På denne bloggen, som eigentleg er nedlagd, må eg likevel no og då hive meg frampå. Med vekt på «dei nære ting», som til dømes ei vitjing på det nye biblioteket i Sarpsborg her om dagen, og no om ein serie arrangement på heimlege Moss bibliotek med namnet «Litterær onsdag». Dette er bokprat på ein dryg halvtime mellom to bibliotekarar, Tonje og Rune, klokka 11.30 på onsdagar, så ofte dei har råd (fleirtalet i kommunstyret kutta bibliotekbudsjettet med 2,3 millionar i haust). Og som bonus lagar dei podcasten «Litteraturreisen».
Noko eg liker godt med denne, blant mange liknande arrangement, er at dei to vel bøker å snakke om som dei kan ha «bore på» i årevis. Du treng altså ikkje stresse med å lese titals nye bøker i månaden for å få til noko liknande.

