Archive for mai, 2023

mai 29, 2023

Svenske tålegrenser

Det største bibliotek-dramaet i Sverige for tida er at ein bibliotekfilial i Gøteborg forsøkte å bli lagt merke til med eit litt frekt Instagraminnlegg om gratis kasserte bøker, og der dei avbildar fire bøker av ein av landets mest kjende forfattarar, Lena Andersson. Under snippet til høgre kan du sjå forsmaken på korleis filialstyraren må krype til korset for rikspresse, forlaget, osv osv. Men det kjem støtte frå ein «kommunikasjonsbyråkrat».

Biblioteksbladet har også «tatt saka». Dei intervjuar ymse biblioteksjefar, og angsten er stor for å bli sett på som Sensur-instans med stor S. Humor er ok, heiter det, men helst ikkje.

Høyrer det til historia at Lena Andersson nyleg har fått pepper for ein kronikk om at ungar frå fattige svenske familiar ikkje treng å sulte? Ikkje er ho snill med sosialdemokratiet heller.

Men dette gjorde at eg endeleg har lese «konspirasjonsromanen» hennar om Palmemordet, «Koryfeene». Med stort utbytte, og slett ikkje berre av den spenstige teorien om kven som drap han. Kaja Schjerven Mollerin hadde ein lang prat med henne om dette i Klassekampen i februar.

mai 25, 2023

Før og etter ChatGTP

Etter at eg avslutta den kvilelause “bibliotek-overvåkinga” her på bloggen, har eg fått tid til å «ta igjen» ein del verkeleg viktig lesing (for biblioteka er faktisk ikkje så viktige, når no potensialet blir stadig dårlegare utnytta, jamfør den nye boklova, der politikarane vil reservere sentrale delar av framtidas kunnskap og kultur for kremmarane).

2023 er året for verkeleg viktige hendingar og utvikling. «Kunstig intelligens» (KI) og faren for ein ny verdskrig, er slikt ein ikkje kan la liggje til seinare (på 1990-talet gav eg til dømes opp å følgje med på «Jugoslavia-krigane», noko eg har mått forsøke å rekapitulere i ettertid).

Eg ser at KI er tema i alle tidsskrift og blant anna på KORG-dagane no snart, så derfor nokre personlege innfallsvinklar til dette emnet (det strengt bibliotekrelevante overlet eg førebels til dei som driv med det):

For seks år sidan las eg Max Tegmark si bok «Liv 3.0 – att vara människa i den artificiella intelligensens tid». Men som alle  andre før «ChatGTP-hausten» 2022, sa Tegmark slikt om «overmenneskeleg» superintelligens: «Det finst AI-ekspertar som trur det aldri vil skje, i alle fall ikkje på hundrevis av år. Tida vil vise! Omtrent halvparten av AI-ekspertane på Puerto Rico-konferansen vår gjetta at det ville skje innen 2055. På ein oppfølgingskonferanse vi arrangerte to år seinare, hadde dette sokke til 2047» (mi omsetting frå svensk. Boka finst visst ikkje på norsk, dét er synd). 

Så KI- eller AI-alvoret gjekk ikkje skikkeleg opp for meg, og heller ikkje mange andre. Til dømes ikkje Yuval Noah Harari i den nyaste boka si (på norsk), «21 Tanker for det 21. århundre» (2018), den tredje i Sapiens-serien. Han meiner der at vi kan ta det med ro «eit hundreår eller så». Dette er likevel ei umisteleg bok, både for «KI-skeptikarar» og andre, ikkje minst fordi ho er lett å lese! Du fossar fram frå side til side. 

Bjørn Gabrielsen skreiv i DN-Magasinet då boka kom, at «Det er minst 50 prosent sjanse for at Harari, uansett hvor tilfredsstillende og utfordrende han er å lese i dag, vil virke ekstremt utdatert om få år». Just precis, som svensken seier, for i 2023 er vi alt der.

Lena Lindgren si prisvinnande «Ekko» frå 2021 er også pre-chatGTP. Men boka er framleis svært aktuell med det ho handlar om. Ho er filosofisk, psykologisk og nærmast poetisk, og dermed lesbar (eg måtte likevel stoppe opp her og der for å forsøke å forstå). Lindgren er på ein måte endå meir samfunnskritisk enn Harari. Ho tar blant anna eit grundig oppgjer med IT-gigantane i Silicon Valley, spesielt den kyniske, men skummelt kreative Peter Thiel.

