Search Results for “sölvesborg”

september 8, 2020

Årets eufemisme: «Det blir en utmaning»

Sölvesborg: SD-dominans og mindre vakker slottsruin. Foto-utsnitt: S. Rosbom (CC-BY SA-2.5)

Ifølgje svenske Biblioteksbladet 25. august har Sölvesborg sør i Sverige fått ny biblioteksjef. Det er vel ikkje vanleg å intervjue ny-sjefen i ein kommune med åtte tusen innbyggjarar, men Sölvesborg blei i fjor herostratisk berømt for at biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk. Saka er at Sverigedemokraterna (SD) er det største partiet og har makta saman med andre borgarlege.

Men den nye biblioteksjefen er optimist: «Det behövs tid och lugn och ro. Med en struktur löser man detta. Man håller ut, det måste få ta tid».

BiS ved Tobias Willstedt har derimot vore tydeleg kritisk «Angående händelserna i Sölvesborg». Der han også viser til ein master frå bibliotekshögskolan i Borås om bibliotekpolitikken til franske Nasjonal front på 1990-talet, men som vi ikkje fekk opna no på grunn av stor datatrafikk.

Så kan ein spørje seg kor sterkt norske biblioteksjefar står når det kjem til jussen? Vi vil i alle fall tru at ministeren si utdjuping av tillegget i §1 i 2013 ikkje har svekka det vi her på bloggen kallar «det uavhengige biblioteket».

juli 9, 2021

«Nu får Norje ett eget bibliotek» (det er fredag)

Under fotball-EM såg vi dette på tribuna der Sverige spelte. Men det var nok ikkje norske svensketilhengarar sitt

Det er snakk om eit bibliotek på berre 46 kvadratmeter. Då trur du vel oppslaget i avisa Sydöstran er ein norskevits? Nei, Norje er ein liten tettstad i Sölvesborg kommune i Sør-Sverige (vi har faktisk tre gongar tidlegare blogga om biblioteket i kommunen, men ikkje i rosande ordelag).

Frå svensk Wikipedia: «Ortnamnet har inget samband med konungariket Norge. Visserligen finns dokument från 1500-talet (det äldsta från 1528 och 1537) med stavningen Norge, men påståenden om att detta skulle ha med landet Norge att göra har aldrig kunnat beläggas».

Men tusentals unge, og litt mindre unge, norskingar har vore i Norje, årleg, sidan 1992! Av stort sett éin grunn: «Sweden Rock Festival»; ein hardrockfestival med tretti tusen tilhøyrarar kvart år. Ein av Sveriges største musikkfestivalar.

PS: «Nårje» førekjem ironisk brukt på trykk om grannen i vest. Slik svenskane uttaler det. Elles ikkje ulikt slik vi uttalte det sjølve gjennom hundreåra. Før vi tok i bruk skriftuttale av den danske skriftforma, med tydeleg «g». Kjelde: Språkrådet («Noreg» på nynorsk er ei sak for seg, sjå same kjelda. Underteikna bruker «Noreg», men mest fordi «Norge» er språkhistorisk minst like kunstig (kunstig på norsk, til skilnad frå konstig på svensk 🙂 ).

desember 17, 2019

Folkebibliotek i dobbel skvis

Skjermbilde 2019-12-17 13.00.25.pngI motsetning til her i landet har svenske folkebibliotek fått ein bibliotekmilliard frå staten, i alle fall trekvart. Og mens norske statstilskott for det meste er prosjektstøtte, kan dei svenske gå til drift.

Men samtidig har vi det siste året sett korleis dei svenske biblioteka blir pressa sterkt frå to kantar, både økonomisk og kulturpolitisk. Til dømes skreiv vi i sommar om korleis det nyliberalistiske fleirtalet i Stockholm kuttar drastisk i kultur- og særleg i bibliotektilbodet. I tillegg er hovudbiblioteket deira snart hundre år gammalt og upraktisk, mens planar som har vore om nybygg er lagde på is. I haust har i tillegg eit liknade fleirtal i Göteborg foreslått å leggje ned seks filialar (no på morgonen kan vi lese at dette blei utsett etter møte i bystyret i går). Slike kutt handlar jo om å kome dei som klagar på det himmelhøge skattetrykket til møtes.

Så har vi dei nye «kulturideologane» i det høgrepopulistiske Sverigedemokraterna (SD), partiet med røter i nazismen, men som no har blitt landets største på meiningsmålingane. I Aftenposten torsdag 12. desember var det ei større sak frå Sölvesborg, landkommunen i Skåne der SD har makta, og som dei har gjort til laboratorium for sitt eige nye «folkhem». Det er her biblioteksjefen valde å gå frå stillinga si blant anna fordi ho ikkje fekk kjøpe inn bøker på andre språk enn svensk.

I Aftenposten peiker professor Jonas Hinnfors ved Göteborgs universitet på …

read more »

oktober 30, 2019

Frå Le Pen til Sverigedemokraterna

mannen som ikke nattens köldIfølgje SVT har no ein lokalpolitikar i den svenske kommunen Täby, ein såkalla «sverigedemokrat» (SD), forsøkt å stoppe eit forfattararrangement der hbtq var eit tema, med argumentet at «evenemanget betonar normkritik och att Täby kommun inte bör upplåta lokaler och använda skattepengar till sådana evenemang.»

Han får motstand frå andre politikarar og sjølvsagt biblioteksjefen. Men SD er snart landets største. Kor skal det ende?

Nytt 9.11. >> Fråsegn med støtte til biblioteket frå leiinga ved Stockholms konstnärliga högskola, der forfattaren er student.

Kanskje som i ein annan kommune, Sölvesborg, der SD faktisk har makta. Der har ein liknande kontrovers ført til at …

read more »

Translate »
:)