Archive for ‘Biblioteklokaler’

november 26, 2020

Medmenneskeleg bibliotekbygging i Chicago

I mangel av foto med CC-lisens, eit utsnitt av fotosøk på «Little Italy Branch Library»

Vi blogga i går om at biblioteka må kunne gjere noko for å motverke einsemd for norske studentar – og for folk i tre forstadar i Chicago. Det siste hadde vi frå ei ny bok:  «Ensomhetens århundre» av britiske Noreena Hertz. Men her fann vi berre uklare referansar, før vi no las boka grundigare:

Det interessante med Chicago er ikkje at dei har bygd nye bydelsbibliotek, noko som i seg sjølv fremjer sosial kontakt, jamfør PLACE-prosjektet, men at dei nyleg har fullført tre bustadprosjekt der bibliotek er sentrale og heilt integrerte.

I Noreg betyr nye, urbane bustadprosjekt typisk høg standard med tilsvarande prisnivå og påfølgjande gentrifisering. Men i nybygga i desse tre Chicago-bydelane er det ulike prisnivå, noko som bidrar til at biblioteka blir reelle fleirkulturelle og -sosiale møteplassar. Hertz skriv blant anna:

read more »
november 13, 2020

Bibliotekstereotypisk (det er fredag)

Det er ikkje ofte vi er innom bil-journalistikken i denne bloggen, for bokbussar er det vel snart slutt på. Men dette klarte vi ikkje å stå imot. At det handlar om el-bilar kan vel reknast som eit formildande omstende, samtidig som bibliotekmetaforistikken her går på «tungt engelsk bibliotek». Noko vi i dag berre kan ane hos Gunnerus i Det nordenfjeldske og på femte høgda i Nye Deichman.

november 5, 2020

Nytt bibliotek som OPS?

Vi merker oss ein omfattande debatt dei siste månadene om planane for nytt kombinert kino- og bibliotekbygg i Harstad. No finn vi omsider finn ei sak om dette som ikkje er bak betalingsmuren i Harstad Tidende, og det går på spørsmålet om finansiering. Skribenten er kommunestyrerepresentant Frode Bygdnes frå Rødt, som er spesielt forundra over at Arbeidarpartiet går inn for ei OPS-løysing; at kommunen avtaler med ein privat utbyggjar om bygging og vedlikehald i tjue år. Og: Dette betyr ofte at entreprenøren får styring med mykje av by- eller stadsutviklinga.

Interessant, trur vi, for fleire bibliotek i dette landet.

oktober 12, 2020

«Pandemi-arkitektur» viktig også for biblioteket

Tidlegare på denne bloggen har vi fleire gongar vore inne på behovet også for fysisk omstilling av biblioteket etter og under koronaen og framtidige pandemiar. Sjå punkt 8 til 10 i denne lista. Og i dag på NRK P2, Studio 2, frå 17.03, hadde dei eit innslag om omstilling av arkitekturen for å tilpasse seg situasjonen. For å gjere blant anna møteplassar tryggare. Trygge for dei svakaste, blir det lagt vekt på, både for barn og eldre og andre.

Den eine som blir intervjua er arkitekt Anette Dietrichson Bruun som hadde ein artikkel om dette i Arkitektnytt alt i april.

PS: Data i artikkelen om kor lenge viruset kan halde seg levande på ulike typar materiale blir mykje debattert i desse dagar. Her på bloggen har vi publisert data frå det US-amerikanske REALM, men no kjem det diverse nytt om blant anna dråpesmitte versus fysisk kontakt på ulikt materiale.

september 21, 2020

Køyr debatt no: Tid for nærbibliotekreform!

