Archive for april, 2023

april 27, 2023

Eg kunne denne veka ha skrive om …

Men berre nesten

biblioteket der du aldri får kome inn, om biblioteket der dei tilsette ikkje vågar å rapportere om valdsverk, om publiseringsrabatt for forskarar frå 107 land, om «tips og triks for å lage politisk debatt i bibliotek» og om Trettebergstuen sin leslyststrategi, men kunne då replisert med «Dropp leselystbegrepet» i tidsskriftet Bibliotekaren. Og eg kunne ha blogga om «det midlertidige biblioteket på Mortensrud» og om «Biblioteken som tankesmedjor», eit prosjekt i ti svenske kommunar. Til dømes.

Men i staden vil eg, etter å ha tenkt meg lenge om, redusere sterkt denne typen aktivitet. Det blir slutt på den dag- og nærmast nattlege kampen for å formidle breaking news og å seie ja, takk til tips frå folk om å skrive om stort og smått. Eg har alt sagt opp dusinvis nyheitsbrev om bibliotekrelaterte spørsmål, teknologi, opphavsrett osv, og tilsvarande slutta å følgje mange på twitter og RSS. Eg seier opp abonnementet på Atekst, der eg har funne mykje interessant å formidle vidare. Og nokre abonnement. Og heller rusle bort til Rygge bibliotek kvar laurdag for å lese Morgenbladet og Aftenposten (no i den privatøkonomiske krisa er det endå viktigare med aviser i bibliotek! Og marknadsfør dei godt).

Eg vil no avgrense bloggarbeidet til ein handfull viktige bokomtalar eg alt har avtale med forlag om. Og kanskje skrive om heilt eksistensielle biblioteksaker som måtte dukke opp. Omtrent slik som min finske med-bloggar Mikael Böök gjer med blant anna IFLA-skandalen og om bibliotekaren og krigen. Elles vil eg bruke tid på mindre flyktige og meir langsiktige prosjekt. Lokalhistorie og målsak og kanskje om bibliotek. Kanskje bidra litt meir på bibliotekdelen av Lokalhistoriewiki. Og eg vil lese meir akkurat det eg ønskjer, til dømes mellomkrigsromanar, ofte om igjen, gå meir på kino og sjå på tv-seriar, men mest matprogram.

PS: Det blei faktisk 2428 bloggpostar frå 2006 til i dag.

april 26, 2023

«På biblioteket» – ein sterk retrofilm – og ein KI-test

Skjermdump frå filmen

Tilfeldigvis kjem eg over filmen «På biblioteket» på nrk.no. Første og siste gong send 24. oktober 1963, heiter det. Med opptak frå «gamle» Deichman (den same hausten eg starta å bruke akkurat dette biblioteket) og frå ein bokbuss og nokre bibliotek i Østfold, med meir. Og med unike (?) filmintervju med sentrale folk som dåverande direktør Anders Andreassen i Statens bibliotektilsyn og Arne Kristian Sollid, mangeårig bibliotek- og så kultursjef i Fredrikstad (namna framgår ikkje, men det er desse eg kjenner igjen. Kjenner du andre intervjua kollegaer, skriv om det i kommentarfeltet).

Her har vi ein gløymd bibliotekfilm, vil eg påstå. Det finst andre og meir kjende fulltreffarar, blant anna «Rundt land og strand – Om ambulerende kulturtiltak i Norge» frå 1961, «Biblioteker for alle : en film om bibliotekaryrket» frå 1966 og ikkje minst Arnljot Bergs «For Lærde og Lærdoms elskere» frå 1970. Men Nrk har ikkje meir informasjon enn år og dato om «På biblioteket». Og rulletekst finst ikkje.

Likevel, slike utfordringar er det vi bibliotekarar lever for, ikkje sant. Men ein halv times søking gav ikkje resultat. Heller ikkje i nb.no, verken søk på film, bøker eller tidsskrift (der dei fleste bibliotektidsskrifta no er ferdig digitaliserte). Eg kunne ha kontakta NRK, som truleg står bak filmen, men hadde dei visst det, hadde dei vel skrive det.