Eg var sci-fi-entusiast for femti år sidan, men ikkje lenger. Og slett ikkje sci-fi i filmar og TV-serier. Det har blitt eit mas etter drama, framfor alt. Fleire peikar no på at den dei snikande KI-appane burde overta for dei aggressive robotane i underhaldning og anna fiction, men dette blir nok for krevjande for den store US-amerikanske marknaden, så gløym det.

Harari skriv at når vi skal tenkje «på en framtid med kunstig intelligens, er Karl Marx fremdeles en bedre veileder enn Steven Spielberg».

Det beste av apokalyptisk sci-fi har trass alt vore berre sci-fi, men i dag kjem KI-pionerar som Eliezer Yudkowsky med relativt saklege dommedagsprofetiar, som denne i Time: «Pausing AI Developments Isn’t Enough. We Need to Shut it All Down». Steng alt no, seier han altså, til skilnad frå dei 500 eller kva det er, som vil ha ein utviklingspause for KI på seks månader.

Denne skriv eg ikkje om her, men ho er slett ikkje uinteressant i 2023

Éi bok til: Inga Strümke: «Maskiner som tenker», Kagge, 2023. Ho er altså klart post-ChatGTP. Eg har berre starta lesinga, og har sett på vent den lange innleiinga hennar om KI-historia. For ein som meg, som aldri har programmert ei linje og som såg på NG+ i matte til artium som ein stor siger, er dette ikkje berre enkelt, men eg skal gjennom det. Noko eg har lese er kapitlet om «Superintelligens og annen spekulering». Med stort utbytte. Blant anna er ho god, trur eg, til å drøfte menneskeleg medvit (bevissthet), som er avgjerande viktig, både for dei som vil utvikle superintelligente maskiner, og dei som vi avvikle dei. 

Dette får vere nok i dag. Aviser og tidsskrift er sjølvsagt (altfor) fulle av kronikkar og lesarinnlegg om KI. Men Filter Magasin har ei «sitat-teneste» frå det dei ser som det viktigaste om temaet. Pluss noko på Filter Nyheter.

PS: Bøker som desse ovanfor, dei viktigaste i alle fall, forsøker eg, om muleg, først å skumme som lydbok, gjerne i dobbelt tempo, og så lese på papir eller e-bok. Men eg har sagt det før: I lydbøkene, som no blir viktige for stadig fleire, kuttar forlaga ut fot- og sluttnotar. Eg forstår at det ikkje blir lesarvenleg med mange «tørre» notar, men kvifor ikkje leggje dei ut på ei nettside?! 

Dette gjeld i grunnen nesten all faglitteratur i lydbokform. Hei, norske bibliotek, kva med å kopiere og leggje dei ut, i alle fall sluttnotar, og litteraturlister, om forlaga ikkje vil? Men då blir det vel rettssaker om brot på opphavsretten…

mai 24, 2023

Gratis bibliotektenester, eit prinsipp under fleire åtak enn du trudde

I det ferske nummer 2/23 av Bok og bibliotek, og her på nett, har Frode Bakken ein kritikk av eit av dei få forsøka på å skrive ei norsk bibliotekhistorie, Øivind Frisvold si bok Norsk bibliotekhistorie – kultur, politikk og samfunn (ABM-media, 2021). Frisvold skriv ein god del om prinsippet og mangelen på prinsipp i tidlegare tider, men han meiner det etter ca. 1996 var «lite diskusjon» om dette. Mens Bakken kan presentere to omfattande debattar, for ikkje å seie kampar, både i 2000 og 2005.

Og for nokre månader sidan var Frode Bakken på trykk med artikkelen «Striden om gratisprinsippet i bibliotekene 1981–2005» i antologien «Bokhistorie. Bibliotekhistorie. 2023», frå Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap (NBBS) (vi skreiv om den førre antologien deira i 2019). I denne artikkelen ser Bakken mest på kva som skjedde på rikspolitisk og statsbyråkratisk nivå, mens artikkelen i Bok og bibliotek fangar opp fagmiljøet, særleg representert ved Norsk Bibliotekforening (NBF) (der han sjølv var sentral på den tida) (meir her på bloggen om denne boka seinare).

Då er vi nærmare sanninga om eit viktig kapittel av norsk bibliotekhistorie. Men særleg debatten i 2004-05 kunne ha vore skildra i større detalj, då det her også blei svært skarpe, for ikkje å seie avslørande, debattar i riksmedia, mellom representantar for rettshavarorganisasjonar og NBF.

