Search Results for “fjernlån”

september 5, 2022

Fjernlån i 2022 – ny rapport

Kjapt innpå (har ikkje tid til å lese no): På Bibliotekutvikling.no i dag: «Etter å ha analysert 1,3 millioner bestillinger fra mai 2017 til og med juni 2022, er hovedkonklusjonen at fjernlån avler fjernlån. Lånere bestiller andre medier enn bøker i større grad enn bibliotekansatte, men bøker står likevel som det suverent mest bestilte formatet gjennom Biblioteksøk».

Etter mange år med manglande kunnskap om dette feltet, vil dette vere viktig. Her eit søk på «Fjernlån» på denne bloggen.

juni 30, 2021

Filmfjernlån – igjen

Til dømes Deichman på Bøler har mykje verkeleg god film. Klikk for større

På Facebookgruppa «Bibliotekarer i folkebibliotek» blei det nyleg lagt ut eit enkelt spørjeskjema med overskrifta: «Hei, folkebibliotek. DVDer?». Med fire svaralternativ. Og per i dag, 30. juni, har 87 av 109 svart at «Ja, det har vi og vi skal ikke slutte med det».

For snart tre år sidan blogga underteikna: «Kan biblioteket redde kvalitetsfilmen i Norge?». Det var etter ei optimistisk ordveksling om dette på lista «Biblioteknorge» (den opprinnelege, men som Nasjonalbiblioteket eigenrådig sletta frå nettets overflate). Vi foreslo der ei enkel igangsetting av eit meir eller mindre landsomfattande fjernlån av film på DVD. Ein enkel plakat og eit delebilete for sosiale media kan få det heile igang.

For videoane i dei 87 biblioteka finst jo i Biblioteksøk, pluss i alle dei som ikkje har oppdaga undersøkinga. Pluss NB i Rana.

Ein kommentar til undersøkinga går på at det snart ikkje finst utstyr for avspeling, men dét er faktisk blitt betre den siste tida. El-sjappene her i småbyen har både to og tre modellar i dag.

PS: Sjå fleire blogginnlegg om «Filmformidling».

februar 28, 2021

Råd mot Netf(l)ixsering

I Fredriksstad Blad har biblioteket fast tips-spalte. For ei veke sidan var tipset noko vi har venta på (men kanskje finst dette fleire stader allereide?): Under overskrifta «Når du er lei av de største strømmetjenestene» heiter det: «Fjernlånstjenesten  www.bibsok.no er en helt fantastisk side å bruke for å finne diverse filmer som ikke er å få tak i via de største strømmetjenestene». Til dømes har bibliotekar Stig Kaino søkt, tinga og fått sjå alt han har ønska seg av gamle samuraifilmar.

Det var noko sånt vi etterlyste for snart tre år sidan: «Kan biblioteket redde kvalitetsfilmen i Norge?». Rett nok vil DVD-ane og BD-ane bli utslitne etter kvart og vanskelege å erstatte. Og det same med spelarane til folk. Men med så mykje film som framleis finst rundt på norske bibliotek, har vi ikkje råd til å ikkje tilby dette.

Og vi gjentar oss sjølve: Det einaste vi treng no er ein litt attraktiv plakat og tilsvarande delebilde. Kven fiksar dét?

oktober 20, 2020

Fredsprisen – og Biblioteksøk

A. Nobel, Slett ikkje heilt nedsnødd

>> Nytt kl. 14.29: Sjå «retting» under saka

I Klassekampen i dag handlar kronikken til Birgit Brock-Utne om Bertha von Suttners banebrytande bok «Ned med våpnene» (1899, på norsk først i 1954). Brock-Utne minnar om at Nobels oppretting av fredsprisen «hadde å gjøre med hans beundring for den østerrikske fredskjemperen og pasifisten Bertha von Suttner (1843–1914). Uten hennes stadige brevveksling med og innflytelse på Nobel hadde det ikke eksistert noen fredspris. Det er en skam at det ikke finnes noen byste eller statue av Bertha von Suttner i Nobelinstituttet i Oslo».

