Archive for januar 26th, 2023

januar 26, 2023

– IFLA – kondemneringsmodent

Grunnstøtt og kondemnert. Utsnitt: Flickr /Kystverket (CC BY-NC 2.0)

Toppfolk i IFLA-systemet er svært kortfatta om krisa i organisasjonen, til dømes Inga Lundén i SIGL-styret, som vi tidlegare i dag siterte frå Biblioteksbladet. Og i Tyskland er det knapt nok kommentarar å få frå IFLA-tillitsvalde:

Tidsskriftet BuB Forum Bibliothek und Information har i dag førebels publisert ein pdf med nokre spreidde sider frå det komande nummer 1/23. I leiarartikkelen, under tittelen Totalschade = kondemneringsmoden (!), får vi ein idé om kva som kjem. Blant anna at «For det store fleirtalet av medlemmane i den tyske IFLA-nasjonalkomiteen var det [alt som er avdekka, min merkn.] ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å uttale seg til BuB. Avslaga kom med berre få ord, men avslører desto meir om det tyske biblioteksystemet. Til dømes sa sjefen for eit av dei viktigaste biblioteka i dette landet til oss: «Eg synest ikkje den såkalla “handsaminga” av situasjonen i Biblioteksbladet og no BuB, er føremålsteneleg».

Redaktøren avsluttar: «Kor er dei, forkjemparane for informasjonsfridom og ytringsfridom i tyske bibliotek? Dessverre har vi ikkje funne dei i forskinga vår på IFLA-skandalen» [mine omsettingar].

I det komande nummer 1/23 av BuB kjem også det varsla intervjuet med noverande IFLA-president Barbara Lison, men i pdf-en får vi berre lese overskrifta: «Die Werte der IFLA sind nicht infrage gestellt» = Verdiane til IFLA står fast.

PS: Her på bloggen har vi skrive kritisk om IFLA sidan november 2020. Og har per i dag 25 artiklar.

januar 26, 2023

IFLAs økonomiske sjanseseglas*

Klikk og les meldinga hennar

Australske Christine Mackenzie, IFLA-president frå 2019-21, gjekk, tradisjonen tru, over i styret for stiftinga SIGL etter perioden sin i IFLA-styret. Men på twitter 24. januar (sjå illustrasjonen) kunngjorde ho at ho sluttar i vervet då ho ikkje er einig i vedtaka til styret om retninga og leiinga av SIGL. Som «styremedlem med dissens kan eg ikkje lenger vere ei effektiv stemme i styret og ikkje tene interessene til fondet og mottakarane av støtte» (mi omsetting).

Svenske Biblioteksbladet køyrer denne saka i dag og minnar om SIGL sin natur: «SIGL förvaltar de mångmiljondollar-donationer som Bill och Melinda Gates stiftelse de senaste åren skänkt till organisationen. Det gör stiftelsen till en maktfaktor i relation till sin stiftare, vilket bekräftas av det faktum att huvuddelen av Iflas budget täcks av pengar därifrån».

BBL intervjuar også Inga Lundén, framleis styremedlem, som berre har denne kommentaren: «Styrelsen beklagar verkligen. Hon har gjort ett bra och viktigt jobb för SIGL».

* Sigl på islandsk kan tydast seglas …

januar 26, 2023

PS: Skjer det noko?

På ti dagar har dette blogginnlegget blitt lasta ned 384 gongar: Lokaldemokratisk bomtur. Det handlar om to ulike demokratifremjande regjeringstiltak og -dokument, men der biblioteka er ikkje-eksisterande. Nope, Nada, Never.

Særleg interessant hadde vore å høyre frå kommunane Bergen, Bodø, Sunnfjord, Gjøvik, Lørenskog, Suldal og Vadsø. Bruk gjerne kommentarfeltet.

Translate »