Search Results for “facebook”

september 22, 2021

Bør biblioteka kutte ut Facebook?

Mark Zuckerberg 1984 Berlin Graffiti av Victorgrigas (CC BY-SA 3.0)

Journalisten, fagbla» til journalistar og frilansarar som underteikna, skriv i dag om kvifor Datatilsynet vel å ikkje vere på Facebook og at «Teknologirådet, som gir råd til Stortinget og regjeringen om ny teknologi, mener Datatilsynets vurdering vil føre til at flere offentlige aktører kommer til å legge ned sine Facebook-sider». Det siste siterer dei frå NRK.

« – Vi tror at de som hadde ønsket å besøke Datatilsynets side på Facebook, ville hatt en forventning om at vi visste hva som ble lagret dersom de for eksempel klikket liker på vår side, eller hva slags opplysninger som ble registrert bare ved å besøke siden vår. Og det kan vi rett og slett ikke svare på», seier Thon i Datatilsynet.

Kor viktig er FB for folkebiblioteka? Ganske viktig, vil vi tru, etter kor mykje stoff vi finn på bibliotek-Facebooksider til denne bloggen.

Biblioteka og IT-leverandørane deira er tydelege på at personvernet er viktig for dei, trass i avsløringar av feilsteg eller også likesæle. Men denne FB-saka må dei ansvarlege på bibliotekfeltet sjå på. Mange bibliotekbrukarar gir nok frå seg meir sensitive personopplysningar på Facebook enn i utlånsregistera. Og på FB er det ikkje rutinar for sletting heller.

Denne bloggen har også ei FB-side, der vi deler blogginnhaldet. Til no har vi ikkje problematisert dette. Personleg er vi jo på førehand så kompromiterte at vi føler vi har lite å tape, men med tanke på folk som følgjer, deler og kommenterer, bør vi ta eit generaloppgjer på dette. På FB har vi 58 følgjarar, av totalen på 919, dei fleste direkte til bloggen.

september 25, 2021

Kuttar ut Facebook 1. oktober

For nokre dagar sidan skreiv vi: Bør biblioteka kutte ut Facebook? Det handla om at Datatilsynet ikkje vil gå på Facebook, med argumentet: «Vi tror at de som hadde ønsket å besøke Datatilsynets side på Facebook, ville hatt en forventning om at vi visste hva som ble lagret dersom de for eksempel klikket liker på vår side, eller hva slags opplysninger som ble registrert bare ved å besøke siden vår. Og det kan vi rett og slett ikke svare på».

Om denne bloggen og deling av innhaldet på FB skreiv vi: «… med tanke på folk som følgjer, deler og kommenterer, bør vi ta eit generaloppgjer på dette. På FB har vi 58 følgjarar, av totalen på 919, dei fleste direkte til bloggen».

Vi har no slutta å dele blogginnlegg der (dette er det aller siste), og laurdag 2. oktober slettar vi heile kontoen. Dei som vil følgje bloggen kan i staden tinge gratis e-post-meldingar. Slik p.t. 862 andre gjer. Sjå det lille innmeldingsskjemaet nede til høgre her: «Følg Blogg via Epost».

august 21, 2020

Slutt på Facebook

Slik fekk vi i ettermiddag vite at nokon er blitt fornærma og rapportert ting frå bloggen som vi har delt på bloggens Facebookside. Dei som anten ikkje blir krenkte, eller som toler det, kan i staden tinge nyheitsbrevet vårt, på linje med p.t. 828 andre. Sjå her nede til høgre >>

oktober 12, 2021

Endå eitt argument mot biblioteket på Facebook

Sagohuset på Södertälje stadsbibliotek. Foto: WikiRebecka (CC BY-SA 4.0)

Svenske Biblioteksbladet melder om biblioteket i Södertälje der nokon har kapra FB-sidene deira: «Plötsligt slängdes alla administratörer av Facebook-sidan ut. Ingen på Södertäljes bibliotek kunde längre lägga upp inlägg på sidan. I stället dök nya typer av inlägg upp, exempelvis inlägg om en tandläkare i Washington och sedan förvandlades sidan till en fan-sida av en gammal tv-serie från 90-talet.»

Og supporten hos FB svarer ikkje.

Men «de flesta besökare hittar till bibliotekets webbsida som fungerar som den ska». Der har vi nok litt av løysinga.