Noko anna som ikkje finst der er von Suttners bok! Biblioteksøk avslører:

«Det Norske Nobelinstitutt: Biblioteket har 0 av 0 ledig» …

Noko som pensar oss over på det andre poenget i overskrifta:

read more »
desember 22, 2021

Digital pliktavlevering: Pluss og fleire minus

Fjernlånshyllene i folkebiblioteka avslører ganske avanserte interesser i folkedjupet. Klikk og kikk

>> Sjå også viktig kommentar frå Lars Egeland nedanfor

Førstebibliotekar Åsne Høgetveit ved UiT er fast spaltist kvar sjette måndag på Khrono. Denne veka skriv ho om omlegginga til digital pliktavlevering av bøker til Nasjonalbiblioteket frå nyttår. Det blir endå færre papirbøker ved UH-biblioteka, og til fjernlån til andre bibliotek. For studentar og tilsette er betre digitalt tilbod eit stort framsteg, men nye utfordringar kjem til overflata, slike som vil råke blant anna frilansarar og forfattarar, som underteikna. Ho skriv:

«… bøkene skal vera knytt til «dokumentasjon eller forsking». Derfor må ein, for å få digital tilgang til materialet, signere på at det er innanfor ein slik bruk at ein ynskjer tilgang. Ein må sende søknad, som så vert godkjent før ein får ein tidsavgrensa tilgang.

Ein ting er at det ikkje er omtala kva dokumentasjon eller forsking inneber. Slik det vert praktisert i dag får til dømes studentar tilgang til bøker i samband med studiane sine, men om ein tolkar lova strengt er dette kanskje ikkje innanfor? Eg veit eigentleg ikkje».

Dét veit heller ikkje bibliotekarar i folkebibliotek. Underteikna, som i året som gjekk i bokform har grave djupt i østfoldsk målføregransking, har støtt på to ulike tolkingar ved tre ulike bibliotek. Éin stad kravde dei først tilknyting til eit UH o.l., noko eg ikkje har. Eg fekk tilgangen min, i periodar på åtte timar, men det var ikkje berre enkelt.

Dette har også Åsne Høgetveit røynsler med:

read more »
juni 21, 2022

Sådan är lydbokkapitalismen

På Bok365 har dei i dag overskrifta Dempet i strømmemarkedet. Vi merker oss spesielt at den største lydbokstrøymaren her i landet, svenske Storytel, er «tvunget til å fokusere mer på kortsiktig inntjening og konservere eksisterende kassebeholdning.  Over hundre ansatte har måttet forlate konsernet og fokus på å hente nye titler blir noe dempet. Viktigere blir det å utnytte det rikholdige eksisterende biblioteket mer økonomisk effektivt». Og vidare uttrykker no fleire norske forlag «uro over at spesielt den norske avdelingen av Storytel virker lite interessert i å ta inn nye titler». Så om du synst utvalet og breidda er dårleg i dag, vil det ikkje bli betre, heller dårlegare (på svensk og engelsk er det betre).

Ein ting til: Som med strøyming av filmar og seriar kan du på dei kommersielle lydbokappane aldri vere trygg på at …

read more »
november 1, 2019

Böckernas väv i Internetarkivet

Skjermbilde 2019-11-01 12.10.48Internetarkivet samarbetar med Wikipedia för att underlätta tillgången till digitaliserade böcker som Wikipedia refererar till i sina artiklar. Många av dessa böcker kan nämligen läsas i arkivets växande digitala boksamling, som bevaras tillsammans med miljontals webbsidor från webbadresser som har gått ur tiden.

Bilden ovan visar hur en sidhänvisning i Wikipedias artikel om Martin Luther King öppnar ifrågavarande boksida i en monografi om Martin Luther King i Internetarkivet.

För närvarande har redan 130 000 sådana sidhänvisningar i Wikipedia gjorts om till fungerande länkar, berättar Brewster Kahle i sin blogg. Och det är bara början, tillägger han.

Kahle har rubricerat sitt blogginlägg «Att väva in böcker i webben börjandes från Wikipedia». Men hur blir det då med copyrighten, kan man fråga sig. Kahle tänker sig att det problemet går att lösa och nämner t ex Controlled Digital Lending (CDL) , en «metod som är på kommande» med tanke på bibliotek som vill låna ut digitala böcker så som de lånar ut sina tryckta böcker. «När CDL väl har skräddarsytts för att motsvara de tryckta böckernas marknadsvillkor och kontrollerna är korrekt implementerade, kan CDL bli tillåtet enligt gällande upphovsrättslagstiftning», sägs det på CDL:s hemsida.

Mikael Böök

oktober 28, 2021

Framtidas to typar folkebibliotek

Nye Deichman i Oslo – ein publikumsmagnet

At det er skilnad på store og små bibliotek, på bibliotek i byar og bygder, er ikkje noko nytt. Men mykje tyder på at skilnadene vil auke. Før kunne ein utlikne skilnader ved hjelp av fjernlån, men i dag er lån av fysiske bøker berre éin del av etterspurnaden og tilbodet, og denne delen er synkande.

