Search Results for “kjøpesenter”

mars 27, 2019

Bibliotek i kjøpesenter – kor lurt er det no?

Skjermbilde 2019-03-27 23.39.28

Frå historias beste kjøpesenterfilm. Klikk og kikk

Eigarane og dei tilsette på norske kjøpesenter er einige om to ting: At det går dårlegare for kjøpesentra – og at løysinga er «fleire opplevingar». Ut over ekstasen ved å shoppe, sjølvsagt. Nyleg skreiv E24 om Lagunen i Bergen, der ein ny kino skal gjere susen. Og i dag i fagforbundet Handel og Kontor sitt organ HK-nytt nr. 3/19 (berre på papir) kan vi lese at på senteret Fornebu S i Bærum har dei, i påvente av eit eventuelt kommunalt bibliotek, «fått et område i underetasjen til å lage et byttebibliotek.»

Etter det vi kan sjå er ein Bærumfilial på Fornebu lite aktuelt før etter 2035, i beste fall. No skal dei endeleg ruste opp Rykkin, etter fleire år med nedleggingstrugsmål. Og til dømes Ski bibliotek flytter om fire år ut av dei berre 17 år gamle lokala i Ski storsenter. Dei noverande er dårleg eigna for arrangement og som møteplass.

Og imens held suksessen til netthandelen fram og framtida til i alle fall privatbilbaserte sentra har vore ein god del lysare enn i dag. I USA er kjøpesenterdøden (Dead Malls) omfattande. Kor bra er det å vere bibliotek i eit kjøpesenter der butikkar – og folk – blir færre?

Ein del norske folkebibliotek er solid integrerte i kjøpesentra. Til dømes …

read more »

juni 10, 2021

Biblioteket og bylivet

Det tidlegare nyheitsbiblioteket satsa på skjerm-media og «bestseljarar»

Vi har tidlegare her på bloggen vore inne på at bibliotek er eit ettertrakta element i kjøpesenter. I tillegg til å vere publikumsmagnetar vil vi tru at Thon, Steen og Strøm osv. set pris på bibliotek som kulturelle, ikkje-kommersielle alibi. Og her er det potensial, for Noreg har ifølgje kjøpesenter-ekspert Ronny Spaans 900 kvadratmeter kjøpesenter per 1000 innbyggjarar. Det skal vere europarekord.

Ein følgje av denne utviklinga er at mange gamle bysentrum har stagnert. Men no kan vi lese i Berlingske at sentrum i Herning på Jylland er blitt revitalisert etter at dei flytta biblioteket inn i gågata i sentrum: «Biblioteket er rykket ind i bymidten, og bylivet er flyttet med». 

Det tidlegare hovudbiblioteket var ein typisk dansk «bibliotekborg» anno 1960- og -70-tal. Faktisk kalla «Ørkenfortet»! Og det låg eit godt stykke frå sentrum.

I 2009 var underteikna i Herning og skreiv om «nyheitsbiblioteket» dei hadde innreidd i ein underetasje i sentrum, sjå Bibliotekforum nr. 2, 2010 side 28-29. Om dette var i same bygg som det nye hovudbiblioteket, skal ikkje seiast sikkert.

På den faste sida vår «Nye bibliotekbygg» går det blant anna fram at på Ski i Nordre Follo flyttar dei no biblioteket ut av kjøpesenteret til eit nybygg i sentrum. Men der ligg alt kjøpesenteret i sentrum.

januar 17, 2020

«- Etterspørsel etter bibliotek, trening og helsetjenester»

Hjørring 2018

Kjøpesenter, med bibliotek oppe til høgre. Hjørring, DK

Vi har fått høyre at vi har ubalanse i kjeldene våre; ei viss avis på venstresida, og med stalinistisk fortid, er blitt ein gjengangar her på bloggen. Då svarer vi gjerne at avisa er ei av dei klart beste kulturavisene (som dessverre ikkje seier så mykje lenger), og med ein del bibliotekrelevant stoff. Rett nok ikkje utan feil, ho heller. Men for å verkeleg forsøke å kompensere deler vi i dag ei sak frå «Retailmagasinet» – eit «uavhengig fagtidsskrift for drift og ledelse av kjeder og kjøpesenter».

Her kan vi lese om stoda i 2019 for Citycons kjøpesentre. Dei har hatt «såvidt vekst», men  leiinga er opptatt av «noen trender som kommer til å være avgjørende for å lykkes fremover. – Vi ser at folk vil ha mer mat og drikke og flere serveringstilbud på sentrene. Samtidig opplever vi økende etterspørsel etter bibliotek, trening og helsetjenester» (vår utheving).