Sjå kva vi elles har å seie om bibliotek og Facebook her på bloggen.

juni 7, 2021

Facebookforvising – ikkje berre enkelt

Bøker på nb.no som heller ikkje bibliotek kan formidle via Facebook

Facebook har no stengt ute ein kjend konspirasjonsteoretikar og oppviglar i to år. Det kan sjå ut som ei klok og rettferdig handling, men i Klassekampen 3. juni skriv Bjørn Vassnes meir utfyllande om «Det digitale tankepolitiet». Og han meiner ikkje statlege etatar. Han innleiar slik:

«Hva som er sannhet, falske nyheter eller konspirasjoner, kan endre seg raskt. Det viste seg nylig da Facebook endret sine sensurregler. Inntil nå hadde nemlig alle antydninger om at covid-19-viruset kunne være menneskeskapt blitt ansett som konspirasjonsteori, og Facebooks algoritmer var programmerte til å fjerne slike antydninger fra nettet så snart de dukket opp. Men så plutselig var slike hypoteser ikke lenger forbudte. Grunnen: President Biden hadde beordret nye undersøkelser i saken». Sjå til dømes på NRK.

Meir synst vi ikkje vi kan sitere, men anten du har eller ikkje har passord til avisa, finn henne fram og les dette.

Også bloggaren har i dag fått sitt første nei frå Facebook til å spreie ein bloggpost – publisert i september i fjor. Så anten har dei lagt inn i algoritmane sine ein tre hundre år gamal svensk botanikar eller dei har gjort det umuleg å uttrykke noko kontroversielt i tekst sjølv om du forvanskar det så godt du kan utan å gjere det heilt umuleg for lesarane å forstå noko.

Så blir det spennande å sjå om denne bloggposten passerer nålauget.

PS 1: Gode Mark Zuckerberg, underteikna har ingen trong til å bruke det ikkje (?) nemnde ordet i andre typar samanheng enn denne.

PS 2: Dette ordet er faktisk noko folk flest her i landet meinte var ganske greit å seie for berre fjorten år sidan.

oktober 7, 2021

Meir FB-utmelding – Kan biblioteka klare seg utan?

Bloggaren har vore på haustferie

Dette burde sjølvsagt andre og meir autoritative krefter på bibliotekfeltet ha starta debatten om. Men gjerne også i kommentarfeltet her: Ikkje berre Datatilsynet, men no også Teknologirådet har skrota Facebook og rår andre offentlege instansar til å gjere det same: «De bør i hvert fall grunngi veldig godt hvorfor det er nødvendig å være på Facebook. Hvorfor må de outsource sin informasjonsvirksomhet til en plattform som rett og slett bruker personopplysninger om innbyggerne som betaling for kommunikasjonsvirksomheten?»

UDI har også hoppa av, og NAV, som har sju ulike kontoar, vurderer det same.

UiO har vurdert dette, men vel å halde seg på FB «… fordi det er der målgruppen befinner seg». Dette kan vel likne på folkebibliotekets situasjon.

Her på bloggen har vi skrive mykje om kor alvorleg det er når lånardata lekker frå biblioteksystema. Dette vil likevel berre skje ved feil eller ulovleg innbrot i systema, og risikoen er ikkje stor. Men på plattformer som Facebook publiserer lånarar dagleg meiningane sine frivillig og utan angst for konsekvensane.

Det trengst sjølvsagt utgreiing av alternativ, men dette vil sikkert kome no, på mange felt.

PS: Den annonserte slettinga av FB-kontoen til denne bloggen 1. oktober vil bli aktiv først etter fjorten dagar.

januar 24, 2021

Tid for personvernrevurdering?

Kjelde: NRK beta

Bloggarens kommunikasjon med bibliotek skjer stort sett med sms og e-post, men ein les og høyrer om bibliotek som bruker Messenger til varsling og anna. Vi er jo alt er på Facebook, lissom. Men no skriv NRK Beta at «Millioner av mennesker bytter meldingstjeneste. Dette trenger du å vite». Vi får blant anna stadfesta at FB sin Messenger er verstingen når det gjeld å spreie persondataen din til nettannonsørar og verdiskapande innovatørar av ulike slag. Heller ikkje protesterer dei altfor ivrig når slike data finn vegen til NSA- og FBI-liknande instansar, har vi høyrt.