Gjennom blogging og reiser får vi kontakt med bibliotekarar og biblioteksjefar også i slike heilt små kommunar. Dette er folk med aukande frustrasjon etter kvart som også nye oppgåver blir lagde til biblioteket. Lovpålegg om møteplass og debattar er éin ting, ein annan er nye kampanjar og trendar som leseløft, berekraft, digital formidling og kjeldekritikk. Alt dette er spanande og utviklande, men mest for dei som alt har hovudet godt over vatnet.

I 2019 hadde ifølgje årsstatistikken 235 av kommunane, altså 55 prosent, to årsverk eller mindre i biblioteka sine. Og 89 av desse hadde berre null komma noko årsverk å rutte med (i tillegg kjem ti bibliotek som ikkje leverte statistikk, noko som truleg også fortel om lågt nivå på bemanninga).

Dette var før kommunesamanslåingane, så no er mange av dei små blitt usynlege i statistikken. Men frå 2019 til i fjor auka talet på årsverk med berre 9, så realitetane er dei same (talet er no 1843; i t.d. 1998 var det 1901). Og om det no blir nedlegging av filialar i Ålesund og kanskje fleire …

read more »
august 15, 2020

Lesetips veke 33

Skjermbilde 2020-08-15 kl. 12.45.37

«To ganger i uken vil tvillingtårnene fortsette å styrte i grus». Flickr (CC BY 2.0)

Carsten Jensen skriv i dag i kronikken i Klassekampen om koronaen i USA med utgangspunkt i Daniel Defoe sin roman (eller er det sakprosa?) «Pestens år». «A Journal of the Plague Year» kom ut i 1772, men handlar om den siste store pesten i London i 1665. Jensen skriv om situasjonen i London: 

«De fattige passer jobbene sine med «et dyrisk mot», som Defoe kaller det. Han forstår at de ikke har noe valg. Ellers venter sulten og nøden. Slik er det ikke i de europeiske velferdsstatene. Men slik er det i dagens amerikanske markedsøkonomi, der arbeidere, selv når de vet de er smittet, må gå på jobben i kjøttfabrikkene i Midtvesten».

Og han avsluttar slik:

juli 6, 2020

Koronafaren over?

Skjermbilde 2020-07-06 18.23.43

Tett med folk. Ikkje uvanleg i eit bibliotek. Her frå Göteborg HB i november.

Slik kan ein i alle fall forstå Nasjonalbiblioteket og avtalepartnerane deira når dei no avsluttar den utvida retten til bruk av pliktavlevert materiale. Den opprinnelege meldinga om «Utvidet tilgang til digitalisert materiale under korona-krisen» finn vi blant anna 25. mars på Wayback Machine, men i dag, 6. juli. har teksten fått eit heilt annleis tillegg på toppen om at tilbodet opphøyrde 1. juli.

Det finst alternative tilbod, som ordinært lån eller fjernlån av fysiske eksemplar, men det er framleis slik at omlag 20 prosent av folket tilhøyrer ei eller fleire risikogrupper og at éin smitta person på eit bibliotek kan føre til spreiing med alvorlege følgjer for enkelte av oss. Sjå berre kva 239 forskarar frå 32 land i dag konfronterer WHO med: «Mener korona smitter mye lettere enn tidligere trodd». Frå før er det mykje som tyder på at store fellesareal og opne kontorlandskap er risikable. Underteikna får i sommar nær familie på besøk, der éin har sterkt redusert immunforsvar. Så dette har vi lært oss litt om.

I tillegg blir det stadig færre bibliotek her i landet, så stadig fleire må ta bussar, banar og tog for å kome til biblioteket. Transportmiddel som vi no ser at blir noko av det mest trugande ein kan tenkje seg.

Kvifor kunne ikkje ordninga bli permanent? Det kan ikkje ha kosta staten svært mykje i ekstra overføringar til rettshavarorganisasjonane? Samanlikna med dei andre store krisepakkene. Men gje dei det dobbelte, då. Det har staten råd til, i kunnskapens og demokratiets namn.

