Archive for ‘Biblioteklokale’

mars 10, 2023

Lillestrøm til ettertanke

Det er ikkje ofte at Morgenbladet sin arkitektur- og byutviklingsjournalist Gaute Brochmann skriv om nye bibliotek. Det siste, før i dag, må ha vore om biblioteket i Nord-Odal for to år sidan. Men i dag, altså, handlar det om Lillestrøms nye bibliotekbygg med kulturskole og meir.

Saka hans på nettet har overskrifta: I dette biblioteket er bøkene nedprioritert. Men det tyder likevel ikkje at han sluttar seg til kollega Bernhard Ellefsen sitt årelange korstog mot all kassering av bibliotekbøker. Mistanken om at nettdesken har spelt ei rolle her, blir styrkt når vi opnar papirutgåva og der finn tittelen «Biblioteksjefen som byutvikler».

Og Brochmann tar atterhald med eit «kanskje» når han svinger innom temaet boklesing: «Lillestrøms nye bibliotek er nemlig et hus som inviterer til alle former for aktivitet. Kanskje med unntak av den tradisjonelle bruken. Altså det å sitte i fullkommen stillhet å lese en bok». Han har snakka med biblioteksjef Sølvi Tellefsen om dette og ser ut til å kunne leve med dei moderne lillestrømløysingane, så lenge arkitekturen fungerer.

Tellefsen kjem med eit signal vi ikkje har støtt på før. Ho vil «i all hovedsak ikke … ha titler som er eldre enn tre år i hyllene». Har dette blitt god tone på bibliotekfaglege konferansar? Utanom dagsorden? For underteikna slutta å gå på slikt for snart ti år sidan, men får alltid med seg programpunkta.

Gaute Brochmann skriv mest om …

read more »
mars 4, 2023

Fleire nye bibliotekbygg?

Fredrikstad bibliotek frå 1926 er for tida sterkt debattert i Østfoldbyen. Her kanskje ei arkitektteikning.

Denne bloggen har ei permanent, men dynamisk, side med tittelen «Nye bibliotekbygg». Der følgjer vi opp nybygging og større ominnreiingar av bibliotek, særleg folkebibliotek og særleg i Noreg. For kvart bibliotek har vi lenker til ny, viktig informasjon i media og på eigne eller kommunale nettstader. Rekkefølja er kronologisk etter når bloggaren fekk greie på planane, med det nyaste øverst. Men når det skjer viktige endringar, f.eks. konkretisering, vedtak o.l., rykker saka til topps. Når bygg/lokale er opna, får dei plass lengst nede.

Bli med på å halde sida aktuell og god. Send ny info og tips til frilanders @ gmail.com.

september 27, 2022

Arkitekten som angra. Eller kva er eit bibliotek i 2022?

Ein høgst uvanleg arkitektonisk sjølvkritikk var å lese denne veka i svenske Biblioteksbladet. Der vedgår dei velrenommerte arkitektane bak det berre eitt år gamle hovudbiblioteket i Örebro at dei «inte [är] entydigt förtjusta i slutresultatet». Og i overskrifta står det at arkitekten «sågar nya svenska bibliotek». «Att såga» tyder ifølgje Svensk Ordbok «att kritisera skonings­löst och från­känna allt värde». Arkitekten sitt eige pinlege poeng er: «Om vi fick göra ett bibliotek till, så skulle vi vilja göra en massa olika rum, som en labyrint, eller en slags basar».

Korleis er ei slik heilomvending muleg på dei fem åra frå teiknebordet til kort etter opninga? Seier det berre noko om at arkitektar ikkje tar bibliotek alvorleg, eller er heile tenkinga rundt folkebibliotek, og dermed -arkitekturen, blitt ein postmoderne tombola?

Vi kjenner verken arkitekten eller bibliotek- eller kommuneleiinga i Örebro, så dette blir rein spekulasjon, men kan dette vere endå eit døme på at viktige avgjerder blir tatt utan dialog med, eller også i strid med, dei bibliotekfaglege?

Deichman i Bjørvika kunne faktisk blitt Dømet med stor D på eit slikt uføre. Liv Sæteren, Oslos biblioteksjef fram til ho gjekk i pensjon i 2014, karakteriserte dialogen med byggherren, altså kommuneleiinga, som «å stå på hver sin side av en brusende elv og snakke til hverandre», grundig utbrodert i eit intervju eg gjorde med henne for Bibliotekforum i 2014.

Gratis lån av bøker i seg sjølv skaper ikkje trufaste bibliotekbrukarar på 2000-talet. Kjøpesentra innbyr gjerne til «ei god handleoppleving», og biblioteket må ha …

read more »
september 4, 2022

Bibliotekhandbok for neste pandemi

Smale rulletrapper på Nye Deichman, men bygget stod jo ferdig før koronaen

Vi har skrive om det US-amerikanske prosjektet REALM fleire gongar under koronaen. Det handla då særleg om fare for overføring av smitte ved handtering av bøker og anna utlånsmateriale og ved nærleik mellom menneske inne i bibliotekrom. No har dei kome med ei gratis handbok: «Public Health Crisis Management : Playbook for Archives, Libraries, and Museums».

