Før og etter ChatGTP

Etter at eg avslutta den kvilelause “bibliotek-overvåkinga” her på bloggen, har eg fått tid til å «ta igjen» ein del verkeleg viktig lesing (for biblioteka er faktisk ikkje så viktige, når no potensialet blir stadig dårlegare utnytta, jamfør den nye boklova, der politikarane vil reservere sentrale delar av framtidas kunnskap og kultur for kremmarane).

2023 er året for verkeleg viktige hendingar og utvikling. «Kunstig intelligens» (KI) og faren for ein ny verdskrig, er slikt ein ikkje kan la liggje til seinare (på 1990-talet gav eg til dømes opp å følgje med på «Jugoslavia-krigane», noko eg har mått forsøke å rekapitulere i ettertid).

Eg ser at KI er tema i alle tidsskrift og blant anna på KORG-dagane no snart, så derfor nokre personlege innfallsvinklar til dette emnet (det strengt bibliotekrelevante overlet eg førebels til dei som driv med det):

For seks år sidan las eg Max Tegmark si bok «Liv 3.0 – att vara människa i den artificiella intelligensens tid». Men som alle  andre før «ChatGTP-hausten» 2022, sa Tegmark slikt om «overmenneskeleg» superintelligens: «Det finst AI-ekspertar som trur det aldri vil skje, i alle fall ikkje på hundrevis av år. Tida vil vise! Omtrent halvparten av AI-ekspertane på Puerto Rico-konferansen vår gjetta at det ville skje innen 2055. På ein oppfølgingskonferanse vi arrangerte to år seinare, hadde dette sokke til 2047» (mi omsetting frå svensk. Boka finst visst ikkje på norsk, dét er synd). 

Så KI- eller AI-alvoret gjekk ikkje skikkeleg opp for meg, og heller ikkje mange andre. Til dømes ikkje Yuval Noah Harari i den nyaste boka si (på norsk), «21 Tanker for det 21. århundre» (2018), den tredje i Sapiens-serien. Han meiner der at vi kan ta det med ro «eit hundreår eller så». Dette er likevel ei umisteleg bok, både for «KI-skeptikarar» og andre, ikkje minst fordi ho er lett å lese! Du fossar fram frå side til side. 

Bjørn Gabrielsen skreiv i DN-Magasinet då boka kom, at «Det er minst 50 prosent sjanse for at Harari, uansett hvor tilfredsstillende og utfordrende han er å lese i dag, vil virke ekstremt utdatert om få år». Just precis, som svensken seier, for i 2023 er vi alt der.

Lena Lindgren si prisvinnande «Ekko» frå 2021 er også pre-chatGTP. Men boka er framleis svært aktuell med det ho handlar om. Ho er filosofisk, psykologisk og nærmast poetisk, og dermed lesbar (eg måtte likevel stoppe opp her og der for å forsøke å forstå). Lindgren er på ein måte endå meir samfunnskritisk enn Harari. Ho tar blant anna eit grundig oppgjer med IT-gigantane i Silicon Valley, spesielt den kyniske, men skummelt kreative Peter Thiel.

Eg var sci-fi-entusiast for femti år sidan, men ikkje lenger. Og slett ikkje sci-fi i filmar og TV-serier. Det har blitt eit mas etter drama, framfor alt. Fleire peikar no på at den dei snikande KI-appane burde overta for dei aggressive robotane i underhaldning og anna fiction, men dette blir nok for krevjande for den store US-amerikanske marknaden, så gløym det.

Harari skriv at når vi skal tenkje «på en framtid med kunstig intelligens, er Karl Marx fremdeles en bedre veileder enn Steven Spielberg».

Det beste av apokalyptisk sci-fi har trass alt vore berre sci-fi, men i dag kjem KI-pionerar som Eliezer Yudkowsky med relativt saklege dommedagsprofetiar, som denne i Time: «Pausing AI Developments Isn’t Enough. We Need to Shut it All Down». Steng alt no, seier han altså, til skilnad frå dei 500 eller kva det er, som vil ha ein utviklingspause for KI på seks månader.

Denne skriv eg ikkje om her, men ho er slett ikkje uinteressant i 2023

Éi bok til: Inga Strümke: «Maskiner som tenker», Kagge, 2023. Ho er altså klart post-ChatGTP. Eg har berre starta lesinga, og har sett på vent den lange innleiinga hennar om KI-historia. For ein som meg, som aldri har programmert ei linje og som såg på NG+ i matte til artium som ein stor siger, er dette ikkje berre enkelt, men eg skal gjennom det. Noko eg har lese er kapitlet om «Superintelligens og annen spekulering». Med stort utbytte. Blant anna er ho god, trur eg, til å drøfte menneskeleg medvit (bevissthet), som er avgjerande viktig, både for dei som vil utvikle superintelligente maskiner, og dei som vi avvikle dei. 

Dette får vere nok i dag. Aviser og tidsskrift er sjølvsagt (altfor) fulle av kronikkar og lesarinnlegg om KI. Men Filter Magasin har ei «sitat-teneste» frå det dei ser som det viktigaste om temaet. Pluss noko på Filter Nyheter.

PS: Bøker som desse ovanfor, dei viktigaste i alle fall, forsøker eg, om muleg, først å skumme som lydbok, gjerne i dobbelt tempo, og så lese på papir eller e-bok. Men eg har sagt det før: I lydbøkene, som no blir viktige for stadig fleire, kuttar forlaga ut fot- og sluttnotar. Eg forstår at det ikkje blir lesarvenleg med mange «tørre» notar, men kvifor ikkje leggje dei ut på ei nettside?! 

Dette gjeld i grunnen nesten all faglitteratur i lydbokform. Hei, norske bibliotek, kva med å kopiere og leggje dei ut, i alle fall sluttnotar, og litteraturlister, om forlaga ikkje vil? Men då blir det vel rettssaker om brot på opphavsretten…

3 Responses to “Før og etter ChatGTP”

  1. Hei Anders. KI er jo på alles lepper om dagen, og det i seg selv er jo interessant. Selv er jeg ingen KI-ekspert, men jeg liker historie og har nettopp gått i gang med boka «Power and progress: Our thousand-year struggle over technology and prosperity» og den ser ut til å sette teknologisk utvikling inn i en større og kritiske samfunnsmessig ramme. Jeg kan sitere litt fra s. 13: «In fact, a thousand years of history and contemporary evidence make one thing abundantly clear: there is nothing automatic about new technologies bringing widespread prosperity. Whether they do or not is an economic , social, and political choice.» Særlig siste del av sitatet er det viktig å holde fast ved selv om mye teknologi er utrolig fasinerende. Teknologi har jo alltid hatt minst to sider ved seg, og det tar ikke slutt med KI. God sommer og god lesning videre!

    Acemoglu, D. & Johnson, S. (2023). Power and progress: Our thousand-year struggle over technology and prosperity. PublicAffairs.

  2. Takk, Klaus Jøran.Det same til deg

Trackbacks

Leave a Reply