 

mars 5, 2019

– Vi er «i praksis avskåret fra den nasjonale filmhistorien»

I Morgenbladet 4. mars skriv Olaf Haagensen under tittelen «Jeg vil ha muligheten til å se Vibeke Løkkebergs filmer» (bak betalingsmuren). Han har gjennom ei tilfeldig vising av filmen «Åpenbaringen» oppdaga ein av landets klart beste filmregissørar, heidra blant anna med Filmkritikerprisen i 1982 og Amandakomiteens Ærespris i 2015. Men samtidig har han oppdaga at filmane hennar er praktisk talt umulege å få sett: «Den eneste av langfilmene Løkkeberg har regissert som er tilgjengelig for hjemlån i biblioteksystemet, er Løperjenten fra 1981.» (Eit par dokumentarfilmar og ein kortfilm finst i tillegg).

Her på bloggen har vi vore inne på det same og stilt spørsmålet: «Kan biblioteket redde kvalitetsfilmen i Norge?» Der vi skisserer ei enkel løysing basert på fjernlån av DVD-samlingane i dei biblioteka som enno ikkje har skrota sine. Men dette ville vere ei tidsavgrensa naudløysing då DVD-ane no blir utfasa som medium. Det einaste «berekraftige» vil altså vere å utvide biblioteka si strøymeteneste Filmbib.no til å omfatte spelefilm, ikkje berre dokumentar og kortfilm.

Haagensen avsluttar med eit hint, som biblioteksektoren bør ta til seg:

read more »

august 22, 2019

Har ikkje biblioteka råd til norske tidsskrift?

Skjermbilde 2019-08-22 22.52.51

>> Saka kom på Dagsnytt18 23. aug., med viktig fråsegn av NBF-leiaren.

Både i går og i dag handlar hovudoppslaga på Klassekampen sine kultursider om ulike problem for dei norske kulturtidsskrifta. I dag, torsdag 22. august, ser dei på følgjene for folkebiblioteka, og dei intervjuar NBF-leiar Mariann Schjeide.

Svaret hennar kan vi kort, men litt polemisk, oppsummere slik: Innkjøpsordninga må biblioteka få behalde, for dei har ikkje råd til å bruke meir på tidsskrift, fordi det er så vanskeleg å måle bruken av dei, og ikkje blir dei mykje brukte heller. Følgjeleg: Vi må prioritere det som synest på statistikken.

Det siste er det ikkje ho som seier, men det er vår svært nærliggjande konklusjon.

Men kan kunnskapsinstitusjonen det norske folkebiblioteket sjå seg sjølv i augo om dei lèt framtida bli slik?

I dagens avis får vi vite kva som kjem i staden for innkjøpsordninga, nemleg at «tidsskriftene kan søke om subsidiering av abonnementer til offentlige institusjoner. Kulturrådet tilbyr seg å subsidiere abonnementene med 75 prosent av ordinær pris.»

Dette er sjølvsagt ein nedtur for biblioteka. Og NBF-leiaren seier det er …

read more »

juli 12, 2021

Sjokk x 2 – når det gjeld «Bokhylla»

Døme på nytt satsingsområde for bloggaren

Bloggaren er gradvis i ferd med å flytte arbeidsinnsatsen sin frå bibliotekpolitikk (takk for god og jamn respons frå fleire av dykk, men oppover i systemet er dette fånyttes) over til Wikipedia og Lokalhistoriewiki, med vekt på østfoldhistorie.

Dermed er det blitt meir kontakt med lokalhistorikarar av alle slag, frå entusiastar på FB-grupper av typen «Du veit du er frå …. når…», via lokale historielag og til dei profesjonelle. Men med unntak av dei siste er det sjokkerande å treffe på mange som er dårleg kjende med NB.no, altså Nettbiblioteket, eller «Bokhylla.no» som det heitte før. Nokre har prøvd det «opne» tilbodet; det som har falle i det fri pluss det nyare t.o.m. år 2000 som er omfatta av avtalar med Kopinor. Men mange veit ikkje at dei på det lokale biblioteket kan få tilgang til også det «lukka» innhaldet, altså det som er nyare enn 2000 pluss aviser med ulike avtalar. Med andre ord det NB kallar «utvidet tilgang for forskning og dokumentasjon» (dei bruker også «pliktavlevert» om dette materialet, sjølv om mykje av det eldre også var pliktavlevert i si tid).

Sjå også dette forslaget til kva vi kan gjere

Mange journalistar og særleg skrivande frilansarar kunne også trengt betre informasjon.

