Archive for mai 16th, 2023

mai 16, 2023

Det mest interessante ved boklovprosessen

“- Hva skjedde med det opprinnelige forslaget om leveringsplikt på digitale lydbøker til bibliotekene?” Slik opnar åtte storbybiblioteksjefar eit lesarinnlegg i Aftenposten 14. mai. Dei argumenterer godt og konsist for reversering av forslaget, men utan å gå nærmare inn på spørsmålet sitt om korleis ei slik heilomvending var muleg, i ein politisk prosess på toppnivå i eit demokrati.

I høyringsnotatet verka kulturminister Trettebergstuen skråsikker på å ville innføre “en leveringsplikt til folkebibliotekene. Slik vil lånere over hele landet få tilsvarende godt utvalg i lydbøker som de er vant til på papir“. Det kunne ho vere, tenkte vel mange, for utgreiarane hadde jo hattbred dialog med bokbransjen. I perioden november 2021 til mars 2022 gjennomførte departementet i overkant av 50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen“.

Snuopperasjonen er ikkje berre mystisk. Han er så dramatisk for biblioteka, om lova blir som forslaget no står, at vi må snakke om eit paradigmeskifte: Kva skjedde då folkebiblioteka rykkja ned til andre divisjon for nasjonale kultur- og kunnskapsformidlarar? Etter dette vil det vere politisk og juridisk aksept for at medievalet i biblioteka blir styrt av eksterne, av forlag og distributørar.

Denne hendinga bør dokumenterast så godt som råd og få sentral plass ikkje berre i bibliotek- og kulturpolitikkhistoria, men i historia om sentralforvalting og politikkutforming generelt.

Med min beste fantasi forsøker eg meg på nokre forklaringar, men det er umuleg å ikkje bli konspiratorisk:

  1. I dei meir enn 50 møta m.m. tok representantane for bokbransjen (den kommersielle og kunstnarlege) lett på eller unngikk bibliotekas behov , då dei var trygge på at eit forslag om leveringsplikt aldri ville kome lenger enn til å bli nemnt i ei bisetning i høyringsnotatet (og eigentleg har dei jo ikkje sans for bibliotek).
  2. Ein viss kulturminister “tok ein spansk ein”; ho hadde eit akutt velferdkulturpolitisk og anti-kommersialistisk markeringsbehov som ho trumfa gjennom i høyringsnotatet.
  3. Ein viss nasjonalbibliotekar leia utgreiingane. Han sa til Bok og bibliotek ved oppstarten: “At det er eg som nasjonalbibliotekar som har fått i oppgåve å leie dette arbeidet, er eit signal frå regjeringa”. Dette kan ha vore berre hans eiga optimistiske tolking, men etter dette kunne han ikkje levere frå seg noko utan leveringsplikt til biblioteka.
  4. Ein kombinasjon av punkta 1 til 3.
  5. Høyringsnotatet var utforma av den diplomatiske og konfliktsky ChatGTP.

PS: Ein god del offentlege utgreiingar, typisk NOUar med meir eller mindre brei fagleg, byråkratisk, forskingsrepresentasjon osv, får likevel ikkje gjennomslag når politikarane skal seie sitt. Men dette var ikkje ein NOU, men ei “intern arbeidsgruppe” med nasjonalbibliotekaren som “formelt en del av departementet i denne perioden …. Arbeidet med boklov skjer på denne måten i regi av departementet”.

Translate »