Search Results for “innbyggertorg”

oktober 7, 2022

Til innbyggjartorgs?

Frå Spydeberg i nye Indre Østfold kommune

Norsk Bibliotekforening har tatt utfordringa som blant anna blei reist på demokratiseminaret i Stavanger for eit år sidan: Er slaget om innbyggjartorget avlyst? Dei har publisert «en guide om utfordringer man bør se på når kommunen ønsker å samkjøre bibliotek og innbyggertorg/kommunal informasjonsformidling»: Veiledning for bibliotek og innbyggertorg.

Planlegging er viktig, heiter det, og til slutt kjem dei to viktigaste punkta, under overskrifta «Diskusjon»:

  • Innbyggertorg/kommunal informasjonsformidling er kommunens ansikt utad. Bibliotek skal være en uavhengig møteplass og en arena for debatt. Hvordan sikre bibliotekets frie rolle i en sammenslåingsprosess?  
  • Utfordrende kommuneøkonomi og bibliotekets portefølje utvides. Kan bibliotekets samfunnsoppdrag svekkes og biblioteket blir et fagområde «for alt»?

Dette er altså eit «partsinnlegg», og det blir spennande å sjå korleis det blir møtt ute i dei aktuelle kommunane, der den andre parten vil stå sterkt gjennom den nære tilknytinga til kommuneleiinga, rett og slett «kommunens ansikt utad», som NBF seier i rettleiinga. Og om det kjem til konflikt om dette, kor sterkt står biblioteklova og Nasjonalbiblioteket som lovas handhevar.

Her på bloggen har vi skrive mykje om dette, både i inn- og utland, under stikkordet Sørviskontor (som dei heitte for nokre år sidan). Det blir nok ikkje siste gongen.

februar 27, 2023

Endeleg eit oppgjer med dei nye «bibliotektenestene»?

«- Ikke holdbart» er den klare meldinga frå Veronicha Angell Bergli, leiar i Bibliotekarforbundet (feilaktig kalt Bibliotekarforeningen, skam dykk, Klassekampen). Ho seier: «Det er ikke holdbart at tjenestene skyver biblioteket og bibliotekaren foran seg framfor å stille med egne ressurser til å svare på spørsmål og behov fra sine brukere».

Tenestene ho viser til er slike som «tilfaller bibliotekarer i mangel på andre steder å søke hjelp. – Vi skal selvfølgelig gjøre vårt, men jeg mener også at det offentlige har et ansvar. At skjemaer og nødvendige tjenester i praksis blir utilgjengelig for en andel av befolkningen, er ikke noe Nav, Utlendingsdirektoratet, kommunen eller banken kan leve med i lengden».

Her på bloggen har vi ofte skrive om denne utfordringa, blant anna etter spørjeundersøkinga i regi av Sintef som avslørte at «En stor del av respondentene [frå bibliotek, vår merknad]… opplever at de gjør oppgaver som de mener egentlig er NAV sitt ansvar, og som går på bekostning av egne arbeidsoppgaver».

Vidar Lund, leiar av den verkelege Norsk Bibliotekforening (NBF), blir også intervjua og kjem inn på at samanslåing av bibliotek og innbyggjartorg eller sørviskontor «byr “pent sagt” på mange utfordringer … Et servicekontor er en representant for kommunen, mens et biblioteks lovfestede mandat er å være en uavhengig plattform og debattarena. Om de slås sammen, fører det med seg mange integritetsutfordringer».

NBF har det siste året forsøkt å gjere noko med dette og gav i haust ut ei «Veiledning for bibliotek og innbyggertorg». Med klare åtvaringar i stil med det Lund i dag seier i Klassekampen.

Dette står i kontrast til prosjektet i kommunane Drammen og Indre Østfold, som Nasjonalbiblioteket satsa 1,4 millionar på, med den talande, ukritiske tittelen «Beste praksis for bibliotek og innbyggertorg».

Prosjektet har sjølvsagt frå starten blitt omfamna (og med utropsteikn i overskriftene) av organisasjonen Forum for offentlig service.

Denne nye kombi-institusjonen har vi mange artiklar om på bloggen i kategorien Sørviskontor.