Underteikna publiserte då, som nettredaktør for NBF, alle desse artiklane og lenkene frå debatten, men dei fleste er dessverre i dag døde, faktisk også NBF sine:

02.8.: Plinius: Åndsverk på biblioteket
02.8.: 
NBF tilbakeviser angrep på gratisprinsippet
05.7.: 
Hva sier Kopinor? John-Willy Rudolph i Klassekampen
22.6.: 
Forsvarer Kopinor gratisprinsippet?
05.6.: 
NBF presiserer i Aftenposten
04.6.: 
Sterke motsetninger i Odelstinget
03.6.: 
Jussprofessorer: – Opphavsmenn kan ta dette helt med ro
02.6.: 
Tydelig tale fra Universitets- og høyskolerådet
02.6.: 
Eirik Newth skriver til Stortinget og forfatterne
02.6:  
Debatt i alle kanaler
01.6.: 
NBF-lederen: – Private bibliotek, OK. Salgsnekt, tvilsomt
31.5.: 
NBF-leder Bakken: – En sjeldent viktig dag for bibliotekbrukerne!
30.5.: 
NBF svarer NBU
29.5.: 
Andreassen bygger på tilbakeviste påstander
29.5.: 
NBF i Aftenposten: – Andreassen kan sove rolig
23.5.: 
NBF svarer i Aftenposten: – Trond Andreassen tyr til usannheter!
20.5.: NBF svarer Kopinor i Klassekampen
16.5.: 
Biblioteksaker i fokus: Pressedekkinga aukar!
09.5.: 
Åndsverklova utsetjast for annan gong
28.4.: 
– Det Slettholm ikke sier noe om
22.4.: 
Dagsavisen i dag: NBF hardt ut mot statssekretæren
19.4.: 
NBF svarer KKD og Kopinor
08.4.: 
Aller siste om åndsverklova: Kulturpolitikerne støtter NBF!
08.4.: 
Biblioteka og «mp3-lova»: Mediedekning likevel
07.4.: 
NBF på Stortinget: Viktige brukerrettigheter på spill
16.2.: 
Har lovgiverne tenkt å abdisere?

Frode Bakken går i artikkelen i Bok og bibliotek langt i retning av å meine at i 2005 såg vi the end of history, då «… et samlet Storting fra SV til Frp enstemmig slo ring om gratisprinsippet».

Og seinare har det berre vore marginale innspel frå FrP og Liberalistene og liknande.

Men i dag har ikkje lenger bibliotekskeptikarane behov for å problematisere gratis bibliotektenester, for når forbrukardigitaliseringa no slår om seg, får vi slike tendensar som i det aktuelle forslaget til ny boklov, der politikarane vil reservere sentrale delar av framtidas kunnskap og kultur for kremmarane. Biblioteka får utfalde seg i fred med dei «gode, gamle» papirutgåvene.

Her på bloggen har vi p.t. 17 innlegg med stikkordet Gratisprinsippet.

Sjå også Hvorfor offentlige, gratis bibliotek?, ein frosen nettstad underteikna utvikla mens han var journalist i NBF, fram til 2013 (mange døde lenker).

mai 16, 2023

Det mest interessante ved boklovprosessen

«- Hva skjedde med det opprinnelige forslaget om leveringsplikt på digitale lydbøker til bibliotekene?» Slik opnar åtte storbybiblioteksjefar eit lesarinnlegg i Aftenposten 14. mai. Dei argumenterer godt og konsist for reversering av forslaget, men utan å gå nærmare inn på spørsmålet sitt om korleis ei slik heilomvending var muleg, i ein politisk prosess på toppnivå i eit demokrati.

I høyringsnotatet verka kulturminister Trettebergstuen skråsikker på å ville innføre «en leveringsplikt til folkebibliotekene. Slik vil lånere over hele landet få tilsvarende godt utvalg i lydbøker som de er vant til på papir«. Det kunne ho vere, tenkte vel mange, for utgreiarane hadde jo hatt «bred dialog med bokbransjen. I perioden november 2021 til mars 2022 gjennomførte departementet i overkant av 50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen«.

Snuopperasjonen er ikkje berre mystisk. Han er så dramatisk for biblioteka, om lova blir som forslaget no står, at vi må snakke om eit paradigmeskifte: Kva skjedde då folkebiblioteka rykkja ned til andre divisjon for nasjonale kultur- og kunnskapsformidlarar? Etter dette vil det vere politisk og juridisk aksept for at medievalet i biblioteka blir styrt av eksterne, av forlag og distributørar.

