Archive for ‘Uncategorized’

juli 7, 2019

#NotALibrary

Bibliotekaktivistar i Bristol, og snart over heile landet, set Theresa May på plass på Twitter etter at ho fekk The Telegraph med på eit rett nok litteraturvenleg stunt, men som sår tvil om kva eit bibliotek er. Lagre og følg hashtaggen #NotALibrary på twitter.

Skjermbilde 2019-07-07 15.34.19

juli 2, 2019

Utan ord (nesten)

Klikk og kikk

juni 19, 2019

Ser som Solstad (bloggaren på tur, 2 )

Det er snart 50-årsjubileum for «Arild Asnes 1970»: «Arild Asnes i Stockholm. Han skulle reise hjem om noen timer, ruslet oppover Drottninggatan, uten noen som helst grunn, drev som det heter. Hva så han da? Han så, midt i Drottninggatan, midt i Stockholms hjerte, et kjempebygg reise seg, et forretningsbygg, så stort at man knekker nakken når man ser opp på det. Og man blendes, ja man tør ikke se opp på det, for det er dekket med aluminium. Det skimrer. Blinder. En skyskraper dekket med skimrende …

read more »

mai 22, 2019

Systematiske litteraturoversikter – også for folkebibliotek

Skjermbilde 2019-05-22 20.51.54

Oppslagsverk er ut. Nettressursar er in.

Eit relativt heitt tema for bibliotekarar på universitet, forskingsinstitusjonar og høgskolar i desse dagar er systematiske oversikter og -søk. Retta mot forskarar først og fremst. Ein ganske omfattande artikkel har funnest på norsk Wikipedia alt i fleire år, og i eit prosjekt på UBO deler dei viktig kunnskap, særleg rundt dei medisinske biblioteka, men også samfunnsfaga kjem med.

Men her på bloggen meiner vi ein bør tenkje slik også når det gjeld folkebibliotek og brukarane deira. Kompliserte prosessar av ulike slag er i dag blitt vanlege i store og små kommunar, der både fagfolk, politikarar, lokalpresse og innbyggjarar vil ha nytte av gode tematiske litteraturlister på nett. Og kven andre enn biblioteket, …

read more »

april 28, 2019

Avansert historieskriving ved hjelp av bokhylla.no?

Skjermbilde 2019-04-28 17.45.29

Venice Time Machine. Utsnitt. Foto: Jean-Pierre Dalbéra. CC BY 2.0

I Venezia har dei digitalisert bibliotek og arkiv på i alt 80 000 hyllemeter og brukt dette settet av stordata til å skape eit digitalt museum og kunnskapsbase der forskarar så vel som turistar kan «bla» seg att og fram i historia til den italienske byen, via bystaten frå mellomalderen til renessansen og endå lenger attende.

Sjefen for prosjektet i Venezia var alt i 2013 på TED med eit foredrag om dette, men ein nyare og meir omfattande presentasjon i åtte episodar ligg på den fransk-tyske tv-stasjonen Arte.

Kunstig intelligens brukt på mengdene med tekst, kart, illustrasjonar osv. kan på denne måten fylle hol i historieskrivinga til ein stad, ein person eller eit emne, og ekstrapolering av trendar kan stadfeste eller avkrefte lause teoriar. Med visse atterhald, sjølvsagt; det er viktig at historikarar og andre ekspertar kvalitetssikrar og ev. forkastar tvilsame resultat.

Ein skilnad mellom Venezia og til dømes Vennesla (for å ta ein tilfeldig, men bokstavrimeleg 🙂 stad i Noreg) vil sjølvsagt vere …

read more »

april 26, 2019

Danske bibliotek har skjønt det med Nettet

Dette er eit døme frå danske @faktalink – ei digital, kvalitetssikra teneste frå biblioteka. Også norske bibliotek bør få seg noko sånt.

Det er snart tjue år sidan Google sin søkemotor fortrylla oss med raske, mange og – tilsynelatande – presise treff. Så kva er biblioteka på Nettet i dag? Nettkatalogane har jo stagnert på 1990-nivå. Vi har forsøkt å setje ord på det: Forvitringa av kunnskapsbiblioteket. Eit norskt Faktalink kunne snu trenden.

 

mars 4, 2019

Sverige: Biblioteket ein del av totalforsvaret?!

Skjermbilde 2019-03-04 14.48.09

På et «klotterplank» på Malmös Högskola

Sjå også kommentarfeltet

I Svenska Dagbladets nettutgåve fredag 1. mars finn vi ein tittel vi aldri har sett maken til: Bibliotek kan få ny roll – i totalförsvaret: ”Kulturkrig” (bak betalingsmur, men ein har då bibliotekkontaktar også over Kjølen). Det handlar om den nasjonale svenske bibliotekstrategien som blir lansert torsdag denne veka. Bloggaren får dessverre ikkje høve til å følgje han opp før i neste veke, men dei mange som absolutt bør vere interesserte i Noreg kan sjå på SVT 2 torsdag kl 15.15–16.00.