I prosjektplanen snakkar dei om ein «erfaringskonferanse» i mai 2023, men faren er at det blir på arrangørane sine vilkår. Det trengst noko meir og uavhengig rundt alt dette. BF og NBF bør kunne samarbeide.

november 25, 2021

Er slaget om innbyggjartorget avlyst?

«Torvet Bok & Mer» – det samlande slagordet på Skjønhaug i Indre Østfold

På Bibliotekseminaret om bibliotek og demokrati i Stavanger i september tok byens bibliotek- og kulturhussjef, Anne Torill Stensberg, frå tilskodarplass opp spørsmålet om innbyggjartorg og bibliotek (sjå videoen etter 1.47). Ho var opptatt av at «det foregår en oppblomstring og framvekst av innbyggertorg som en arena for mye av det samme som vi tradisjonelt driver med …[og ho var uroa over at] … bibliotekene skal være en integrert del av et innbyggertorg, ledet av noen andre. Det kommer ganske sterkt inn, og det er mange som ønsker at det skal lykkes, kanskje mer enn at vi nødvendigvis skal lykkes.»

Ho tok det opp igjen i debatten (etter 3.06.50) og fekk svar frå Svein-Arne Tinnesand frå Nasjonalbiblioteket som vedgjekk at den sentrale institusjonen i slike torg «kunne vore biblioteket, men vi blir pressa i ei retning». Før han viste til eit pågåande prosjekt dei støttar: «Beste praksis for bibliotek og innbyggertorg».

Men i begge kommunane som driv prosjektet (Drammen og Indre Østfold) er modellen bibliotek + innbyggjartorg for lengst vald, og deltakarane er primært ute etter «beste praksis». Eller å gjere det beste ut av det, får vi inntrykk av. Og spørsmålet til Stensberg som går på kvalifikasjonane til bibliotek- og torg-leiaren, står ikkje …

read more »
januar 4, 2023

Namnet skjemmer ingen?

Indre Østfold innbyggertorg og bibliotek er éin av dei nye kommunale kombi-institusjonane dei siste åra, ein modell som fekk ein viss popularitet blant lokalpolitikarar. Bloggaren har lurt på om folk i desse kommunane framleis kallar det bibliotek eller kva? Og dei bibliotektilsette, er dei forplikta til å omtale arbeidsplassen sin med eit så langt og innfløkt namn? I skrift, truleg, men i daglegtale?

Eller er det som i dette oppslaget i Indre24, der seksjonsleiaren i Indre Østfold «oppfordrer folk til å bruke IBene uavhengig av hvor man bor» (vår kursiv)? (dei av oss med litt fartstid kan få andre assosiasjonar… Forresten har det nyleg kome ein høgst lesbar «dokumentarroman» om dette IB-et).

I Danmark, der samanslåing av bibliotek med borgerservice blei nærmast obligatorisk for kommunane, skriv dei i alle fall til til dømes Odense Bibliotek og Borgerservice, med bibliotek som det første leddet.

For tjue år sidan oppstod fenomenet og ny-ordet Idea Store i bydelen Tower Hamlets i London. Dette var ei kombiløysing mellom bibliotek og vaksenopplæring pluss pluss. Modellen og namnet har ikkje spreidd seg til andre bydelar eller kommunar, men under krisa i UK dei siste åra har mange folkebibliotek blitt til community hubs. Her kan namnebruken blant folk variere, melder ei lokal kjelde.

PS: Her på bloggen har vi fanga opp og tatt del i debattar om denne kombinasjonen under eit omgrep og eit stikkord som var vanleg då dette starta; Sørviskontor.

april 14, 2022

1 av 4 er skeptisk til bibliotek + innbyggjartorg

I biblioteket i Århus valde dei etter kvart å skilje dei to tenestene, bl.a. etter intens debatt i det danske bibliotekmiljøet

5. april var det lansering av rapporten «Samlokalisering av bibliotek og innbyggertorg : En innbyggerundersøkelse utført i Drammen og Indre Østfold kommune». Til no, 14. april, er det berre Forum for offentlig service (FOS) som har publisert noko om dette; dei har då også til no vore den største pådrivaren for denne løysinga. Samlokalisering, og samorganisering, slik det er blitt i Indre Østfold, er ein lenge uforløyst debatt i Bibliotek-Noreg. Her på bloggen har vi forsøkt å oppmode til debatt, men lite har skjedd enno.

