Etter at eg for ei veke sidan erklærte meg i hovudsak ferdig med bibliotekblogginga, må eg likevel følgje litt med, for eventuelt å kunne bidra no og då. Men eit kompromiss med meg sjølv som eg har kome til, er at eg vil skrive éin bloggpost i veka. Maksimum. Og då må det vere noko viktig.
Denne veka fekk vi kunnskap om ein rapport frå Innlandet fylkesbibliotek om “tilstanden i norske folkebibliotek etter revidering av bibliotekloven i 2014”. Dette er eit viktig initiativ, så lenge ikkje NB eller andre gjer noko.
Forfattarane legg stor vekt på samanlikning mellom dei nordiske landa, og skilnadane er som dei har vore i mange tiår:
“Til tross for økt besøk og økt aktivitet ved norske folkebibliotek, ligger vi langt etter Sverige, Danmark og Finland. Rapporten viser en klar sammenheng mellom antall årsverk i folkebibliotekene og antallet besøk/utlån per innbygger (iflg presentasjonen).
Desse tre elementa er vel greitt samanliknbare mellom landa. Men kva med det som ikkje står i dei nasjonale statistikkane? Til dømes bøkene m.m. frå den statlege innkjøpsordninga, som for mange små bibliotek kan bety halvparten av tilveksten, og dermed innby til låge kommunale løyvingar. I Sverige har dei noko liknande, men så vidt eg veit mindre omfattande. I DK og FI veit eg ikkje.
Og: Eg finn ingen ting om bruken av nb.no, eller lat oss seie Bokhylla.no, og påverkinga denne tenesta må ha på det fysiske utlånet, for ikkje å seie fjernlånet. Verken her eller andre stader får vi nokon kunnskap om bruken av denne tenesta, anna enn at ho er blitt for dyr. Og dét må jo bety at ho er omfattande.
Men også besøket er dårlegast i Norden (arrangement er ikkje med i samanlikninga).
Konklusjonen blir litt sprikande (side 19):
“Basert på funnene i denne rapporten kan vi slå fast at krisen i de norske folkebibliotekene – slik den ble beskrevet av utvalget bak Kulturutredningen og Ragnar Audunson – ikke var reell” (mine lenker).
Likevel heiter det: “I perioden 2013 til 2021 har de kommunale bevilgningene til bibliotek gått gradvis ned. Dette gjelder for alle de tre indikatorene vi har målt folkebibliotekenes ressurser på; “antall årsverk”, “mediebudsjett” og “folkebibliotekenes andel av kommunens totale driftsutgifter til kultur”. Det er alvorlig og bekymringsfullt”.