Dei som har lese denne bloggen dei siste par åra har fått med seg ein god del om svenskestrategien. Arbeidet har pågått i over to år, og det er noko mykje meir ambisiøst enn dei norske strategiane, som mest handlar om Nasjonalbiblioteket sine oppgåver. Den svenske vil famne om alle bibliotekatypar, frå skolebibliotek, via folke- til fag- og forsking.

SD intervjuar blant anna Joacim Hansson, professor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Han er klår på at strategien tar utgangspunkt i bibliotekets demokratiske rolle. Eit stikkord er kampen mot falske fakta, men her er dette også konkretisert til biblioteka sine bidrag i verklege krisesituasjonar, frå terror til miljøkatastrofar, då desinformasjon og kaos vil spreiiast aktivt frå ulike kjelder.

Hansson (ein kjend person for lesarane av denne bloggen) har vore sentral i referansegruppa og seier ifølgje SD at strategien handlar om …

read more »

februar 27, 2019

Bibliotekets eigenart

Frå Moss bibliotek og ut

Dette kjem tydelegare enn nokon gong fram i denne annonseringa i dag av ein «biblioteksjefplakat» frå dei tre fagforbunda som organiserer bibliotekarar og Norsk Bibliotekforening. Initiativtakarane «har sett seg lei på at et økende antall biblioteksjefer opplever at de mister myndighet over eget fagområde eller at de blir tillagt andre fag- eller ansvarsområder som en utvidelse av biblioteksjefstillingen. Områder som i utgangspunktet ikke defineres som bibliotekfaglige kjerneoppgaver.»

PS: Her kunne ei eksempelsamling vore på sin plass. Eventuelt anonymiserte. Vi opnar for dette i kommentarfeltet nedanfor.

Dette dokumentet kjem i rett tid, for aldri har bibliotekfeltet vore så dynamisk, på godt og vondt. Ta berre dette med …

read more »

februar 8, 2019

Oppløftande frå fjellheimen

Mens vi driv og terpar på at kunnskapsbiblioteket er daudt, dukkar det opp ei prosjektoppsummering frå Hemsedal, der ingen skulle tru at andre enn slalåminstruktørar og bartenderar kunne bu. Men der driv folkebiblioteket målretta sørvis til studentar. Av typen ganske fjern-, forstår vi.

Eit utval erfaringar:

  • I løpet av prosjektet har me fått styrka kompetansen vår, slik at me er betre rusta til dette arbeidet.
  • Dei fleste av studentane i Hemsedal er i jobb (ofte 100%) og svært mange av dei har i tillegg barn. Med den studentmassen me har er det difor ikkje arrangement og kurs som er det viktigaste å satse på vidare.
  • … fleire studentar som ikkje kjende kvarandre har møtst og dette har ein stor verdi.
  • Sidan midlane frå Nasjonalbiblioteket ikkje har kunna brukast til lønn, har dette ført til at arbeidet med prosjektet både har gått utover andre viktige oppgåver, samt at vi i periodar jobba alt for mykje.

Har vi høyrt det før? Vi kjenner ikkje kjønnssamansettinga til dei tilsette ved biblioteket i Hemsedal, men får assosiasjonar til …

read more »

februar 1, 2019

Framleis greit med privat bibliotekdrift?

skjermbilde2019-02-0112.51.00Denne gongen gjeld det Sverige, men les vidare likevel, for ein dag gjeld det oss:

Lena Lundgren frå Föreningen BiS har levert eit forslag til Svensk biblioteksförenings (SB) årsmøte med oppfordring om å utgreie «bibliotek med alternativa driftsformer». BiS har dei siste par åra kritisert SB for å vere likegyldige til privat drift eller bibliotek «på entreprenad», med eit anna ord: konkurranseutsetting. BiS kartlagde omfanget av dette i 2007 og 2001 og fann rundt tjue døme av privat drift, dei fleste der veneforeiningar har tatt over ein nedlagd filial, og eitt døme, den såkalla Dieselverkstaden i Nacka, der dei tilsette fekk tilbod om, og godtok, å drive biblioteket for kommunen, som eit føretak. Og no er det kjend at konsernet Axiell skal overta drifta av dei andre biblioteka i Nacka.

Lundgren krev at SB skal «belysa de olika aspekter som rör förhållandet till bibliotekslagen och övriga lagar som berör biblioteken, hur samarbetet mellan biblioteken, inom och mellan kommunerna, kan påverkas, samt möjliga konsekvenser om fler kommuner väljer att lägga ut biblioteksservicen på entreprenad.»