IFLA-presidenten: – Hendingar? Kva for hendingar?

Det tyske tidsskriftet BuB – Forum Bibliothek und Information – intervjuar i nr. 1/23 (per 30. januar enno ikkje på nett) IFLAs sitjande president, tyske Barbara Lison, i samband med skandalen i organisasjonen. Men i denne første opninga hennar for kritiske spørsmål utanfrå avviser ho all kritikken som «ikkje bevist» og har elles svært lite nytt å fortelje.

Ein typisk passasje frå intervjuet (vår omsetting):

«- Når vil publikum bli fullstendig informert om hendingane?

– Kva for hendingar meiner du?

Til dømes dei utålelege arbeidstilhøva på hovudkontoret, påstandane frå dei tilsette og den manglande kommunikasjonen.

– Kva meiner du med fullstendig? Kva meir meiner du vi skal seie?

Ei moglegheit kunne vere å gje ei uttale der påstandane er fullstendig eliminerte.

– Dette har vi gjort mange stader og eg vil igjen vise til IFLA sin framtidsplan, som vi kan snakke om når som helst og som er offentleg tilgjengeleg. Vi har alt diskutert denne planen med representantar for både dei frivillige og representantane for dei nye regionale avdelingene til IFLA. Denne planen er den ultimate målestokken for alt vi gjer».

Vi får vite at ho var den einaste i hovudstyret som røysta mot å suspendere generalsekretær Gerald Leitner, og ho stadfestar at det kunne ho gjort igjen. Og ho meiner det er problemfritt at Leitner held fram som …

… GS for Bill Gates-stiftinga SIGL, til skilnad frå den førre IFLA-presidenten Christine Mackenzie, som nyleg trekte seg frå dette styret.

Elles bagatelliserer ho den 60% sterke økonomiske bindinga Gates + IFLA gjennom SIGL med slikt som at stiftinga «blei oppretta spesifikt ikkje for å støtte IFLA, men for å støtte Global Library Field generelt. Det er andre globale bibliotekarorganisasjonar som gjer godt for biblioteka. Desse organisasjonene kan teoretisk finansierast av SIGL på same måte som IFLA».

Og når det gjeld trugsmålet frå ein IFLA-funksjonær mot Sveriges biblioteksförening for å hindre rapportering i Biblioteksbladet, svarer Lison at ho «ikkje veit kva dei siktar til, her er det heller inga konkret forklaring».

På bakgrunn av intervjuet og fleire omsette artiklar frå svenske Biblioteksbladet diagnostiserer altså BuB-redaktør Bernd Schleh IFLA som Totalschade – kondemnabelt.

Men etter snart eitt år med (avgrensa) offentleg omtale av denne situasjonen hadde det vore interessant å høyre meiningane til vanlege tillitsvalde i ulike styre, komitear og seksjonar i IFLA. Og til biblioteka og organisasjonane som er medlem? Vil dei halde fram som om ingen ting har skjedd? Har dei tillit til styra i IFLA og SIGL etter dette? Blir dette drøfta i det heile tatt?

>> PS 1. februar: Også det svenske Biblioteksbladet skriv no om BuB sitt intervju med Barbara Lison. Noko vi også fekk vite av BuB-redaksjonen, var at IFLA-presidenten i sin visdom stilte som «villkor för att medverka i den tyska tidningen … att texten inte fick spridas till andra publikationer». Løysinga for BBL var då å sitere og omsetje endå fleire detaljar enn vi gjorde her i bloggen. Men, som vi vel fekk fram måndag (altså ovanfor), var det mest interessante ved det heile at Lison må ha vurdert det som klokt å la seg intervjue, men utan å ville gje meir informasjon.

Informasjon ifølgje IFLA HQ

2 Trackbacks to “IFLA-presidenten: – Hendingar? Kva for hendingar?”

Leave a Reply