Archive for ‘Uncategorized’

august 19, 2022

Morgonen etter boklovutkastet

Marknadsføring frå Gyldendal til folkeboksamlingene i 1927. Klikk for stort foto

Vi hadde ei sak om lovutkastet i går: Boklovforslaget: Leveringsplikt, men kva så? Nedanfor vil vi ei tid framover lenke til reaksjonar på lovutkastet, med vekt på der det også er snakk om biblioteket (ja takk til tips!). Det nyaste kjem først, men først reaksjonar frå bibliotekhald (noko vil nok vere bak betalingsmurar).

Aller først: Ingen har til no (19.8. kl 12.04) minna om kva biblioteksjefane i fleire større byar og fylke i februar sa i eit opprop: «Innkjøpsordningen må sikre oss flere eksemplarer av e-bøker og e-lydbøker». 

Om boklovforslaget frå bibliotekhald:

Bibliotekarforbundet 18.8:  «Vi er glade for at departementet i høringsnotatet tydelig anerkjenner bibliotekets rolle som en av de viktigste formidlerne av mangfoldet og bredden i norsk litteratur, og at de samtidig har notert seg utfordringene bibliotekene har med kjøp av digitale lydbøker. Vi skal nå gå nøye gjennom høringsnotat og lovforslag og se om det faktisk svarer ut bibliotekets behov, sier forbundsleder Veronicha Angell Bergli».

Norsk Bibliotekforening 18.8.: «Lovande utkast til boklov». På bloggen kommenterte vi dette i går slik: «Eg ser no at NBF-leiar Vidar Lund kjem til å krevje at «at ei minimumsløysing må inn i forskrifta». Men då burde vel eit signal om ei slik opning ha kome alt i dette dokumentet? Vilkåra har jo heile tida vore det springande punktet i lydboka-og-biblioteket-debatten. Og etter «50 møter med organisasjoner og aktører i bransjen» og «[r]undt 20 skriftlige innspill» må problemet opplagt ha vore drøfta (sjå side 6 i notatet)».

Frå andre organisasjonar og media (8 stk oppdaga per 19.8. kl 18.30):

read more »
august 13, 2022

Lesing ved sommarleite

Bloggaren er i sommarmodus og har funne attende til blant anna Sandemose, Karin Fossum og Kerstin Ekman. Og den ganske nye romanen hennar, «Löpa varg». Om livet etter søtti. Sitat frå denne: «I min En jägares dagbok [Turgenjev, min merknad] slog jag opp den oerhörda berättelsen om sången i Kolotovka. När jag läste irrade tankarna iväg. De var livegna de flesta som fågeljägaren råkade på när han strövade omkring med bössan. Men ibland sjöng de alltså. Gör vi det fast vi inte är livegna? Inte fan gör vi det. Det behövs ju inte. Vi har ju Melodifestivalen».

mai 3, 2022

Facebook utan filter

Nettstaden Gizmodo.com er no i gang med å rulle ut, bit for bit, interne, avslørande dokument frå Facebook. I dag er det dei sterkt omdiskuterte algoritmane som kjem «under kniven». Algoritmane som rangerer kva du skal sjå av nyheiter på kanalen. Vi omset konklusjonen: «Det desse dokumenta viser oss, er at trass i Facebook sine utflukter om kva dei meiner er “meiningsfullt” for brukarane, eller “verdt tida” internt, ser tilsette i FB på rangeringa som altfor kompleks og uforståeleg til at dei nokon gong kan få gjort jobben gjort forsvarleg. Dei veit også at dette er eit system som er ein føresetnad for Facebook si framtid».

mars 30, 2022

…en sårbarhet som särskilt präglar landsbygden

Denne boka av Jo Straube blei kåra til Årets vakraste i 2017. Men ho er ganske avslørande om biblioteka i Bygde-Noreg. Klikk og kikk
  • Kulturanalys Norden (etablert på oppdrag av Nordisk ministerråd) kjem no med ein rapport om ei side ved kulturlivet i dei nordiske landa som sjeldan får merksemd i media, nemleg den store skilnaden på tilbodet i by og bygd; meir presist mellom tettbefolka kommunar og dei med spreidd busetnad. Dette overraskar ikkje oss her i Noreg, men så får vi også stadfesta at i Norden er det vi som har aller mest «glesbygd».