Men så er det dette nye, den såkalla «kunstige intelligensen». Eg spør ChatGTP: «Kan du seie noko om filmen «På biblioteket» frå oktober 1963?». Eit tilsynelatande skråsikkert svar kjem på få sekund:

read more »
april 19, 2023

Trettebergstuen har «svart»

Kulturministeren svarte i går på det skriftlege spørsmålet på Stortinget om ho vil «foreta seg noe for å sørge for at tilgangen til Nasjonalbibliotekets nettbibliotek «bokhylla» ikke blir kraftig redusert?». Og Forskerforum er først ute med nyheita. Men ingenting nytt kjem fram i høve til det statssekretæren sa til Klassekampen fredag. Og nasjonalbibliotekaren blir på ny sitert på at han «ikke kan forholde seg til revidert budsjett før det kommer».

Meir interessant på Forskerforum er at dei publiserer innlegget frå Klassekampen av Arne Skivenes, tidlegare byarkivar i Bergen: «Det dreier seg om ødeleggelser i kunnskapstilgang for hele nasjonen». Han drøftar blant anna signalet om «kassering» av dei 100 000 titlane i basen som «ikke er etterspurt eller lite brukt»: «Ikke start med å kutte marginallitteraturen fra tilbudet. Start med å kutte digitalt det som enkelt lar seg fremskaffe analogt: det mange har fra før, som er trykt i store opplag, finnes på antikvariater og loppemarked» (vår utheving).

Utan å framheve meg sjølv, må eg melde at tre dugnadsbaserte bokprosjekt av lokalhistorisk karakter som eg har vore med på dei siste par åra, ikkje ville blitt noko av utan omfattande søk i Bokhylla.no, både i bøkene, tidsskrifta og avisene. I til dømes denne årboka frå Østfold Mållag ville dei over femti sidene ikkje blitt realiserte om den nærmast bortgløymde autodidakte multi-kulturberaren Kristian Strømshaug (1921 – 2004). Her fekk vi utført viktig lokalhistorisk «grunnforsking» på materiale frå Strømshaug si side når det gjeld folkeminne og målføre, byggeskikk og utforming av gardstun og om kunstsnekring og lafting, som neppe har generert mange fleire klikk gjennom Bokhyllas historie.

april 15, 2023

AI? – Syntetisk media!

I Bergen kunne dei trenge intelligente skilt

Vi kunne kvar dag sitere, kommentere og drøfte mengder av blodferske tekstar om «kunstig intelligens» eller AI. Vi skal ikkje dét. Men til dømes har vi i dag lese fire interessante innlegg, to svenske og to norske. Først dei svenske:

Éin av dei mest aktive over Kjølen er historikaren Rasmus Fleischer, ikkje ukjend for svenske bibliotekarar og for lesarar av denne bloggen. Akkurat no er han i debatt i Göteborgsposten med EU-kommisjonær Ylva Johansson om EU-lovforslaget om Chat Control. Føremålet med lova er meir enn heiderleg, å «förebygga och bekämpa sexuella övergrepp mot barn», men det vil krevje forbod mot krypterte tenester som t.d. Signal, noko som vil utradere kjeldevern og hindre varsling.

I Aftonbladet i dag har Fleischer ein kronikk der han kommenterer det internasjonale oppropet frå ulike ekspertar om å stoppe utviklinga av AI i minst eit halvt år, for å tenkje seg om. Men han foreslår i staden: «Låt oss i ett halvår avstå från att alls prata om ”artificiell intelligens”. Inte för att vifta bort några risker. Tvärtom: för att få ett bättre grepp om dem. Då är det tveksamt hur behjälpta vi är av den notoriskt vaga metaforen ”intelligens”. Ingen kan säga riktigt vad AI är. Låt oss istället tala om syntetisk media». 

Eitt par andre smakebitar herfrå:

read more »
april 14, 2023

– Alle vil redde Bokhylla

Klikk og sjå stortingspolitiske kjenseutbrot

Dette er hovudoverskrifta på kultursidene i Klassekampen i dag. Men dei jublande (?) stortingspolitikarane på fotoet har ikkje stort meir å seie enn at Bokhylla.no internt på NB må prioriterast høgare.

Silje Hjemdal, Frp, «forventer selvsagt at dette vurderes før alt annet». Høgres Tage Pettersen «ber ikke om at kulturministeren skal gi biblioteket mer penger» og viser til det skriftlege spørsmålet sitt til Trettebergstuen. Hege Bae Nyholt frå Raudt «har full forståelse for at de velger å holde på sine ansatte. Problemet er at den økonomiske ramma er for trang».

