Archive for ‘Falske nyheter’

november 16, 2019

Fakta ved fleirtal

Skjermbilde 2019-11-16 21.12.49

EU-parlamentet. Utsnitt. Foto: Diliff / Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)

«Hva blir det neste historiske spørsmålet politikere skal avgjøre ved avstemning?»

Spørsmålet blei stilt i Morgenbladet for eit par veker sidan av historieprofessor Terje Tvedt. Det handlar om Europaparlamentet sitt vedtak 19. september av ein resolusjon om «betydning av europeiske minner for Europas fremtid». Dei bestemte, ifølgje Tvedt, «med simpelt og overveldende flertall at Stalin og Hitler i fellesskap hadde skylden. Poenget her er ikke politikernes konklusjon i og for seg, eller at de brøt tvert med hva som har vært den absolutt dominerende tolkningen i fagmiljøene, eller at Russland blir fortørnet. Det urovekkende er at Europas fremste politiske forsamling oppfører seg som om det er et historikernes sannhetsministerium.»

Skal dette vere metoden i tida som kjem når vi skal utrydde falske fakta og nyheiter?

Morgenbladet sitt intervju med Terje Tvedt var i samband med at Nasjonalbiblioteket no køyrer ei foredragsrekke med med han «mot samtidens historieløshet» (bra, NB!).

Apropos Tvedt, så har han også meiningar om bibliotek. Punch-linja hans under bibliotekleiarkonferansen i 2007 var: «– Når «alle er enige» må biblioteka presentere det kontrære.» Tygg litt på den.

november 8, 2019

Det tetnar til

Skjermbilde 2019-11-08 13.13.57

Ekorna ved Kongressbiblioteket er ikkje fake news. Dei har vore der i over hundre år.

Endå meir om – påståtte – fake news på ein fredag: The Guardian skriv om politikarane i Citrus county i Florida som nektar biblioteket å tinge New York Times. Ein av dei seier: «I don’t like ’em, it’s fake news and I’m voting no. They can take that money and do something else with it … I support Donald Trump.»

Og i Det kvite huset har dei samtidig nekta nasjonale statsetatar å tinge både NYT og Washington Post fordi dei har skrive ting som president Trump ikkje liker. Det må vel då også gjelde Kongressbiblioteket?

Nyleg fanga vi opp denne trenden i Sverige og Frankrike.

november 8, 2019

Faktisk.no nektar framleis å konkretisere

Skjermbilde 2019-11-08 12.17.55Om Klassekampen og skribent Jesús Alcalá sin kritikk av Faktisk.no har vi to gongar, seinast i går, skrive at ingen andre media bryr seg om å følgje opp. Men no har Morgenbladet verkeleg kome seg på beina etter redaktørkrisa og kliner til med fire sider om saka. Ane Farsethås dreg først fram Alcalá si omstridde fortid i Sverige. Så kjem ho til saka og meiner blant anna at «Problemet i Jesús Alcalás angrep på faktasjekking, … er at Alcalá tegner opp en falsk motsetning: Det er ikke slik at man enten ser helheten og de viktige intellektuelle linjene (og samtidig slipper opp på kildekritikken) eller er en nærsynt revisor uten blikk for hva som er stort og hva som er smått.»

Men ho skriv også at «Det er prisverdig at Klassekampen ønsker å stille de prinsipielle spørsmålene om faktasjekkens bakside, og ikke bare går for den etablerte fortellingen om denne amerikanskimporterte praksisen som et forsvar mot falske nyheter. Er det slik at bokholderiet og faktasjekkeriet i seg selv kan bidra til å skape et for trangt rom for hva som er viktig og ikke? Vesentlig er det også, som Alcalá gjør, å stille spørsmål ved nettopp Facebooks rolle når giganten samarbeider med andre. Hva betyr det for Faktisk.nos uavhengighet at de samarbeider med Facebook?»

MB intervjuar alle dei involverte, blant anna Klassekampenredaktør Mari Skurdal,
som seier ho …

read more »

november 7, 2019

Falske fakta-fella

falskeDen danske bloggen Biblioteksdebat hadde tysdag overskrifta #FakeNews – et farligt stempel? Det handlar om den danske forskaren Johan Farkas, «der forsker i manipulation på digitale medier og er forfatter til den nye bog ’Post-truth, Fake News and Democracy’.» Han seier blant anna:

«Når vi i dag taler om fake news og misinformation, italesætter vi det, som det er en sygdom, der skal fjernes … Problemet er, at man afpolitiserer det ved at tale om misinformation på den måde. Pludselig er der nogle holdninger, der ikke er plads til i demokratiet, og det er jo det modsatte af, hvad der er meningen».

Dette er mykje av same bodskapen som hos Jesús Alcalá i ein dobbelkronikk i Klassekampen i slutten av oktober, der han tillot seg å kritisere den norske tenesta Faktisk.no. Vi kommenterte den første delen her på bloggen.

