Trond Minken har her mottatt prisen Årets bibliotek 2011 på vegner av Buskerud fylkesbibliotek
Norsk Bibliotekforening ved Vidar Kvalshaug har i «innstikket» i Bok og Bibliotek nr. 5 gjort eit intervju med Trond Minken når han no pensjonerer seg. Lillehamringen som blei drammenser oppsummerer blant anna at «en av sorgene jeg har, er at jeg ikke har fått bearbeidet mer tankegods. Det har gått i hyrten og styrten, multi-tasking. Mye har bare duppet på overflaten». Men no får du tid til tenking og kanskje skriving, Trond?
På spørsmål vedgår han at han «aldri har vært redd for autoriteter». Mange av oss kan stadfeste dette. Så figurerer han også på heiderslista her på bloggen over Barske Bibliotekarar. I staden for å lenke direkte til der vi skriv om Trond sin kanskje barskaste prestasjon, rår vi dykk til å lese om alle dei 16.
… og andre leselystne og kunnskapstørste flyktningar og huslause i Athen. Forlaget Verso har ein artikkel på bloggen sin om den venstreorienterte, fleirspråklege bibliotekbilen ECHO som køyrer rundt 400 km i veka til 11 stopp i og utanfor den greske hovudstaden der det finst flykningleirar. Nokre stader kjem dei ikkje inn; dette er kontroversielt i dagens Hellas. Dei baserer seg på spreidde løyvingar, bokgåver og frivillige. Du kan også støtte dei økonomisk.
PS: Det står at dei har fått bøker frå «a closing multilingual library in Sweden». Det må vere Internationella biblioteket i Stockholm som dei lokale styresmaktene presterte å dele opp og rasere i fjor. Då skreiv vi om dette og andre aktuelle bibliotek-trugsmål og kampmetodar i den svenske hovudstaden.
I presentasjonen heiter det: «Some Scientists and multinational corporations like Bayer and Bill and Melinda Gates Foundation have claimed that GMO is the answer to the crisis of starvation in Africa. This has been contested by activists and peasant farmers who claim that GMOs have no proven record of reducing hunger, undermine farmers sovereignty to own seeds, control the production process and produce quality food and worse still, have carcinogenic effects that have exacerbated cancer infections and death in Africa».
Biblioteket heiter The Ukombozi Library (ukombozi = frigjering) og er ikkje eit vanleg offentleg bibliotek. Det kallar seg Kenya’s First Socialist Library og har tilknyting til Rosa Luxemburg Stiftung. Utan å vite for mykje om rettstilstandane i Kenya per i dag, vil vi tru dette er ganske barske bibliotekarar.
Marion Stokes, radikal bibliotekar, forkjempar for sosiale rettar, tv-produsent, feminist og Apple-fan, starta 4. november 1979 opptak av US-amerikanske tv-program. Og slutta ikkje før ho gjekk ut av tida trettitre år seinare. Det blei 71 716 VHS-kassettar. Bakgrunnen hennar for denne private «pliktavleveringa» var uro over falske fakta i media.
No er første generasjon digitalisering av samlinga til Stokes i gang hos Internet Archive, noko vi kan lese om på bloggen deira. Samtidig som det er laga ein dokumentarfilm om dette: Recorder: The Marion Stokes Project.
No er det stille på bibliotekfronten, men vi fekk auge på eit par trådar som viser seg å løpe saman på eit vis. Det handlar om uredde bibliotekfolk. Og nokre i heilt motsett ende av skalaen.
Først går vi femtieitt år attende i tida: I desember 1968 arrangerte biblioteksjef Adolf Henriksson i gruvebyen Malmberget i Nord-Sverige ei utstilling av Odd Uhrbom sine fotografi i reportasjeboka “Gruva”, med tekst av Sara Lidman, om dei umenneskelege arbeidstilhøva ved gruvekonsernet LKAB der nord i landet. Lidman var på opninga og las frå boka. Der og då fekk biblioteksjefen stukke til seg eit ark med nokre hemmelege rasjonaliseringplanar for gruvene. Han hengte desse etter kvart ikoniske «31 tesane» opp på utstillinga. Dagen etter var dette i Stockholmsavisene. Noko som var med å leggje grunnen for den største gruvestreiken nokon gong i Norden.
Henriksson er ein av denne bloggen sine Barske Bibliotekarar. Og her kjem den femtande barske bibliotekaren:
Vi er ved årsskiftet 2019-20 og finn blant anna i Aftenposten at leiarar for det kinesiske skilandslaget har bedt om at biblioteket i Meråker fjernar «kinesisk litteratur biblioteket har. Blant bøkene de ønsket fjernet er en bok om Falun Gong-bevegelsen.» Denne filosofien og meditasjonsteknikken har vore forbode sidan 1999 i Kina. Kinesarane er i Meråker der dei blir trena av norske ekspertar, som ledd i den store oppmjukinga av tilhøvet til Noreg etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris. Vi hugsar jo pingpongdiplomatiet på 1970-talet
Biblioteksjef Anne Marken fekk vite «at hvis noen av de kinesiske skiløperne blir tatt med disse bøkene, er de redd for at de risikerer arbeidsleir eller fengsel i Kina.» Likevel avviser biblioteksjefen dette presset og viser til ytringsfridomen og biblioteklova.