Så svarer heller ikkje statssekretær Aunan Bohmann (AP) meir enn at revidert nasjonalbudsjett vil «hensynta en økt pris- og lønnsjustering. … Bokhylla er en bra ordning, og vi håper Nasjonalbiblioteket klarer å unngå for store kutt i avtalen».

Avisa har dette også på leiarplass, der vi i tillegg blir minna på Entra-eigarskapen til NB-bygget i Oslo, som igjen er eigd av blant anna Citibank, J.P. Morgan og Goldman Sachs (mens den største deleigaren er svensk, noko vi sette i ein større bibliotekhistorisk samanheng i 2019!).

Og i eit lesarinnlegg skriv Arne Skivenes, tidlegare byarkivar i Bergen: Det måtte jo skje! Han stadfestar blant anna lokale bibliotekarhaldningar av typen «Det finnes jo digitalt hos NB, da kan vi kassere vårt eksemplar». Jamfør utdjupinga vår her om dagen om risikoen for store følgjefeil av denne digitaliseringsnaiviteten.

PS 1: I andre riksmedium er saka nemnd berre i Nettavisen, Nationen og Vårt Land, basert på korte NTB- og NPK-meldingar.

PS 2: I denne prosessen har no alle kanalar, pluss stortingspolitikarane og Kopinors Slettholm og NB-sjefen sjølv, og ein drøss store og små lokale bibliotek, brukt det tidlegare, gjennom fleire år innarbeidde namnet Bokhylla.no istaden for Nettbiblioteket. Så gjer vi det her på bloggen også. Og NB bør vurdere å revurdere si eiga namnevurdering.

april 13, 2023

Digital opphavsrett anno 2023

Internet Archive innbyr 20. april til seminar om dette. IA-grunnleggjar Brewster Kahle skal snakke med forfattar og jussprofessor Jessica Litman om «opphavsrettslover som er utforma av advokatar og lobbyistane deira» – gir dei «verkeleg … meining for dei aller fleste av oss? Bør kvar samhandling mellom vanlege forbrukarar og opphavrettsleg verna verk vere avgrensa gjennom lovgiving? Er det praktisk muleg å handheve slike lover, eller å vente at forbrukarane skal følgje dei? Kva for verknadar har slike lover på informasjonsutvekslinga i eit fritt samfunn?»

Boka til Litman, Digital Copyright, ligg sjølvsagt fritt tilgjengeleg på nettet.

Her heime såg vi nyleg korleis forlagslobbyen effektivt jaga den sosialdemokratiske kulturministeren Trettebergstuen vekk frå lovnaden i august om at «det innføres en leveringsplikt til folkebibliotekene», til det diametralt motsette: «I lys av innspillene som har kommet inn i høringsrunden, opprettholder departementet ikke forslaget om å omfatte bibliotekene i leveringsplikten i lovforslaget § 7».

Forgjengaren hennar, Trine Skei Grande (V), var i si tid like skråsikker på at lydbokutfordringane til biblioteka kunne løysast politisk. Ho er vel grundig ute av politikken no, men vi ventar sjølvsagt at det ofte svært fridomselskande partiet hennar tar saka fatt i stortingsdebatten om boklova.

april 13, 2023

Oppsnappa veke 15

Støy kan bli eit større problem i Wrocław enn i Bergen. Klikk for større bilete

KOMMUNIKATØR er ifølgje Magasin K ein type bibliotekjobb, i alle fall i Malmö, der fem tilsette har denne tittelen (kanskje heiter det slik ved norske bibliotek også, men i så fall nytt for bloggaren). Dei fem jobbar med moderering og svar på dei 29 kontoane på sosiale medium. Så debatten om bibliotekbruk av Facebook eller ikkje, ser ikkje ut til å gjelde lenger…

NÅR KULTURTILBODA BLIR DYRARE kan faktisk bibliotek sikre gratis opplevingar på eksterne arenaer. Jamfør NTB-meldinga om Høgmos Häcken frir til publikum – kan låne sesongkort på bibliotek. Men alt for tre år sidan delte vi oppslaget om at eit finsk basketlag gjorde det same. Og året før lånte Lørenskog bibliotek ut eit årskort til eit innandørs alpinanlegg.