Viktig bok, dessverre. Klikk og kikk

I avisa Nationen sitt debattforum, «Motkultur», har i dag Maria Almli, biblioteksjef i Steigen i Nordland, som i tillegg er bygdeforskar, eit tankevekkjande innlegg: «Norge trenger en nærbibliotekreform». Poenget hennar er at det er vel og bra at mange byar får lysande nye bibliotekbygg (ho kunne ha nemnt nesten-nabokommunen Bodø, sjå fotoserien vår frå 2015), men samtidig slit svært mange bygder og småkommunar med «overfylte, støvete boklagre i -70,-80, -90-tallsstil. Rommene er statiske, reoler fastmonterte, og fordums lysstoffrør gjør at besøkende griner for å tolke titler av bokryggene».

Dette er ein kontrast som sjeldan kjem til uttrykk, men tydeleg var Jo Straube i fotoboka si for tre år sidan: «Det norske biblioteket».

Kven har ansvar for denne utviklinga? I alle fall delvis Nasjonalbibliotket, meiner Almli:

read more »
september 18, 2020

Korona-framtida: Flytt biblioteket!

Koseleg, men ikkje forsvarleg etter mars 2020

DIK, det svenske forbundet for blant anna bibliotekarer, har også koronatips på heimesidene. Eitt av «6 tips för tryggare bibliotek» handlar om å flytte biblioteket til større lokale, der det er tryggare for både brukarar og tilsette å utføre vanlege bibliotekgjeremål.

Når no varehandelen sliter, etter korona-konkursar og auka netthandel, vil det vere rimelege og opne, fleksible lokale for kommunen å leige. Sentralt i tettstaden eller byen.

september 13, 2020

Gladnytt frå Stvgr

Mens filialar forsvinn rundt i landet: «Madla bibliotek skal bli totalt fornyet. Det blir dobbelt så store lokaler med nytt interiør som skal skape opplevelser».

september 8, 2020

Bibliotekarkitektar etter koronaen: – Dette kan skje igjen

Studiebåsane kan få ein renessanse. Fotoutsnitt. SimonP (CC BY-SA 3.0)

I tidsskriftet American Libraries 1. september kunne vi lese om korleis US-amerikanske arkitektar og bibliotekleiarar tenkjer nytt om innreiing av bibliotek etter koronaen. Blant anna biblioteket i Santa Cruz, som stod klar for renovering av elleve biblioteklokale då koronaen slog til, tar ikkje sjansen på at det aldri vil skje igjen.

Dei og andre bibliotek har fått auga opp for nye behov, til dømes for færre faste veggar for auka fleksibilitet, møblering slik at folk blir minna om fysisk avstand, betre ventilasjonssystem og ikkje-porøse overflatar som er enklare å halde reine. Flyttbare skjermar kan bli ein best-seljar. Og når det gjeld toalett vurderer dei kjønnsnøytralitet eller om nye typar rom for private behov bør få prioritet. Spesialrom og utstyr for tre-fire dagars karantene for utlånsmateriale inngår i dette. I tillegg vil langt meir omfattande digitalisering av samlingane bli eit tema, noko som vil påvirke behovet for reolar.

Blant dei enklare tiltaka er å plassere desinfeksjonsmiddel over alt der folk bruker hendene, men då må det også over alt vere informasjonnsskilt og innkast for eingongsklutar osv.

Tryggleik er viktig, men lokala må samtidig vere innbydande og komfortable. Og kule; unge designarar bør bli engasjerte for slik «bibliotekfornying».

Takk til Peterals.

juli 29, 2020

Norsk forsking på koronasmitte i kontorlandskap og møteplassar

Skjermbilde 2020-07-29 15.08.21

Uproblematisk møteplass

Khrono.no skriv i dag om at «Forskere ved Forsvarets Forskningsinstitutt finne ut hvor smittefarlig kontorlandskap og fellesarealer er». Det handlar om dråpesmitte og spesielt små dråper som kan halde seg svevande i lufta lenge. FFI veit alt ein del om dette: «Vi oppdaget at større dråper enn det man tror, kan holde seg svevende og bli transportert med strømningene i lufta. Det kan gjelde dråper på opptil 50 mikrometer. Altså kan dråper fra pusten din holde seg svevende i et rom i flere timer». No vil dei undersøke konkret kva dette har å seie «i kontorlandskap og på kritiske arbeidsplasser som sykehus og flyplasser». Dei skal blant anna sjå nærmere på kontordesign og ventilasjonsanlegg.