Men så driv vi då med ein-til-ein-kursing her og der. Før vi nyleg forsøkte å finne ein god instruksjon på nett, så folk kunne bli meir sjølvhjelpne. Då fekk vi sjokk nummer to:

read more »
januar 9, 2020

BI-rapporten: MYKJE interessant også om bibliotekbruk og «Bokhylla.no»

>> Oppfølging 10.1.: Bokbransjen vil ha ny lesepolitikk, men kva med biblioteka?

I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultursidene at «Forlagene hevder nordmenn leser 13,6 bøker i året. En ny undersøkelse kommer fram til tallet 8,5.» Og forsidehenvisninga har vi som ingressbilete her, med tittelen «Knuser bokorm-myten!»

Det handlar om «Bokforbruk, bibliotek og lesing i digitale tider«, rapport nummer 4 frå BI sitt forskingsprogram «Digitisation and Diversity» (som vi har skrive om i tre tidlegare bloggpostar.)

Den dramatiske skilnaden i boklesing per nordmann kjem av at forlaga sine undersøkingar ikkje tar omsyn til utdanningsnivå. Dette meiner Anne-Britt Gran, leiar av programmet. Ho seier til avisa: «Begge undersøkelsene er vektet på kjønn, alder og geografi. Vi har i tillegg vektet på utdannelse, siden kulturforbruk i så stor grad korrelerer med lengden på folks utdannelse.»

Men verken Klassekampen eller dei som (i løpet av torsdagen) har sitert avisa eller publisert NBT-meldinga som byggjer på henne, nemner noko som helst av det svært interessante i rapporten om både bruken av «Bokhylla.no» og generell bibliotekbruk. Blant anna om lån i ulike former og på ulikt leseutstyr (framleis klår førsteplass til papirboka) og om ventetider på dei ulike boktypene (få klagar på nokon av dei).

Interessant er det også kva bibliotekbrukarane trur om bibliotekframtida:

read more »

desember 6, 2020

Er dette gullalderen for norske bibliotek?

Frå videoen med foredraget for det strategiske rådet

Uavhengig av kor sterkt koronakrisa råkar biblioteka skal det sjølvsagt leggjast offensive planar for framtida. Då trengst det analysar om stoda i dag, basert på bibliotekstatistikken for 2019. Nasjonalbiblioteket tar no dette på alvor og har nyleg i tre kanalar (om ikkje fleire? Vi går jo ikkje på møte og konferansar med dei) kome med optimistiske og ganske skråsikre meiningar om stoda, men som nok vil overraske fleire. Vi vågar oss på denne kortversjonen, utan å karrikere altfor mykje:

Norske folkebibliotek har aldri hatt det betre; når vi ser heile landet under eitt har utlånsnedgangen stagnert og besøk og arrangement aukar i omfang, så no skal vi berre sjå opp og fram, både lokalt og sentralt. Dei framleis 49 prosentane ikkje-brukarar kan vi få med på laget om berre fagfolket sluttar å sutre og bruke krefter på uforståelege (for politikarane) detaljar som metadata, katalogar, fjernlån osv. Og om det likevel finst lokale negative avvik frå dagens gullalder-nivå (sjå nedanfor), er dei «så små at makrotallene ikke påvirkes».

>> Seinare innlegg om dette: 9.12.: Veronicha Angell Bergli, leiar av Bibliotekarforbundet. 11.12.: Vidar Lund: leiar av Norsk Bibliotekforening.

Men i ein påfølgjande, og truleg framleis pågåande, debatt i Bok og bibliotek på nett har (per 10.12.) to tunge aktørar protestert kraftig på både bruken av fleire av tala og på analysane.

Første NB-utspel av denne kaliberen var 2. oktober i det svenske Biblioteksbladet i eit større intervju med NB-direktør Aslak Sira Myhre. Redaktør (og intervjuar) Thord Eriksson skriv i ein leiarartikkel nokre dagar seinare:

«När jag intervjuade Norges nationalbibliotekarie Aslak Sira Myhre i Oslo i somras raljerade han om att norsk bibliotekspersonal har en omotiverat mörk syn på sina förutsättningar att vara relevanta i framtiden. ”De som jämt säger att det går åt skogen, är bibliotekarierna”» (det var fleire ting som overraska svensken, sjå nedanfor, og les intervjuet).

21. oktober heldt same direktør eit foredrag for NBs strategiske råd. Dette er i forma ein glimrande pep-talk til bibliotekarane om både strategiperioden og tida etter koronaen, men då må også skildringa av situasjonen vi står i stemme sånn omtrent. Men det er her han underbygger påstanden at vi no er midt i gullalderen til norske bibliotek, særleg karakterisert ved at …

read more »
Translate »