Men det har gått som vi spådde:

read more »

oktober 24, 2019

Privatiserte petimetersanningar

Fakta KK AlcalaI dag trykker Klassekampen første del av eit kraftig oppgjer med tenesta Faktisk.no, skrive av juristen Jesús Alcalá, tidlegare styreleiar av Amnesty International Sverige og tidlegare representant for Den internasjonale juristkommisjonen i Sverige. Faktisk.no er eit AS med store mediehus og NRK som aksjeeigarar og som blei oppretta, først i løynd, men offisielt lansert i juni 2017. Ikkje fleire detaljar no, for folk her på bloggen kjenner sikkert til tenesta, og mange har kanskje brukt henne i jobbsamanheng.

Men Alcalá meiner «jakten på petimetersannhet forvrenger perspektivene og fornuften. Faktisk er så besatt av sitt eget kall at …

read more »

september 12, 2019

Nyheitsvanar på gli

I dag skriv MedieNorge, som Institutt_for informasjons- og medievitenskap i Bergen står bak, at i 2018 var 7 prosent av norskingane på 15 år eller eldre «helt enig» i at aviser var den viktigaste kjelda deira for nyheiter, mens Internett var viktigast for 47 prosent. Tilsvarande i 2003 var 23 og 7 prosent. Noko har skjedd, ja.

«Nyheiter» ser ikkje ut til å vere nærmare definert. Her på bloggen skil vi gjerne mellom falske og ikkje fullt så falske.

september 9, 2019

Ikkje falske, men veike

Journalistane her i landet er i liten grad falskenspelarar (det heiter visst ikkje dét, men eg lar det stå. Taskenspelar derimot …). Men mange er veike. Blant anna er det «altfor få journalister [som] spør politikerne hvor pengene skal komme fra og hva som må vike.» Det same har bloggaren tenkt fleire gongar særleg dei siste vekene med valkampdominans i media. Og her kan vi lese det i Journalisten sitt intervju i dag med Hilde Øvrebekk Lewis, journalist og kommentator i Stavanger Aftenblad.

Så når eit bibliotek formidlar nyheiter, er det veike dei er. Nyheitene.

september 5, 2019

Ikkje falske, men PR-pynta nyheiter

Skjermbilde 2018-08-22 15.39.56Det er altså valkamp, og i Kommunal Rapport les vi om Trygve Slagsvold Vedum: «Sp vil nekte staten å bruke PR-rådgivere.» Og vidare: «Staten har i første halvår brukt 350 millioner kroner på «konsulenttjenester til organisasjonsutvikling og kommunikasjonsrådgivning». Burde vært 0, mener Sp.»

To spørsmål: Kor ofte går ei statleg eller kommunal myndigheit eller kontor ut og seier eller skriv noko som kan tolkast som negativt om dei sjølve? Nei, for dei har gode, og dyre, PR-rådgjevarar. Førekjem det at ei statleg eller kommunal myndigheit eller kontor gjer noko som er negativt for personar, grupper, samfunnet, miljøet osv.? Treng vi svare?

Pressa og interessegrupper får korrigert noko av denne «kommunikasjonen», men langtfrå alt. Kva om biblioteka hadde fått litt av dei 350 millionane i dette hausthalvåret til den no strategiske oppgåva å motarbeide falske fakta?

Dei kunne då fått råd til å samarbeide i nettverk om å leggje ut litteraturtips og motinformasjon på heimesidene sine.

september 4, 2019

Bibliotekstrategiar under kapitalismen

scotts snake

Ein strategi frå den amerikanske borgarkrigen. Ingen bør kjenne seg trefte, for å finne ein illustrasjon her var ikkje enkelt. Kjelde: Library of Congress

Den nasjonale bibliotekstrategien for 2020-2023 blei lansert måndag under namnet Rom for demokrati og dannelse. Følgjarane på denne bloggen forstår at tittelen slår an her i garden. Men korleis blir innhaldet og gjennomføringa, for å spørje som dommarane i kunstløp? Det avheng sjølvsagt av pengane på begge, eller alle tre, budsjettnivåa. Og av viljen og evna til å omsetje vyane i konkrete tenester for bibliotekbrukarane.

Men først (og kanskje viktigast, skal ein døme etter tittelen ovanfor): Dette er framleis, som den førre, aller mest ein statleg strategi for det statlege Nasjonalbiblioteket. Og så dryp det litt på kommunane og folke- og skolebiblioteka deira. Slik er og må alle slike statlege strategiar vere i vår tid, også medrekna den svenske av året, berre at dei får mykje meir pengar til bibliotekopprusting i kommunane enn her (sjå fotnoten nedanfor med litt historisk og anna utdjuping).

I den norske nasjonale bibliotekstrategien blir vi presenterte for ei liste med seks tiltak innan formidling (dei to andre «hovedlinjene» er samarbeid og utvikling og infrastruktur, men dei lar vi liggje no). Her er dei tre første og etter vår meining viktigaste formidlingstiltaka:

read more »

august 29, 2019

Reprisetimen (1)

Då Frode Bakken tysdag kveld på fagforumet Biblioteknorge delte det viktige intervjuet eg gjorde med bibliotekprofessor Joacim Hansson i mai 2018, har det på under to døgn ført til 316 nye nedlastingar!

Det inspirerte til ein ny serie her på bloggen: Reprisetimen! I dag tar vi fram frå gløymsla artikkelen «Behovet for informasjon og kommunikasjon i De Alternative Faktas Tidsalder», av endå ein klok professor, R. David Lankes, som han gav oss lov å omsetje til norsk i mars 2017.