Alle biblioteka har denne typen areal, med mange menneske ut og inn og på kross og tvers heile dagen. Vi har skrive om liknande ting før, då med utgangspunkt i planlegginga av dei nye regjeringskontora i Oslo. Blant anna også i USA er bibliotekforeininga svært opptatt av koronaen og biblioteket som møteplass.

juni 16, 2020

Nye Deichman: «Ubehagelig byrom», men relativt trygge bibliotekrom

Skjermbilde 2020-06-16 17.12.17

Det første fotoet vi tok av tomta til Nye Deichman, i 2008, og med teksten: «I 2014 ligg det nye biblioteket her» (ironisk smilefjes, men med eit forsonande glimt). Gratulere!

Mona Pahle Bjerke har «anmeldt» Deichman Bjørvika med spenstig grafikk på Nrk.no dagen før presse-omvisinga. Og med informative oversiktsbilete.

Ho er positiv til det aller meste, men skriv blant anna at «utkragingen mot vest», «den massive blokken som tilsynelatende svever 20 meter over bakken, [skaper] en intuitiv uro i oss som gjør det til et nokså ubehagelig byrom å oppholde seg i». Og om fasaden: «… rent estetisk ser kledningen dessverre plastaktig og billig ut».

Har vi høyrt det før? Og om kulturbygg i Bjørvika?

Men av dronefilmane får vi stadfesta at interiøret er svært sympatisk, og i alle fall tyder avstanden mellom reolane på at det er korona-trygt. Noko anna er kanskje vrimle-areala., som kan vere ei utfordring.

Ser fram til eit besøk, når bydelen ikkje lenger er landets episentrum, og når togreisa er blitt tryggare.

mai 31, 2020

Heimekontor på biblioteket

Skjermbilde 2020-05-31 18.56.42

Område for god stemning

Ifølgje nettstaden Building Design & Construction har 62 prosent av US-amerikanarane jobba heimefrå under Koronaen. Og om lag halvparten av desse kjem til å halde fram med dette fleire dagar i veka. Men dei vil ikkje nødvendigvis «jobbe heimefrå» … heimefrå:

«Når offentlige rom bli opna igjen vil mange nytte høvet til å jobbe heimefrå på ein «tredje plass», der dei kan oppleve sosial tilknytning og få kjensla av å høyre til, samtidig som dei får roen dei treng for å få gjort jobben sin. Offentlege bibliotek vil kunne møte ein auka etterspurnad etter slike tredje plassar. Dei tilbyr ikkje berre WIFI, skrivarar, skannerar, kopimaskiner, informasjonsressursar og kunnskapsrike medarbeidarar, men også ulike område som passar for ulike typar arbeid (eller som passar skiftande stemningar) gjennom dagen».

Desse og fleire kvalitetar kan lett trumfe «alboge-til-alboge-sitjeplassar på Starbucks», heiter det til slutt.

Men det krev at biblioteka får re-designa lokala sine til låg smitte-risiko.

mai 31, 2020

Ikkje berre e-biblioteket treng krisepakke

Skjermbilde 2020-05-31 10.42.31

Bibliotekbrukar anno mars 2020 og framover. Public domain.

Rundt i landet skal etter kvart 662 folkebibliotek medrekna filialar, 261 fagbibliotek, 56 høgskolebibliotek, 65 universitetsbibliotek osv osv (kjelde: Base bibliotek) opne lokala sine for eit publikum som sidan sist har lagt seg kraftig ut i breidda. Kvar og ein skal no ha ein meter til nestemann og -kvinne, bibliotektilsette såvel som andre lånarar. Fram til korona-vaksinen er her, eller til neste pandemi, vil dette vere normen. Jamfør Khrono og Dagsavisen nyleg. Det vil krevje ein ny «hygienisk» arkitektur, sjå nedanfor.

