Archive for mars 10th, 2023

mars 10, 2023

Tysk bibliotekarforbund set IFLA-engasjementet på vent

Idet vi tenkte at debatten om IFLA hadde stilna heilt, ser vi at tyske VDB – Verein Deutscher Bibliothekarinnen und Bibliothekare, med 1700 medlemmar, har annonsert at dei trekker seg ut av alle engasjement i høve til den internasjonale bibliotekorganisasjonen.

Biblioteksbladet skriv også om saka i dag og har intervjua leiaren av VDB. Vi får blant anna vite at IFLAs styreleiar Barbara Lison også er leiar av den tyske IFLA-komiteen. Lison har snart eitt år no markert seg som forsvarar av alt som skjer og ikkje skjer i IFLA-toppen, men utan å ville svare på kritiske spørsmål frå omverda.

Det tyske forbundet skriv i ei pressemelding (vår omsetting):

«På grunn av manglande openheit i handteringa av dei offentlege påstandane om ansvaret for økonomiske avgjerder i IFLAs styre og leiing, og samspelet mellom styret og sekretariatet, har VDB vedtatt å mellombels innstille arbeidet sitt i IFLAs nasjonale komité og ikkje lenger ta del i vala til IFLAs organ eller støtte nokre valforslag.

VDBs styre helser arbeidet med å reformere IFLAs styring velkomen, dvs. innføringa av krav om openheit i bruken av middel, løn til heiltidstilsette og tiltak for å forbetre det interne samarbeidet.

VDB vil ta opp igjen engasjementet sitt i IFLA så snart det er klart at reformene er gjennomførte på ein slik måte at ein kan vere trygg på at det faglege arbeidet er prioritert og at fungerande avgjerdsstrukturar trer i kraft».

mars 10, 2023

Lillestrøm til ettertanke

Det er ikkje ofte at Morgenbladet sin arkitektur- og byutviklingsjournalist Gaute Brochmann skriv om nye bibliotek. Det siste, før i dag, må ha vore om biblioteket i Nord-Odal for to år sidan. Men i dag, altså, handlar det om Lillestrøms nye bibliotekbygg med kulturskole og meir.

Saka hans på nettet har overskrifta: I dette biblioteket er bøkene nedprioritert. Men det tyder likevel ikkje at han sluttar seg til kollega Bernhard Ellefsen sitt årelange korstog mot all kassering av bibliotekbøker. Mistanken om at nettdesken har spelt ei rolle her, blir styrkt når vi opnar papirutgåva og der finn tittelen «Biblioteksjefen som byutvikler».

Og Brochmann tar atterhald med eit «kanskje» når han svinger innom temaet boklesing: «Lillestrøms nye bibliotek er nemlig et hus som inviterer til alle former for aktivitet. Kanskje med unntak av den tradisjonelle bruken. Altså det å sitte i fullkommen stillhet å lese en bok». Han har snakka med biblioteksjef Sølvi Tellefsen om dette og ser ut til å kunne leve med dei moderne lillestrømløysingane, så lenge arkitekturen fungerer.

Tellefsen kjem med eit signal vi ikkje har støtt på før. Ho vil «i all hovedsak ikke … ha titler som er eldre enn tre år i hyllene». Har dette blitt god tone på bibliotekfaglege konferansar? Utanom dagsorden? For underteikna slutta å gå på slikt for snart ti år sidan, men får alltid med seg programpunkta.

Gaute Brochmann skriv mest om …

read more »
Translate »