Mykje handlar om å slå inn opne dører i rapporten «Kulturens geografi i Norden», men nokre ting kan vi merke oss:

I alle landa ser det ut til at folkebiblioteket er den einaste institusjonen som finst i kvar kommune. Og det finst eit underkapittel med den ambisiøse tittelen «Biblioteken utgör en grundstruktur för kultur» (side 27). Men kva ligg i dette?

Det einaste vi kan finne er: «Det har också konstaterats att bibliotek idag ofta står för en breddad verksamhet som erbjuder fler kulturaktiviteter än enbart utlån av böcker och medier. Biblioteken intar i dessa skepnader hybrida former av kulturverksamhet där det är vanligt att den fysiska lokalen används till allt från utlån av media och informationssökning till utställningar och publika arrangemang. Den fysiska lokalen får betydelse för att arrangera även annan kulturverksamhet och att fungera som en kulturell mötesplats».

På denne bloggen har vi likevel tillate oss å tvile på kor omfattande og vellykka dette har vore.

Her om dagen skreiv ein fortvila biblioteksjef i ei austnorsk bygd på lista Biblioteknorge at ho har fått i oppgåve å «utrede muligheten for meråpent bibliotek (…) og se på aktuelle selvbetjeningsløsninger som kan kutte ytterligere i driftsutgiftene ved biblioteket». Og samtidig produsere eit notat om «hva bibliotekloven beskriver av hvilke tjenester en kommune må tilby». Og dette er ikkje det einaste teiknet på at dyrtida vil råke kulturlivet ekstra sterkt. Mange bibliotek må no slå seg saman med innbyggjartorg for å overleve. Korleis då utgjere «en grundstruktur för kultur»?

Rapportforfattarane tar ei viss høgde for dette og skriv at det «finns överhängande risker att graden av variation kan inskränkas om resurserna krymper – det finns en sårbarhet som särskilt präglar landsbygden».

mars 10, 2022

Det populære b-ordet

Klikk og kikk

Ordet bibliotek kan ha andre tydingar enn i denne bloggen, blant anna ein privat boksamling av ein viss storleik eller rett og slett eit rom med bøker. Pluss eit programvarebibliotek. Men ordet kan og skal ikkje brukast om ei kommersiell teneste med «innspilte sanger som er gjort tilgjengelige i en app som er klar for lansering og kan brukes av barn, pedagoger og familier». Slik som styret ved OsloMet no har vedtatt. Ifølgje Khrono.no gjekk berre to av styremedlemmane imot.

På heimesida heiter det at Trall «integrerer musikkbibliotek og avspiller med tekst og karaokefunksjon i et lekent og intuitivt design som spiller på lag med musikken».

februar 8, 2022

Lydbokstraumen som tok oss

Juli 2013: Det aller første og ikkje overraskande oppslaget i norsk presse om Storytel.

Terje Colbjørnsen, førsteamanuensis ved Institutt for ABI ved OsloMet, har på vegner av Forleggerforeningen levert ein rapport med tanke på førebuingane til boklova: «Strømmemarkeder og litteraturpolitikk». Lesarane av den herverande bloggen veit mykje om denne nye distribusjonsmåten og følgjene av han, ikkje minst for biblioteka. Men meir er å lære. Som av denne rapporten.

Rett nok er dette det einaste som står om bibliotek:

«Når man i tv-bransjen snakker om «the streaming wars», så handler denne kampen nettopp om distribusjonsrettigheter. Alle trenger titler som kan trekke inn abonnenter og holde på de eksisterende, og dermed stiger også prisen på dette innholdet, og kampen om eksklusive rettigheter hardner. En tilsvarende «krig» har vi også sett i lydbokmarkedet. I Norge er bakteppet litteraturpolitisk, og handler blant annet om hvor vidt forlagene må levere til alle plattformer (se under om skaffe- og leveringsplikt), hvilke vilkår som skal gjelde, og om bibliotekenes tilgang på et aktuelt utvalg lydbøker» (vår utheving) (Og det blir vist til denne saka i Klassekampen frå oktober: «Får ikke gitt lyd fra seg»).

Den hyperkommersielle lydbokstrøyminga er slett ikkje berre eit problem for biblioteka: «Situasjonen i dag er uansett at lydbokstrømming er en dundrende suksess, i alle fall rent kommersielt. Skulle man utforme bokloven og andre reguleringer på en slik måte at konsumet dreies ytterligere mot strømming, kan det være uheldig for bredde og mangfold». 