Men bibliotek i kjøpesenter har vi skrive om før, og då med ein viss skespsis.

Når det gjeld den nemnde kulturavisa, så har dei i dag ei sak om Biblioteksentralen sin nye e-bok-app Bookbites, der dei tar i bruk «kreative metadata», som blant anna betyr at dei spør brukarane om kjønn: «Velg kjønn – og la oss gi deg anbefalinger». Men som dei likevel ikkje bruker. Meir vil vi ikkje seie, for balansens skuld. Men avisa skal finnast i mange bibliotek.

mai 7, 2020

DK: Opning, men «kun ind- og udlån»

Skjermbilde 2020-05-07 11.56.57

I danske Hjørring er biblioteket på andre høgda i eit kjøpesenter

Danmarks biblioteksforening siterte i går eit notat frå ei ekspertgruppe under Statens Serum Institut (SSI) som går inn for at folkebiblioteka kan vere blant dei neste som opnar, saman med «detailhandel (herunder storcentre), professionel idræt uden tilskuere, kritiske offentlige arbejdspladser samt zoologiske- og botaniske haver». Men «biblioteker (kun ind- og udlån)».

I notatet snakkar dei blant anna også om ein «regionsopdelt model» i staden for ein nasjonal. Om dei i vesle, flate Danmark tar omsyn til regionale skilnader, så burde vel opning her i landet kunne skje på same måten? Då kunne kanskje bibliotek i dei mange små kommunane i Nord-Noreg der det er lite eller inga smitte opne først. Og no ser på nrk.no at helseminister Bent Høie «ikke utelukker at det kan komme lokale tiltak i tiden fremover».

februar 18, 2019

Sverige: – Strøyming av e-lydbøker gjer fleire til lesarar

Skjermbilde 2019-02-18 13.11.44

Ikkje muleg lenger å skilje ein lesar frå ein musikk-fan

Rapporten Boken 2018 – marknaden, trender och analyser som Svenska Bokhandlareföreningen og Svenska Förläggareföreningen står bak, inneheld ein del interessant om lydboka. Vi har lese på skrå og funne blant anna dette sitatet av direktøren for BookBeat, ein av lydbok-appane i Sverige:

«Tillväxten av främst ljudböcker gör att bokmarknaden står sig stark i konkurrens med annan digital media som Spotify och Netflix och lyssnarna visar en ännu högre betalningsvilja för böcker, upptill 200 kronor per månad. Även grupper som tidigare kanske inte läste så mycket böcker har nu börjat lyssna. I snitt lägger våra användare cirka 20 timmar på ljudböcker, vilket motsvarar strax över två böcker, per månad. På ett helår blir det rätt höga siffror. Jag har svårt att se att det någonsin har funnits så många svenskar som lagt över 2 000 kr och 240 timmar på böcker per år som de gjorde under 2017. Känns som ett styrkebesked för hela branschen som är mitt i en stor omställning där vi inte bara konkurrerar mellan branschens egna kanaler».

Sjølv har vi nyleg, for ein femtilapp ekstra i månaden, oppgradert ein av desse straumetenestene til «Familie» og gjort ein av etterkomarane til relativ storlesar etter nokre år å lege under for tv-serie-syndromet. Og småbarns- tilsvarande …

Men dette skal altså biblioteka ikkje få vere med på.

PS: Ein skilnad mellom dei to grannelanda våre, som vi må sjå nærmare på, er at Noreg no må ha ein overetablering av fysiske bokhandlar, med typisk to kjedebokhandlar i kvart kjøpesenter, mens du til og med i storbyar i Sverige må leite lenge etter ein skikkeleg bokhandel. Sånt har nok innverknad på lesevanane.

juni 3, 2019

Kva med biblioteket når Thon & co. blir byplanleggjarar?

Skjermbilde 2019-06-03 22.29.24

Røkke fekk ikkje endre kulturhusplanen i Molde med gåva si. Sjå også nrk.no.

I mars åtvara vi mot å leggje bibliotek til kjøpesenter. Kor lurt er dét, sa vi, når kjøpesentra slit fleire stader? Når butikklokale blir ståande tomme og heile kjeder må stengje fordi netthandelen overtar stadig meir. Og når mange bysentrum blir mindre tilgjengelege for privatbilen.

Men så kjem det ein tekst på heimesida til Attack, «Bondefanget i smartbyen», som seier noko litt anna:

read more »

Translate »
:)