Archive for mars 16th, 2023

mars 16, 2023

Fire år i fengsel for biblioteksjef?

Vi skreiv akkurat om lite modige bibliotekarar i samband med IFLA-skandalen som pågår. Men frå Michigan, USA, les vi no om ein biblioteksjef som kan risikere fire år i buret om ho ikkje fjernar teikneserieboka Gender Queer: A Memoir frå hyllene. Og det vil ho ikkje. Boka var den mest omdiskuterte i USA i 2022 og handlar om forfattarens sin oppvekst og korleis hen blei medviten om å vere ikkje-binær, og ho inneheld illustrasjonar av seksuelle handlingar.

Lokalavisa skriv at «Dette trugsmålet om strafferettsleg klage på eit bibliotek truleg er det første i delstaten, og er ei opptrapping av kulturkrigane som har spreidd seg rundt folke- og skolebiblioteka i Michigan det siste året».

Biblioteksjefen seier boka står i vaksenavdelinga, men det er ikkje bra nok for dommaren, for der meiner han ungdomane kan kome til. Dei færraste biblioteka i staten har eigne område for «obskøne» bøker der barn og ungdom ikkje kjem til.

The Washington Post hadde nyleg ei større sak frå ein nasjonal bibliotekkonferanse med 2000 deltakarar i New Orleans der denne typen sensur var temaet. Dei skriv at «bibliotekarar som avviser bokforbod har blitt truga, trakasserte, saksøkte, sparka og stempla som “groomarar” og “pedofile” på sosiale medium».

mars 16, 2023

Alvorleg NRK-krenking av bibliotekarstanden?

Her i nabogarden til Stay Behind i Cort Adelers gate hadde faktisk salige Riksbibliotektjenesten kontor i alle år.

Hovudoppslaget på Nrk.no i kveld handlar om ei ny bok om det paramilitære Stay Behind-systemet i Noreg etter 2. verdskrigen: «Avslører det ingen skulle vite».

Men den første feite mellomtittelen er faktisk «Agenter som minner om bibliotekarer» (!)

Jøss, dét var litt av ei fjør i hatten!

Men vi les vidare. Det er den eine av forfattarane av boka, ein pensjonert oberstløytnant, som blir sitert her:

«… han ble overrasket over typene han har truffet. – Jeg hadde ventet meg store, sterke karer, men slik var det sjelden. Mange av dem var ganske unnselige, og minnet meg mer om bibliotekarer enn motstandskrigere. Det er slike personligheter som fungerer best. Stillfarne folk som ikke har behov for å stikke seg fram. Men de må ha kalde hoder, sterk psyke og være i god form».

Korleis bør bibliotekarstanden stille seg til dette?! Kalde hovud og sterk psyke blir liksom ikkje hovudinntrykket du sit igjen med.

Men etter å ha opplevd det siste året kor unnselege og stillfarne dei aller fleste bibliotekarar og bibliotekorganisasjonar i ut- og innland har vore i striden rundt den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA, er det liten grunn til å kjenne seg krenka.

Unntaka er leinga ved Stockholms stadsbibliotek, eit tysk bibliotekarforbund, Svensk biblioteksförening, tre bibliotektidsskrift; eitt tysk, eitt svensk og eitt fransk, pluss eitt norsk med ein notis, og ein psevdonym bloggar. Og nokre av dei trakasserte tilsette ved IFLA HQ. Og denne bloggen (vi kan ha gløymt nokre).

PS Det finst likevel Barske Bibliotekarar. Her på bloggen har vi p.t. 22 artiklar om slike. Og vi har fem artiklar om Bibliotekarstereotypien, medrekna denne.

mars 16, 2023

Lydboklandskapet stadig meir kupert

Ikkje berre for biblioteka og det motarbeidde, beskjedne utlånet, men for alle dei andre aktørane i den norske bokbransjen. I førre veke hadde Stavanger Aftenblad ei dobbeltside om lydboka med overskrifta, eit sitat av forfattar Tore Renberg: – Dette er den største omvelt­ningen siden bok­trykker­kunsten. Renberg held fram slik: « … og det er den mest kritiske. Det er fryktelig paradoksalt, siden det leses mer bøker nå enn noen gang i historien».

Framleis Renberg: «.. bokforlagenes inntekter [øker ikke] i takt med lyttingen. … Vi har valset inn i en Spotify-situasjon med åpne øyne. Det er egentlig ikke nok penger i bunn til å lønne alle. Det er den store tragedien, sier Renberg».

Og vidare i artikkelen: «Den månedlige prisen på en strømmetjeneste må opp. Det er kun det som kan skaffe inntekter. Forlagene og strømmetjenestene kan ikke tømme sin kasse for å selge noe som ikke er bærekraftig».

Og i dag kan vi lese at Bauer Media lanserer lydbøker med reklamepauser (PS 18. mars: – Det høres helt skrekklig ut!, seier Helene Uri til Bok365.no.

Men kva med prisen biblioteka må betale?

Med Google, og no «kunstig intelligens», er kunnskapsbiblioteket ein skugge av seg sjølv. Musikkbiblioteket er blitt praktisk talt musealt. Og med lydbokutviklinga blir også det litterære biblioteket ein parentes for andre enn dei spesielt interesserte.

Før i verda hadde vi styresmakter som sikra eit levande kulturliv. Har vi det framover?

PS: Dette blogginnlegget har vi kategorisert under Bibliotekframtida, saman med 61 andre.

Translate »