Arrangement i biblioteket vil krevje førehandspåmelding for å sikre ein meter mellom kvar deltakar og for å unngå smitterisikabel kø ved inngangen. Men slike restriksjonar vil i sin tur gje auka krav om videostrøyming, der i alle fall kunstnarleg medverkande vil ha rett på ekstra økonomisk godtgjering. Utarbeiding av slike satsar er sikkert rettshavarorganisasjonane alt i full gang med.

Men i utlånsareala må det bli omfattande ominnreiing og mange stader ombygging. Biblioteka vil måtte hive ut …

read more »

mai 28, 2020

Full ominnreiing av Nye Deichman?

Skjermbilde 2020-05-28 23.59.54Dei fleste lesarane av denne bloggen kjenner godt til historia om korleis det nyleg stengde hovudbiblioteket på Hammersborg i Oslo var blitt «umoderne» før det opna i 1935. Det bygde på ein elitistisk og lite fleksibel trapp-og-søyle-dominert bibliotekarkitektur som elles var forlate, til dømes fjorten år før i Stockholm då dei opna det nye hovudbiblioteket sitt.

Men no kan det vise seg at dei mykje omtalte opne løysingane i det nye biblioteket i Bjørvika som opnar 18. juni er så smitte- og helsefarlege at det vil haste med større endringar der også. Og ikkje berre der, men i svært mange, for ikkje å seie alle moderne bibliotek som har som prinsipp å få flest muleg innbyggjarar til å bruke lokala.

Bakgrunnen for denne påstanden vår er blant anna ein artikkel i dag i Khrona: Smitteekspert trekker fram åpent kontorlandskap som høyrisiko. Som byggjer på ei sak i Dagsavisen om tilsvarande utfordringar i det nye regjeringskvartalet. Ordet bibliotek finst ikkje i artiklane, men begge illustrasjonane til saka i Khrono viser bibliotekrom, ei arkitektteikning av eit myldreareal og typisk «møteplass» og eit foto frå ein lesesal.

« … koronaviruset ser ut til å ha spredt seg svært raskt nettopp i kontorbygninger der det finnes åpne kontorarealer og fellessarealer hvor mange oppholder seg». Dette seier professor i smittevern Bjørg Marit Andersen, tidlegare smittevernoverlege ved Oslo universitetssykehus Ullevål, og ho konkluderer med at:

read more »

mai 4, 2020

UH-bibliotek etter koronaen?

Skjermbilde 2020-05-04 12.38.49

Ledig lokale ein stad på Romerike

Khrono.no i dag: «Førsteamanuensis i sosiologi ved NTNU, Arve Hjelseth, mener digitaliseringen ikke må bli et mål i seg selv». Og: «Jeg savner kontoret mitt intenst, sier han, og forteller at ting går saktere når han ikke har tilgang til biblioteket sitt».

Men rektor Curt Rice på OsloMet, som har ferskt styrevedtak på å byggje ny, parallell campus ein stad på Romerike, meinar at «koronakrisen utfordrer statens arealnorm, som han mener har vært vanskelig i mange saker i sektoren».

Behovet for kontorlokale kan bli mindre når folk er blitt heimekontoristar, og kva skal dei med eksamenslokale? Og kva med …?

april 4, 2020

Gladnytt …?

Sjølv om bystyret var splitta, må det vel vere ein opptur i desse tider at bystyret i ein mellomstor norsk by som Skien har valt arkitekt og stad for nytt bibliotek. Til 330 millionar. Så får vi sjå om det vil ta like lang tid, og med like mange omkampar, som i Oslo, eller om det går like glatt som i Drammen.