ENDÅ EIN MIKS? Demo Linderud i Oslo er «en kombinasjon av basis biblioteksfunksjoner, nærmiljøkontorfunksjoner, og en kulturell møteplass for barn og unge, lokale foreninger, frivillighet og befolkningen for øvrig». Vi har skrive om miksen med innbyggjartorg osv, men dette blir kanskje noko anna? PS: Filialen på Veitvet, nær Linderud (sjå foto frå 1961), blei nedlagd (når? Fyll ut år på lokalhistoriewiki!). Så kom eit kunstnarstyrt «Bok på Veitvet», men som ikkje levde lenge. Bytting av private bøker var ikkje det folk trengte. Og no?

NYTT FRÅ POLEN. Lesing for hund veit vi barn kan ha utbytte av. Men oppslaget i ei lokalavis i Wrocław seier ikkje om dette er bakgrunnen for at biblioteket i byen har opna dørene for kjæledyr. Dei har også laga «hundereglar og vettreglar for hundepassarar og andre besøkande». Ifølgje DeepL, som står for omsettinga, gjeld altså vedtaket kjæledyr, så om det også strøymer på med katt og kaninar … ?

april 12, 2023

Halvering av Bokhylla.no vil IKKJE svekke …

Den nemnde trefflista i Bokhylla.no. Klikk for stort bilete.

… bibliotekbruken. For fjernlån bør og vil kompensere for mykje av tapet; dette var eg inne på 3. april. Meir presist: Du vil framleis få treff i den fulle teksten i blodferske så vel som eldre norske bøker, og dette vil inspirere til fjernlånstingingar. Særleg om Nasjonalbiblioteket ganske enkelt legg til «Bestill fjernlån» ved informasjonen «Kilde for metadata». Som du i dag finn i postane nedanfor «ISBN», som til dømes her. Der kjem du til Oria.no, med fjernlånsfunksjonen sin. Lenker inn i Biblioteksøk ville gjort det ekstra enkelt for brukarar av folkebibliotek.

Dette er det minste NB kan gjere for å bøte på skadane. Funksjonane skulle sjølvsagt vore der heilt frå starten, med tanke på at meir enn halvparten av bøkene alt er «innestengde».

På denne måten vil samtidig den nasjonale utlånsstatistikken auke synleg, for i dag blir ikkje Bokhylla-bruken rekna med verken her eller der. Av ein eller annan merkeleg grunn.

Men ein føresetnad er sjølvsagt at dei lokale biblioteka ikkje har kassert alt som gjennom snart tjue år er blitt digitalisert.

Halveringa av Bokhylla.no vil heller ikkje svekke SALET av norske bøker. For så lenge NB held fram med å digitalisere alt nytt, vil Bokhylla.no framleis vere ein god reklamekanal for bokhandelen.

Eit døme på dette: Underteikna fatta for ei tid sidan interesse (negativ) for Peter Thiel, ein Silicon Valley-milliardær og ifølgje Wikipedia ein «politisk reaksjonær libertarianer». Eit søk på namnet hans i Bokhylla gav treff i 54 bøker, av desse 8 frå 2022 (sjå illustrasjonen). Dette påverka meg til å kjøpe Lena Lindbergs «Ekko – et essay om algoritmer og begjær» (meir om denne, følg med på bloggen) og Carline Tromps «Kulturkrig : det nye ytre høyre og normaliseringen av det ekstreme» (eg kjende til begge på førehand, men søket i Bokhylla fekk meg til å handle, bokstaveleg talt).

april 11, 2023

«Hvorfor håndterer ikke Bibliotek24 norske ebøker og lydbøker?»

Slike som desse kan biblioteka framleis rå over …

Underteikna har eit par år no hatt forventingar, og spreidd desse vidare her på bloggen, til eit innkjøpssamarbeid som eg trudde skulle sikre betre vilkår for e-innhald til biblioteka. Digin var prosjektnamnet, mens no heiter det Bibliotek24. Og lanseringa skjer i morgon, 12. april.

Eg siterte til dømes i september 2021 frå ei undersøking Digin gjennomførte: 

«Omtrent hvert femte bibliotek oppga at de ikke tilbyr digitale innholdstjenester. Over halvparten av disse oppga tid og økonomi som hovedgrunner til dette. 5 prosent av de besvarende bibliotek mente lånernes behov ble dekket med den fysiske samlingen og gjennom BookBites/Allbok».

Eg trudde i min naivitet at mykje av vitsen var at dei nemnde, i stor grad leverandørstyrte e-bok og lydboktenestene skulle erstattast med noko nytt og betre.

