Archive for april 27th, 2023

april 27, 2023

Eg kunne denne veka ha skrive om …

Men berre nesten

biblioteket der du aldri får kome inn, om biblioteket der dei tilsette ikkje vågar å rapportere om valdsverk, om publiseringsrabatt for forskarar frå 107 land, om «tips og triks for å lage politisk debatt i bibliotek» og om Trettebergstuen sin leslyststrategi, men kunne då replisert med «Dropp leselystbegrepet» i tidsskriftet Bibliotekaren. Og eg kunne ha blogga om «det midlertidige biblioteket på Mortensrud» og om «Biblioteken som tankesmedjor», eit prosjekt i ti svenske kommunar. Til dømes.

Men i staden vil eg, etter å ha tenkt meg lenge om, redusere sterkt denne typen aktivitet. Det blir slutt på den dag- og nærmast nattlege kampen for å formidle breaking news og å seie ja, takk til tips frå folk om å skrive om stort og smått. Eg har alt sagt opp dusinvis nyheitsbrev om bibliotekrelaterte spørsmål, teknologi, opphavsrett osv, og tilsvarande slutta å følgje mange på twitter og RSS. Eg seier opp abonnementet på Atekst, der eg har funne mykje interessant å formidle vidare. Og nokre abonnement. Og heller rusle bort til Rygge bibliotek kvar laurdag for å lese Morgenbladet og Aftenposten (no i den privatøkonomiske krisa er det endå viktigare med aviser i bibliotek! Og marknadsfør dei godt).

Eg vil no avgrense bloggarbeidet til ein handfull viktige bokomtalar eg alt har avtale med forlag om. Og kanskje skrive om heilt eksistensielle biblioteksaker som måtte dukke opp. Omtrent slik som min finske med-bloggar Mikael Böök gjer med blant anna IFLA-skandalen og om bibliotekaren og krigen. Elles vil eg bruke tid på mindre flyktige og meir langsiktige prosjekt. Lokalhistorie og målsak og kanskje om bibliotek. Kanskje bidra litt meir på bibliotekdelen av Lokalhistoriewiki. Og eg vil lese meir akkurat det eg ønskjer, til dømes mellomkrigsromanar, ofte om igjen, gå meir på kino og sjå på tv-seriar, men mest matprogram.

PS: Det blei faktisk 2428 bloggpostar frå 2006 til i dag.