I den grad ei spørjeundersøking blant publikum er viktig, for dette omfattar berre éin stor bykommune og éin typisk mellomstor kommune, og begge på Austlandet, synst vi poenget i overskrifta vår er det viktigaste å formidle. Det heiter om respondentane:

«…nær 1 av 4 [svarer] at bibliotekets uavhengighet blir utfordret ved samlokalisering. Dette begrunnes blant annet med at det blir en uklar sammenblanding av to ulike tjenester, at det gir kommunen mulighet til å påvirke tilbudet på biblioteket og at det blir mer folk/støy på biblioteket».

Alt biletstoffet i FOS sitt oppslag er frå Nye Deichman. Flotte foto. Der fann lanseringa av rapporten stad, men vi har ikkje høyrt éitt pip om at Oslo vil velje denne løysinga.

oktober 29, 2022

Åtvaringa frå Åmås

Åmås og Aftenposten trumfar dei andre kulturavisene i dag

Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås er i Aftenposten i dag og i det store formatet, under overskrifta (men bak betalingsmuren) «Ro er den nye rocken». Han opnar slik: «Folkebiblioteket rister folk sammen i et av de siste fellesrommene der du kan være bare borger og ikke bruke en krone som forbruker. Det vil nok mange oppdage at de trenger på vei inn i en tid med svekket økonomi. Flere vil ikke ha råd til kulturtilbud som koster mye lenger. Flere vil søke seg til bibliotekene, som alltid er gratis og åpne for alle. Det norske folkebiblioteket er en usannsynlig stor suksess».

>> Tysdag denne veka skreiv vi om krisa for det billettbaserte kulturtilbodet.

Det høyrast jo oppløftande ut for biblioteka, men den tidlegare statsekretæren i Kulturdepartementet veit betre: «Kutt som kommer» er den første mellomtittelen hans. Han spør seg om «politikere lokalt og nasjonalt ser det, eller om en svak sektor blir kuttet enda svakere i trangere tider som starter nå. Sannsynligvis skjer det siste. … Satt opp mot helse og eldreomsorg taper bibliotekene alltid. Statistikkene viser at utgiftene til alle kulturområder har økt kraftig – bortsett fra bibliotekene som står om trent stille».

Vi kan ikkje sitere alt, men han får blant anna fram kvalitetane ved Deichman i Bjørvika, men også at «Det er svære forskjeller fra kommune til kommune. Det utfordrer likhetsprinsippet som er så viktig i Norge». Og han set spørjeteikn ved at bibliotek overtar så mange andre oppgåver lokalt, og viser der til Siri Lindstad i Forskerforum denne veka.

Åmås har grunn til uro:

Vi gjer eit søk i Retriever for den siste veka og finn blant anna noko vi har skrive om før; planane om kortare opningstider i Oslo på grunn av straumprisane. Og om naudskrik frå Nordre Follo: «En rasering av bibliotektilbudet», om at «Biblioteket vil [om budsjettforslaget går gjennom] ha mistet en fjerdedel av stillingene sine siden kommunesammenslåingen i 2020». Og i Ås blir den einaste filialen vekk, i Lindesnes skal det bli «effektivisering» av bibliotek/innbyggertorg og i Levanger blir det «en rekke kutt for å komme i budsjettbalanse. Stillinger holdes vakante også her. Bokbussen for Åsen og Ekne fjernes, og biblioteket reduserer skranketjenester».

PS 30.10.: Med nokre års mellomrom kjem Åmås med store bibliotek-kronikkar i Aftenposten. I 2008 skreiv han om «Blålys for biblioteket», som var med på å skaffe han Norsk Bibliotekforenings pris i 2010. Les dei gjerne i rekkjefølgje. Noko har skjedd på fjorten år, men …

Translate »