Archive for mars 2nd, 2023

mars 2, 2023

Twitter og historieskrivinga

Brewster Kahle, gründeren til Internet Archive, skreiv artikkelen «Our Digital History Is at Risk», først i TIME Magazine, så på IA sin blogg. Bakgrunnen er særleg faktumet at (vår omsetting):

«Twitter sitt eigarskifte har avslørt ein underliggjande ustabilitet i det digitale informasjonsøkosystemet. Mange har no sett at når nokon slettar Twitter-kontoen sin, blir profilen vekk, tweetsane og til og med direktemeldingane deira. Ifølgje MIT Technology Review har rundt ein million menneske forlate Twitter så langt, og all denne informasjonen har forlate plattformen saman med dei. … Å miste tilgang til viktig privat informasjon utan tvil urovekkjande, men situasjonen er endå meir urovekkjande når vi tenkjer på den rolla digitale nettverk speler i verda i dag. Regjeringar kjem med offisielle uttalar på nettet. Politikarar driv valkamp på nettet. Forfattarar og kunstnarar finn eit publikum for arbeidet sitt og ein stad å kome til orde. Protestrørsler finn trekkraft og tilhengarar. Og sjølvsagt var Twitter ei viktig publiseringsplattform for ein viss amerikansk president. … Om Twitter skulle svikte fullstendig, kunne all denne informasjonen forsvinne frå nettstaden deira på ein augeblink. Dette er ein viktig del historia vår. Burde vi ikkje prøve å bevare han?»

Det er ikkje overraskande, skriv han, at i 2017 stansa dei Library of Congress sitt føderale program for å ta vare på det heimlege nettinnhaldet …

Kva med Noreg? Nasjonalbiblioteket seier dei driv med nettsanking av «helt syke datamengder», og at dei «Soper opp alt». Men ser vi nærmare etter, haustar dei ikkje «Sosiale medier (Facebook, Instagram, Twitter)»; klikk på «Hva høster vi».

Og frå to år tilbake veit vi jo at dei ser på tjue år fagleg bibliotekdebatt som verdilaus.

mars 2, 2023

Rikspress(e) på «debattbiblioteket»

Frank Rossavik sin kronikk i Aftenposten, knipsa i det definitivt stillaste biblioteket i Oslo, Nasjonalmuseet sitt.

No uroar faktisk rikspressa seg over folkebiblioteket, ikkje minst Aftenposten. I oktober hadde Knut Olav Åmås ein av sine vektige kronikkar: Ro er den nye rocken. Og her om dagen var det Frank Rossavik med tittelen Før skulle bibliotekene være stille. Nå er de pålagt å ta inn bråk. Motseiingsparet ro versus uro i biblioteket er i overført tyding hos begge; det går på tradisjonelt utlån av bøker (som minkar) versus alle dei «nye tenestene» og dermed «debattbiblioteket». Noko mange no meiner er meir utfordrande enn nasjonalbibliotekaren vil ha det til.

Rossavik er mest konstruktiv, der han aktivt støtter seg på det ferske nummeret til Bok og bibliotek (BoB), med fleire artiklar om emnet. Den innleiande saka i BoB-nummeret, Bibliotekenes debattdilemma, handlar om Norsk Bibliotekforening si nylege spørjeundersøking til alle biblioteka i landet. Denne avslører sprikande meiningar og at mange er usikre.

Som er ille nok, men det som ikkje blir poengtert, verken av NBF, i BoB eller av Rossavik, er at under halvparten av biblioteka svarte. Er det sannsynleg at dei som ikkje har svart er blant dei sikre og nøgde?

Ei betre undersøking er den som Elin Golten gjorde i doktoravhandlinga si. Men resultatet er det same; særlig dei små, men også mellomstore og nokre større bibliotek, manglar ressursar, kompetanse og guts til å arrangere debattar, i alle fall ikkje skarpe, gode debattar.

Men det kjem etter kvart idéar om korleis ein kan løyse problemet. BoB-redaktør Hans Olav Hageberg skriv i leiarartikkelen sin:

read more »
Translate »