Denne bloggen har no 53 innlegg om lydbøker og bibliotek.

desember 17, 2021

Deichman og utleige – prinsipp og pragmatisme

Morgenbladet er blitt hovudkanalen for «utleigedebatten» om Nye Deichman i Bjørvika. Her ei kort oppsummering for dei som (dessverre) ikkje tingar:

MBs eigen Bernhard Ellefsen seier 3.12. blant anna: «I Oslo har man tenkt at så lenge produktet skinner, er det ikke lenger et prinsipielt spørsmål, men et pragmatisk et. Ingen egg er hellige hvis bare omeletten smaker sublimt»

3.12. har MB også ei sak der vi kan lese om ei masteroppgåve om fenomenet. Sitat frå denne: «[her] beskriver informanter situasjoner hvor leietagere har hatt fest i lokalet, og «lyden [har] spredd seg i dette fantastiske taket som kaster lyd utover».

Så alvorleg var det rett nok ikkje 18. oktober. Sjå fotoet. Men eit stort, godt areal var okkupert av ein leigetakar som vel ikkje er heeeilt den typen avdelingsdirektør for det kommersielle, Astrid Aknessæther, ønsker seg: «Selv om de er kommersielle aktører, har de en god visjon, og de identifiserer seg også med våre verdier».

Leikny Haga Indergaard og Vidar Lund er intervjua av Morgenbladet 10.12. Lund frå NBF meiner at «når de har valgt å leie ut møtelokaler, og samtidig la dem være tilgjengelig i visse tidsrom, mener jeg at de har valgt det minste av to onder».

Indergaard, biblioteksjef i Bergen, men med litt tilsvarande røynsler frå Stavanger, presiserer: «Det jeg mener er viktig, er at kommersiell virksomhet og vanlig bibliotekdrift skal være tydelig adskilt. Besøkende skal alltid kunne skille disse fra hverandre, og biblioteket skal ha en tydelig profil som gjenspeiler folkebibliotekenes samfunnsoppdrag».

november 10, 2021

IFLA-versjonen av Covid-19

November-idyll. Ikkje som på IFLA-seminaret, men i indre Østfold. Klikk for større foto

Av Anders Ericson og Mikael Böök

IFLA er sjølvsagt sterkt opptatt av bibliotekas evner til å takle kriser. Men når dei drøftar slikt i 2021, må dei famne breiare enn berre covid-19 og breiare enn store, ressurssterke bibliotek i i-land.

27. oktober kom innbydinga på postlista til folkebibliotekseksjonen i IFLA til eit éin times web-seminar i dag, 10. november, med tittelen «Public Libraries Responding in Times of Crisis». I innbydinga viste dei til at «people all over the world are facing all kinds of different crisis, such as the covid-19 pandemic, forest fires, climate crisis, etc. Public libraries and their staff have to respond to these challenging times. How are they responding and what can we learn from experiences all over the world?»

Alt i opninga forsto vi at dei hadde innsnevra temaet til å omfatte berre covid-19-pandemien. Mikael Böök skriv meir nedanfor om opplevinga si som aktiv deltakar som hadde førebudd seg på ei langt breiare «kriseforståing».

Men først nokre tankar rundt seminaret slik det framstod. Eg må spørje meg kor stor verdi det har å einsidig høyre om best-practise frå to storby-bibliotek, det eine i Nord-Amerika og det andre i ein av Asias mest vestleggjorde statar. Forfattaren og bibliotekprofessoren David Lankes var med som kommentator, men dette var eit døme på at han er best i det store formatet, på trykk:

read more »
september 24, 2021

Kjell Askildsen og biblioteket

Bysten i Mandal bibliotek

Ved hjelp av Nrk.no i dag må vi konstatere at forfattaren Kjell Askildsen gjekk ut av tida i går, 91 år gammal.

Vi vel å sitere oss sjølve frå 2018 og «… historia om biblioteket og kampen om innkjøp av mandalitten Kjell Askildsens debutbok fra 1953, novellesamlinga Heretter følger jeg deg helt hjem. I den ene lokalavisa fikk boka god kritikk, men i den andre, eid av Indremisjonen, ble boka omtalt bare fordi «vi har fått sterke anmodninger om å advare folk mot å kjøpe den». Dette var altfor vågalt og «erotisk» for sørlandsbyens borgerskap. Noe som ble en «sak» i hovedstadsavisene, som ga boka god reklame.