Denne hendinga bør dokumenterast så godt som råd og få sentral plass ikkje berre i bibliotek- og kulturpolitikkhistoria, men i historia om sentralforvalting og politikkutforming generelt.

Med min beste fantasi forsøker eg meg på nokre forklaringar, men det er umuleg å ikkje bli konspiratorisk:

  1. I dei meir enn 50 møta m.m. tok representantane for bokbransjen (den kommersielle og kunstnarlege) lett på eller unngikk bibliotekas behov , då dei var trygge på at eit forslag om leveringsplikt aldri ville kome lenger enn til å bli nemnt i ei bisetning i høyringsnotatet (og eigentleg har dei jo ikkje sans for bibliotek).
  2. Ein viss kulturminister «tok ein spansk ein»; ho hadde eit akutt velferdkulturpolitisk og anti-kommersialistisk markeringsbehov som ho trumfa gjennom i høyringsnotatet.
  3. Ein viss nasjonalbibliotekar leia utgreiingane. Han sa til Bok og bibliotek ved oppstarten: «At det er eg som nasjonalbibliotekar som har fått i oppgåve å leie dette arbeidet, er eit signal frå regjeringa». Dette kan ha vore berre hans eiga optimistiske tolking, men etter dette kunne han ikkje levere frå seg noko utan leveringsplikt til biblioteka.
  4. Ein kombinasjon av punkta 1 til 3.
  5. Høyringsnotatet var utforma av den diplomatiske og konfliktsky ChatGTP.

PS: Ein god del offentlege utgreiingar, typisk NOUar med meir eller mindre brei fagleg, byråkratisk, forskingsrepresentasjon osv, får likevel ikkje gjennomslag når politikarane skal seie sitt. Men dette var ikkje ein NOU, men ei «intern arbeidsgruppe» med nasjonalbibliotekaren som «formelt en del av departementet i denne perioden …. Arbeidet med boklov skjer på denne måten i regi av departementet».

mai 8, 2023

Bibliotekstatistiske realitetar, men …

Etter at eg for ei veke sidan erklærte meg i hovudsak ferdig med bibliotekblogginga, må eg likevel følgje litt med, for eventuelt å kunne bidra no og då. Men eit kompromiss med meg sjølv som eg har kome til, er at eg vil skrive éin bloggpost i veka. Maksimum. Og då må det vere noko viktig.

Denne veka fekk vi kunnskap om ein rapport frå Innlandet fylkesbibliotek om «tilstanden i norske folkebibliotek etter revidering av bibliotekloven i 2014». Dette er eit viktig initiativ, så lenge ikkje NB eller andre gjer noko.

Forfattarane legg stor vekt på samanlikning mellom dei nordiske landa, og skilnadane er som dei har vore i mange tiår:

«Til tross for økt besøk og økt aktivitet ved norske folkebibliotek, ligger vi langt etter Sverige, Danmark og Finland. Rapporten viser en klar sammenheng mellom antall årsverk i folkebibliotekene og antallet besøk/utlån per innbygger (iflg presentasjonen). 

Desse tre elementa er vel greitt samanliknbare mellom landa. Men kva med det som ikkje står i dei nasjonale statistikkane? Til dømes bøkene m.m. frå den statlege innkjøpsordninga, som for mange små bibliotek kan bety halvparten av tilveksten, og dermed innby til låge kommunale løyvingar. I Sverige har dei noko liknande, men så vidt eg veit mindre omfattande. I DK og FI veit eg ikkje.

Og: Eg finn ingen ting om bruken av nb.no, eller lat oss seie Bokhylla.no, og påverkinga denne tenesta må ha på det fysiske utlånet, for ikkje å seie fjernlånet. Verken her eller andre stader får vi nokon kunnskap om bruken av denne tenesta, anna enn at ho er blitt for dyr. Og dét må jo bety at ho er omfattande.

Men også besøket er dårlegast i Norden (arrangement er ikkje med i samanlikninga).

Konklusjonen blir litt sprikande (side 19):

«Basert på funnene i denne rapporten kan vi slå fast at krisen i de norske folkebibliotekene – slik den ble beskrevet av utvalget bak Kulturutredningen og Ragnar Audunson – ikke var reell» (mine lenker).

Likevel heiter det: «I perioden 2013 til 2021 har de kommunale bevilgningene til bibliotek gått gradvis ned. Dette gjelder for alle de tre indikatorene vi har målt folkebibliotekenes ressurser på; «antall årsverk», «mediebudsjett» og «folkebibliotekenes andel av kommunens totale driftsutgifter til kultur». Det er alvorlig og bekymringsfullt».