Men slik er det ikkje. For i dag finn vi sanninga under overskrifta Hvorfor håndterer ikke Bibliotek24 norske ebøker og lydbøker?

Lydbøker i bilen på ferie!, heiter det i ei oppsummering frå eit innspel-seminar for bibliotektilsette no i januar. Men, altså …

Dei skriv at dei vel «å fokusere på en modell for Bibliotek24 som i størst mulig grad skal sikre en trygg overgang fra prosjekt til drift, fremfor å gripe over alt annet som med fordel kunne vært samlet i et nasjonalt konsortium. Dette kan endres underveis i prosjektet, dersom forutsetningene for overgangen fra prosjekt til drift endres». Så eg må berre be om orsaking for å ha spreidd eit grunnlaust håp om at biblioteka sjølve, ikkje forlaga, skal avgjere kva dei skal låne ut.

PS 1: No skal det seiast at kulturministeren konsekvent har valt forlagas side og ikkje gjort det lettara verken for det enkelte biblioteket eller for innkjøpssamarbeid som Bibliotek24. Eller for brukarane.

PS2: Det e-innhaldet Bibliotek24 faktisk vil formidle, er viktig nok.

april 5, 2023

Turboksesongen er nær

Det er no berre 17 eks. igjen av førsteopplaget av denne unike tur- og kulturboka, Kortreiste topper i høyreist skog. Jo, ein ny sjanger er fødd! Turbokforfattarar rundt i landet er vårgrøne av misunning.

Forfattarane reiser også på foredragsturnear i Østfold og nærliggande fjelltrakter. Og for ein svært billeg penge. Skriv til frilanders @ gmail.com.

april 4, 2023

Alt snakket om digitalisering …

… er berre snakk. I alle fall når det gjeld biblioteka si sikring av historie og kunnskap. I desse dagar får vi vite av vår eigen regjering at digitalisering av norsk materiale ved Nasjonalbiblioteket ikkje er så viktig likevel. Og i USA har Internet Archive tapt første runde i kampen om deira digitale “National Emergency Library” då dei fleste biblioteka i landet måtte stenge under Koronaen.

april 3, 2023

Den nasjonale kasseringa

Frå opninga av NB i 2005, etter restaurering og utbygging, eitt år før starten på Bokhylla.no

Endeleg har ei riksavis, Klassekampen, tatt opp dei store kutta som NB må gjennom og som bortimot vil halvere den unike tenesta Nettbiblioteket, nb.no, tidlegare kjend som Bokhylla (eit namn som faktisk får ein renessanse no; til og med Sira Myhre bruker det i avisa i dag).

For lesarane av denne bloggen er det likevel ikkje så mykje nytt. Vi skreiv 6. mars at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet og seinare om Ny, redusert normal for bibliotekbruk. Men til skilnad frå kva vi siterte assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold på i det sistnemnde innlegget: «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt», kan ikkje sjefen hans, Aslak Sira Myhre, i dag «si noe om hvilke bøker som kan bli tatt vekk fra samlingen».

Protestane er, i alle fall til no, for få og for veike til at kutta kan bli reverserte eller sterkt reduserte. Sidan NB no har gått tilbake på å kutte dei «minst brukte», bør bibliotekmiljøet kunne meine noko om kva som er minst alvorleg å kutte. Det er bibliotekarane rundt i landet som veit noko om følgjene for det totale bibliotektilbodet. Til dømes: Kva får det å seie for fjernlånstilbodet når norske bibliotek no i snart tjue år har kassert med tanke på at «det finst jo digitalt på NB»?

Og kva når samtidig Depotbiblioteket må redusere tilbodet? Frå nyttår, når dette trer i kraft, må bibliotek av alle slag aktivt informere nb.no-brukarar om at dei kan tinge fjernlån. NB må også tydeleg gjere merksam på dette etter treff på «stengde» titlar.

Sira Myhre minner om at «det mange dokumenter som ligger åpent andre steder». Men kor enkelt er det for folk å finne dei?

Er kanskje den gamle skjønnlitteraturen mindre viktig enn faglitteraturen? For nokre er tidsskrift og aviser mykje viktigare enn bøker, men om dei er mindre brukte, er det kanskje dei som må ryke?

Og kva med dei mange tusenvis lenkene til bøker osv. i nb.no som no vil «døy»? I alt frå Wikipediaartiklar til doktoravhandlingar.