På leiarplass i VG får ho godt skussmål, til skilnad frå Erna Solberg:
I fleire medium i USA, blant anna på Common Dreams, kan ein lese om protestane mot at CIA fekk ha ein stand under bibliotekforeininga ALA sin store årskongress som fann stad i Washington DC helga som var. Eit forslag om utestenging fekk likevel ikkje fleirtal, med grunngjevinga at CIA ville bli nekta ytringsfridom…
Intitiativtakar til protesten var Alison Macrina, som alt er ein av dei Barske Bibliotekarane her på bloggen (sjå nr. 3). Ho argumenterte med at «Everything they stand for is a violation of the values of librarianship.» Og med at det finst ein viss tradisjon for rekruttering av bibliotektilsette til hemmeleg overvåking for styresmaktene. Noko vi skreiv om tidlegare i år, sjå avsnittet «Biblioteksporet i røynda». Då handla det rett nok ikkje om CIA men FBI.
Så er Barbro gått ur tiden, så altfor tidleg. Ein verkeleg framifrå, prisvinnande svensk bibliotekar og aktivist, særleg for det fleirkulturelle biblioteket. Ei som vi utan atterhald for nokre år sidan førte opp på lista vår over Barske bibliotekarar. Fleire kollegaer i Noreg kjende henne, og vi hadde gleda av å gjere henne kjend for endå fleire gjennom eit større intervju i Bibliotekforum i 2010. Mora hennar var norsk, frå Eidsvoll, jf mellomnamnet, mens det greske fekk ho frå Vassilis, ektemann gjennom 43 år, også ein kollega.
I høve av 25-årsdagen for dette biblioteknettverket og eit eige dokumentasjonssenter er det laga ein dokumentar, som også ligg på Youtube, med blant anna ein gjennomgang av den nyare historia til dei feministiske biblioteka i Spania. Så langt vi forstår.
Tankekross: Kor mange feministiske bibliotek finst det her i landet?
Vi har ei påbegynt kåring her på bloggen av Barske Bibliotekarar. Tru om ikkje biblioteksjefen i Taunton i Somerset, UK, bør med på lista, med dette arrangementet der ei ekte Drag Queen les LGBT-relaterte forteljingar for førskoleungar!
Vi fortsetter å dryppe litt fra Mikael Bööks bok Biblioteksaktivisten, som nylig er utgitt i Sverige, fem år etter førsteutgaven i Finland. Her tar han fatt i et sjeldent stykke norsk bibliotek-sci-fi (!), nemlig Krøniken om stjerneskipet Alexandria, fire frittstående romaner for barn og ungdom skrevet av Jon Bing fra 1975 til -85 (er de virkelig ikke pensum ved alle verdens bibliotekutdanninger?!). Böök skriver:
Folkebiblioteket på Rjukan stadfester mandag 7. mai tilnavnet «Det røde bibliotek» når de innbyr historikeren Knut Kjeldstadli til å foredra om 200-årsjubilanten Karl Marx. Bibliotekarene på Rjukan har i rundt hundre år, og særlig før 2. verdenskrig, kjøpt store mengder litteratur om arbeiderklassen og sosialismen. Det begynte med biblioteksjef Henrik Hjartøy og ble fulgt opp av blant annet Anders Andreassen. Samlinga måtte kreativt skjules under nazistenes okkupasjon mellom 1940 0g -45, ofte som «langlån» til pålitelige bibliotekvenner.
Rjukan bibliotek har en av de mest grundige omtalene i bibliotekdelen av Lokalhistoriewiki. Her kan vi blant annet lese:
Med en støtte på 9200 norske kroner i folkefinansiering eller crowdsourcing (det virker! Bruk det!) kryssa vi Atlanteren for å oppleve verdens største årlige bibliotek-evenemang i regi av bibliotekforeninga ALA. Fem varme junidager i Chicago, med mye kommers, men også solid progressiv bibliotekpolitikk, sterkt «inspirert» av Trump.
Michael Gorman er mest kjent som «faderen» til AACR2, de internasjonale katalogiseringsreglene gjennom de siste par generasjonene. Men fokuset i hans nyeste bok, Our Enduring Values Revisited (2015), er på bibliotekpolitikk og -etikk og er en vass polemikk mot nye, fancy trender på bibliotekfeltet. Gorman er pensjonert på tiende året nå, men sier kontant ja, takk til et bibliotekintervju i hjembyen Chicago.
Bloggerkollega Peter Alsbjer fra Örebro er frampå med en fersk film om finske folkebibliotek, som også inngikk i «programhelheten för Finlands 100-årsjubileum 2017» (finsk tale, men klikk på CC-knappen for svenske undertekster). Noe som sier mye om bibliotekets sterke posisjon der borte.
Den 28 minutter lange filmen er vakker, sympatisk og inspirerer til bibliotekbruk (rosende omtale av Deichmanske inngår også!), men er nok mest beregna på inhemska publiken. Derfor får vi bare en liten aning om det mest interessante sett utenfra, nemlig de suksessrike forsvarskampanjene for finske folkebibliotek på 1990-tallet – faktisk midt under den økonomiske krisa som ramma landet mye hardere enn vi har opplevd på flere generasjoner.
Når vi i Norge gang på gang krever statlige bibliotekløft, men hver gang blir avvist og får høre at vi må snakke med og stole på kommunepolitikerne, kan det finske eksempelet være til inspirasjon: