den “nye” funksjonen som møteplass og debattarena kan vere den første som ryk ifølgje ferske avisinnlegg i Bodø, Nordre Follo, Kragerø og Arendal». Men i Kommunal Rapport kan no NBF-leiar Vidar Lund under tittelen ovanfor fortelje at:
«Heilt på tampen av 2022 kom gladmeldinga om at bystyret i Arendal denne gongen auka budsjettet til biblioteket med 500.000 kroner. Vi må vone at det er fyrste del av ein snuoperasjon, men for biblioteksjefen var det for lite og for seint. … I Kragerø berga biblioteket frå å kutte 1/3 av personalbudsjettet. I Nordre Follo berga ei stilling, i Bodø berga to stillingar, i Ås berga Nordby filial – og fleire døme finst».
Dette er sikkert også resultat av lesarinnlegg og lobbyverksemd frå NBF-arar, fagrørsla og brukarar. Kunne vore fint å få vite kva som har virka? Har leita på FB-sidar osv., men ikkje funne noko særleg.
Og opplæringa av politikarar og administrasjon må pågå heile tida. Her eit døme på at ein kommunedirektør er alvorleg feilinformert: «Det kan òg bli aktuelt å kutta i tenester som ikkje er lovpålagde [min kursiv], men som mange har kjært. Som å kutta innan bibliotek og kulturskule».