Klassekampen spør: – Kunne dere kuttet antall arrangementer for å redde flere bøker? Sira Myhre svarer at det blir kutta der også. Men kor mykje har arrangementa på Solli plass å seie for brukarane rundt i landet, spør vi oss? Ikkje alle blir strøymde heller.

PS 4.4.: Arne Vestbø, leiar av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, blir intervjua i Klassekampen: Tror kutt vil ramme forfattere. Også UBO-direktør Randi Halveg Iversby.

april 2, 2023

Boklova – «En fortidens skjønnhet»

Ellefsen sine debattinnlegg mot kassering er velkjende. Som her i Bergen i 2016.

Debattinnlegg og aviskommentarar strøymer på om forslaget til ny boklov. Der biblioteket, ifølgje ministeren i august, skulle innkassere ein klar lydbok-siger, men der alt gjekk tapt på vegen frå høyringsnotatet til ferdig lovutkast (sjå §7). Biblioteka får heller ikkje gjennomslag i den pågåande debatten; såvidt vi kan sjå er det berre Nettavisen og Samtiden som har brukt NTB-pressemeldinga der NBF er sitert, men utan å konfrontere dei ansvarlege med NBF sin skarpe kritikk, der dei påpeikar at regjeringa no « … let det vera opp til forlaga kva bøker biblioteka skal låne ut». 

Ein som heller ikkje bryr seg konkret med lydboka og biblioteket, men som set ting i ein større samanheng, er Bernhard Ellefsen i Morgenbladet. Overskrifta er «Bokloven er vakker, men er den også allerede utdatert?», og han avsluttar slik:

«Det bokbransjen trenger mer enn fastpris, er jo kunder. Lesere. Bokloven er vakker* fordi den minner oss om en tid da leserne var så mange flere. Men hverken avanseregulering eller leveringsplikt på digitale lydbøker vil ta oss tilbake dit. Til det trengs helt andre kultur- og utdanningspolitiske tiltak. Hvis noen, den gangen boklov først kom på tale, hadde fortalt meg at nettbrett i skolen og dårlige skolebibliotek skulle utgjøre en langt større trussel mot lesingen i Norge enn en deregulert bokbransje, hadde jeg ledd høyt av dem».

* At boklova er vakker skal vere kulturminister Trettebergstuen sitt uttrykk under lanseringa.

april 1, 2023

God påske – med ein «ny» krimsjanger!

Observert i Moss bibliotek, mars 2023

Vi snakkar om bibliotek-krim. Men dette er ikkje ein undersjanger av kriminallitteraturen i vanleg forstand (svensk Wikipedia har ein brukbar oversikt over slike). Det handlar heller ikkje om at mord eller andre brotsverk kan finne stad i bibliotek eller om funn av mordoffer i denne typen institusjon eller rom. Heller ikkje om at detektivar kan finne på, i siste kapittel eller episode, å samle alle involverte i eit bibliotek – gjerne i herrskapshus – for å oppsummere og til slutt utpeike den skuldige. Og endeleg er ikkje bibliotek-krim ein ny «miljøsjanger», slik som nordic noir eller «fransk snø-krim»(?!). For ikkje å gløyme «Litteratur som anvender mikroøkonomisk teori».

Det handlar i staden om krimgåter som heilt eller langt på veg blir løyste ved hjelp av bibliotekarar. Men dessverre, ved dei fleste kjende høva, i strid med etablerte bibliotek-etiske reglar. Ofte er det regelrette brot på teieplikta av bibliotekarar som, utan rettsavgjerd, sladrar til politi eller andre om kva enkeltpersonar låner.

Kanskje kan ikkje bibliotek-krim kallast ein eigen sjanger, enno. For til no har berre underteikna drive med kartlegging av fenomenet, og berre seks bøker og éin film er registrerte. I alt ti personar er ansvarlege eller medansvarlege for innhaldet. Men desse er ikkje kven som helst, vi snakkar om Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström, Alexander McCall Smith, Carl Bernstein / Bob Woodward og Andrew Kevin Walker / David Fincher (regissør). Les meir.

Berre éin av dei, Lahlum, har kome med ei forklaring og delvis orsaking.

Takk og pris er bibliotekarane deira oppdikta, berre med éitt unntak, hos Bernstein og Woodward. Og med betre datasystem bør det bli vanskelegare å bryte reglane. Eller?

PS: Hugs OP-5.

Translate »