I bibliotekstyret gikk kampen i flere runder, der Arbeiderpartiets representant tapte så det sang mot sognepresten, som var formann, og hans likesinna. Askildsen mista jobben som turistsjef og forlot etter hvert byen. Før han i 1999 fikk kommunens kulturpris og nå tar imot folk når de kommer til det nye, flotte biblioteket, i form av en byste ved inngangen».

Vi har også sitert Inge Eidsvåg om Askildsen i fjor: «Kjell Askildsen mot overdreven oppstemthet».

august 4, 2021

Bokkjøp på anbod: Bøker frå små forlag blir problem

Truleg problemfritt

Ikkje i Noreg denne gongen, men ofte går det her som i Sverige: Det er blitt ei sak i svensk presse dei siste dagane at lokale bibliotek vil få ekstra utgifter og meirarbeid om dei vil kjøpe bøker frå andre enn dei store forlaga. Blant anna Svt.se hadde dette på nett og TV 2. august: «Bibliotekens oro efter Adlibris nya krav: ”Utbudet försämras”».

For bokhandelen Adlibris har maila til bibliotekkundane sine at «de förlag som inte hittat en extern distributör innan den första september inte kommer att finnas kvar på Adlibris hemsida. – De mindre förlagen, som har egen distribution, har ingen möjlighet att lägga de här pengarna på en extern distributör», seier ein representant for eit mindre forlag.

Men i dag skriv SvT at blant anna Stockholms stadsbibliotek vurderer å finne seg ein annan leverandør ved neste anbodsrunde i oktober.

Adlibris har lenge hatt mykje av salet til svenske folkebibliotek, basert på at det er heilt vanleg å innhente anbod på kjøp av bøker og media i Sverige, og Adlibris er store og konkurransedyktige. BTJ, den svenske «Biblioteksentralen», ser ut til å vere taparen på dette feltet.

Historikaren Rasmus Fleischer blogga i 2010 om at …

read more »
juli 27, 2021

«De fleste Romaners Læsning er skadelig»

Klikk og kikk

Litteraturprofessor Marianne Egeland har 26. juli i Klassekampen eit essay med tittelen «Ingen plass til umoralen». Det handlar om opplysningsmannen Peter Frederik Suhm (1728 -98) si «leseliste … til alle lag av befolkningen. “Ja, endog Fruentimmer”».

Danske Suhm hadde gifta seg rikt i Trondheim, der han blei i fjorten år og var aktiv i det andelege og vitskapelege miljøet i byen. Han var med på skipinga av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Han bygde opp ei enorm boksamling som han tilbake i København opna for lesekyndige: «Hans viktigste låntakere var nok menn i den såkalte dannede mellomstand, men også håndverkere skal ha lånt bøker fra Kammerherre Suhms Bibliothek».

Det kongelige bibliotek fekk samlinga etter han, men rundt 30 000 band (mest dublettar) etter kvart blei sende til det nye universitetsbiblioteket i Christiania. Rett nok etter mykje mas; kong Frederik VI var jo imot heile institusjonen, men gav etter i 1813 og fekk likevel namnet sitt knytt til han. Det var i siste lita, for året etter var dobbeltmonarkiet ute av soga (denne legendariske dublettforæringa bør nokon skrive inn i den norske Wikipedia-artikkelen om Suhm).

Utan å vere tingar får du ikkje tilgang til teksten i Klassekampen, men Egeland har ein langt meir omfattande artikkel om dette i Edda nr. 1, 2021: «De fleste Romaners Læsning er skadelig». Her også om landsmannen Jens Schielderup Sneedorff, men som ikkje hadde så mykje å seie i Noreg.

mai 19, 2021

Viktigast för mig med biblioteket – och i biblioteket

De sex teserna finns att tillgå i en tryckt broschyr och som pdf-filer i de finländska bibliotekens gemensamma materialbank

Viktigast för mig med biblioteket är en kampanj, som Finlands Biblioteksförening driver inför kommunalvalen i Finland 13 juni 2021. På kampanjens webbplats möter ögat sex teser som förklarar varför bibliotek är viktiga:

“DEMOKRATI Kommunala bibliotek ger alla en chans att öka sin kunskap”