Apropos (1) sistnemnde, så har vi tidlegare skrive utførleg om fire bibliotekarar sitt forsvar av lånarane sine persondata mot FBI, ulike regjeringar og The Patriot Act etter 9/11:

read more »
februar 19, 2020

Googles grenselause omsorg

Nrk.no skreiv her om dagen at «Google vurderer å betale mediehus for nyheiter». « – Vi ønsker å hjelpe folk til å finne kvalitetsjournalistikk. Det er viktig for eit informert demokrati og bidreg til ein berekraftig nyheitsindustri, seier visepresident for nyheiter i Google, Richard Gingras til Financial Times».

For fem år sidan skreiv vi om Facebooks Instant Articles (sjå avsnittet «Information deficits and imperfections») som vel er/var noko av det same, men etter det vi i dag kan sjå, utan overveldande suksess. Men no prøver Google seg, kanskje fordi Facebook ikkje er heilt i toppform.

Men det finst sjølvsagt ein hake ved dette – eller aldri ein gratis lunsj, som det heiter: «- Det er mange redaksjonar som kjempar om merksemda. Det er difor sannsynleg at slike lisensavtalar blir for nokre få av dei største utgjevarane, seier ein direktør for eit journalistikkstuium ved universitetet i Oxford.

Denne bloggaren skal likevel prøve tenesta framover, for å sjå om også folk med sære interesser har noko å hente.

september 12, 2020

«Krakiliteter» (det er laurdag)

I Klassekampens Bokmagasinet i dag intervjuar dei litteraturmeldar Jon Rognlien om «omgangstonen på Facebook», som han har skrive om. På Facebook. Han seier innlegget hans berre er eit «banalt uttrykk for frustrasjon over noe av dynamikken i diskusjonene på Facebook, der det blir håpløst å følge «trådene» på en meningsfull måte. Det skyldes krakiliteter, krenkeskrekk og faneflukt. Folk ivrer etter å slå i bordet, men stikker av fra oppryddingsarbeidet» (våre uthevingar, og som vi etter dette kjem til å hugse når FB er tema. Noko det ofte har vore, under samle-stikkordet FAMGA – Facebook, Apple, Microsoft, Google og Amazon).

oktober 8, 2021

Kampen mot 404!

The Wayback Machine er 25! Sjå intervjuet med grunnleggjar Brewster Kahle frå 1996. Der han viser fram utstyret som skulle til for å kopiere «the whole web … estimated to between one and ten terabyte».

Eit overslag i 2019 var at berre Google, Amazon, Microsoft og Facebook representerte 1,2 millionar terabyte.

Men nokre motset seg lagring, til dømes Nasjonalbiblioteket

februar 17, 2021

«Følg Blogg via Epost»

Dette tilbodet finn du nede til høgre her. Saman med p.t. 907 andre kan du enkelt få e-post kvar gong det kjem ein ny bloggpost. Seint på torsdag, i alle fall fredag morgon, kjem vekas oppsummering på forumet biblioteknorge.

Vi er også på Facebook. Og bloggar Anders er på Twitter, med litt anna i tillegg. Slik også bloggar Mika finst på Twitter.

september 26, 2020

900

No følgjer så mange denne bloggen gjennom twitter eller nyheitsbrev. Sjå illustrasjonen av påmeldings-boksen for nyheitsbrevet, som du finn igjen nede til høgre. Velkomen 🙂

Facebook sa vi farvel med for ein månad sidan. Eller dei med oss.

oktober 15, 2020

Kjeldekritikk-krisa

VG har ei sak om dette i dag, med fokus på lærarane. Mens Norsk Bibliotekforening repliserer på Facebook med skolebiblioteket og skolebibliotekaren.

Til VG seier kunnskapsministeren at ho «denne måneden [har] invitert til seminar for å få innspill til hvordan arbeidet med lesing og kritisk lesing kan bli bedre». Vi forsøkte å finne tid og stad, men, nei. Anyone?

september 18, 2020

Rekord

No på morgonen skjedde det, at trass i utestenging frå Facebook og avbrotet på Biblioteknorge passerte herverande blogg årsrekorden frå i fjor for nedlastingar. Og vi er berre midt i september. 45 525 er resultatet akkurat no. Orsak, 45 531 etter å ha skrive dette. Og med to nye følgjarar i løpet av dagen, på twitter eller e-post (sjå innmelding nede til høgre), kjem vi opp i 900.

april 24, 2020

Få koronanytt når det er nytt

825 av dykk kunne lese fleire av dei nye blogginnlegga alt i førre veke. Dei følger nemleg bloggen på Twitter eller Facebook eller har tinga nyheitsbrev på e-post (sjå påmelding borte i høgre kolonna og litt nedover).

Translate »
:)