“EKONOMI Bibliotek har både direkt och indirekt inverkan på regionens ekonomi”

GEMENSKAP Bibliotek finns för att utveckla det lokala kulturlivet och regionens livskraft

“LÄSKUNNIGHET Den finländska läskunnigheten visar oroliga tecken på att försämras”

“DIGI Biblioteken hjälper fler och fler människor med sina vardagliga digitala problem”

HÅLLBAR UTVECKLING Kärnan i biblioteksarbetet är att stödja hållbar livsstil genom att låna ut”

Det vällovliga syftet med kampanjen är uppenbarligen att inspirera bibliotekarierna till att aktivt upplysa de bortåt 40.000 kandidaterna i valet om hur viktigt det är att stödja och finansiera de kommunala biblioteken.

För att motivera webbplatsens användare och göra det hela roligare uppmanas alla att testa sina egna bibliotekspolitiska åsikter.

Ett annat syfte med detta test kan förstås vara att fungera som en liten sociologisk enkät bland biblioteksarbetarna. Jag vet inte vad Biblioteksföreningen har tänkt göra med datan som flyter in varje gång någon besvarar de nio testfrågorna, men den kan onekligen ge t ex föreningens ledning en hel del värdefull information om vad medlemmarna tycker och tänker.

read more »
april 30, 2021

Ta ein røyk for biblioteket (det er fredag)

Det er faktisk heilt tilfeldig at bloggaren akkurat no går rundt med Miller på øyret og Slas på nattbordet

Ifølgje bok- og biblioteknettblekka ActualLitté skal Frankrike endeleg få seg biblioteklov. Men dette er inga spesielt dristig lov, slik vi kan sjå. Gratisprinsippet blir slått skikkeleg fast, faktisk i to paragrafar, og tilbodet skal representere mangfald, men til skilnad frå Noreg, Sverige og Nederland (det siste snubla vi over no) får dei ingen klare pålegg om å bli møteplassar eller «debattbibliotek». Dei skal vere «nøytrale», men dette har vi tidlegare påpeika at kan vere meir tilslørande enn avklarande.

Men noko originalt må det jo vere med gallarane. Og har vi ikkje heilt gløymt to års franskkurs, så skal alle nye tiltak som følgjer av denne lova finansierast med avgifta på tobakk!

Det betyr at dei må håpe på jamt forbruk av gallarsigarettane sine også i framtida. Men det betyr også at folkebiblioteka, til skilnad frå dei norske, vil bli delvis finaniserte ved statleg øyremerking! Chapeau!

Her er lovforslaget, for dei med spesiell interesse.

november 30, 2020

NRK.no med stor reportasje frå Katta-biblioteket

Foto (utsnitt): Stig Rune Pedersen (CC BY-SA 3.0)

Søndag kveld publiserte Nrk.no: «Dei skjulte bokskattane : Noregs eldste bibliotek ligg i kjellaren på ein vidaregåande skule». Det handlar om biblioteket på Oslo Katedralskole, grunnlagd i 1153, men då i eit anna lokale. Essensen er: «Her finn du mellom anna den eldste trykte boka om Noreg, kapitalismens bibel, eventyret om Askepott (ja, faktisk) som kappåt med trollet og hefte frå 1500-talet som ein inntil nyleg ikkje visste eksisterte».

Vi omtalte i juli boka «Bokhistorie. Bibliotekhistorie»:

read more »
oktober 25, 2020

25 eller 0 sakprosa-millionar?

Boka kom for tre veker sidan. I Biblioteksøk har berre 26 bibliotek boka per 24.10.

Hovudsaka på Klassekampens kultursider i går handla om innkjøpsordninga for sakprosa. Ei ny norsk sakprosabok bruker gjennomsnittleg 26 dagar meir på å nå biblioteket enn ei skjønnlitterær vaksenbok. Det vil seie 105 dagar eller nesten eit kvart år. Vel å merke om boka tilhøyrer den utvalde 25-prosenten av all forlagsutgitt sakprosa. Og ikkje står på «ventelista». Då tar det 227 dagar!

Men no vil både Arne Vestbø, generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), og SVs stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård at 25 millionar blir plussa på budsjettet for 2021, sånn at ordninga kan bli like automatisk som for skjønnlitteratur.

Men Øvstegård er ikkje altfor optimistisk:

read more »
Translate »