Bloggaren har forsøkt å få greie på om det skjer noko liknande her i landet. For eit år sidan hadde Arkitektnytt ei generell sak om slikt, men vi ser ikkje i dag teikn til at bibliotekarkitekturen er i endring (men har jo ikkje sjekka over alt). Røynslene frå pandemien skulle ført til slikt som romslegare heisar, rulletrappar, trappar og passasjar blant anna. Og oppdatert ventilasjon.

Det er mange nye bibliotek under planlegging og bygging, jamfør den heile tida oppdaterte oversikta vår Nye bibliotekbygg.

juni 27, 2022

– De siste årene har forståelsen av et bibliotek endret seg radikalt

Ikkje frå Rotterdam eller Særp, men Kistad i Stockholm. Klikk og kikk på filmen

Ifølgje Arkitektnytt har Deichman Bjørvika-arkitektane Atelier Oslo og Lund Hagem vunne konkurransen om å «transformere og utvide» hovudbiblioteket i nederlandske Rotterdam. Overskrifta her er frå pressemeldinga om dette frå dei samarbeidande arkitetktkontora, og endringa dei viser til er at biblioteket er blitt «et åpent og innbydende sted hvor mennesker kan møtes og arbeide; en storstue for hele byen». Den tredje parten i samarbeidet er nederlandske Powerhouse Company, der norske Johanne Borthne høyrer heime.

Samtidig har Arkitektnytt ei sak om ei litt tilsvarande omdanning og tilbygg i Sarpsborg.

juni 17, 2022

Nybyggnytt

Kaos i Moss. Klikk og kikk

Éin viktig tendens ved bibliotekutviklinga i Noreg på 2000-talet er bygginga av nye bibliotek. Særleg nye hovudbibliotek (men der filialar kan vere ofra) og særleg i store og mellomstore kommunar. På den faste sida vår, Nye bibliotekbygg, forsøker vi å informere om slike planar og framdrift.

Ein av dei mest framståande planane er i Skien, men der ser vi no i avisene at det er uro i bystyret etter prisauken frå 350 til 499 millionar. FrP vil dele opp biblioteket og Ibsensenteret, før dei er samanslåtte. Over fjorden i Moss er det for tida fullt partipolitisk kaos omkring alt frå fellesbygg eller ikkje med kulturskolen, via lokalisering og dermed byutvikling, til inga endring, men litt oppgradering osv. Og ei utmelding av ei bystyregruppe. Mens i Sarpsborg går det meste etter planen, og no har dei funne mellombels lokale på torget. Der blir det om- og tilbygg, så dei må stenge i eit drygt år.

september 24, 2021

Bibliotekbyggnytt frå Moss, Lyngdal og Halden

I dette nedlagte kjøpesenteret kjem snart nye Halden bibliotek

På den faste sida vår, Nye bibliotekbygg, har det skjedd endringar i toppen dei siste par vekene. I to såkalla Viken-kommunar (som snart er Østfold igjen!) og éin i Agder (tidlegare Vest-).

Sjå gjerne gjennom lista og tips oss om nye planar og om viktig utvikling ved dei som alt står der: frilanders @ gmail.com

september 3, 2021

Bråk blant bokhyllene?

Deichman før interiørarkitektane. Juni 2016.

Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag har denne overskrifta, men utan spørsmålsteiknet. Det handlar om Nye Deichman. Ut frå overskrifta har dei vel leigd ut møterom til desse anti-islamistane igjen? Neida, «bråket» er mellom arkitektane og interiørarkitektane: «Først halvannet år etter at arkitektene begynte å tegne nye Deichman bibliotek, kom interiørarkitektene på banen. Sånt blir det bråk av», seier ein representant for arkitekten («eksteriørarkitekten», blir vel det).

Vordande bibliotek-byggherrar kan merke seg at «Prosjektledelsen ønsker ofte ikke at interiørarkitekter og arkitekter snakker sammen og får nye ideer, i et forsøk på å begrense antall diskusjoner». Og «det er ikke sikkert det er økonomisk lurt».

Dramaet i Bjørvika var likevel ikkje så katastrofalt. Om interiørarkitektane kom inn tidlegare «hadde [det] korta ned prosessen og kanskje også gitt et bedre resultat … Nå har de kompromisset – det gikk bedre enn de fryktet. – Vi er veldig fornøyde med interiørarkitektene og resultatet». Seier ein samarbeidande arkitekt (type «eksteriør-»).

Og vordande bibliotek-byggherrar er det mange og stadig fleire av! På sida vår om «Nye bibliotekbygg» fører vi opp nye heile tida. Sist ut er Halden og Lier (OBS: Klar overvekt på Søraustlandet! Er det slik det er blitt? Trass i åtvaringane i boka til Jo Straube).

Men ingen melder om arkitektonisk eller teknisk tilpassing til noverande og komande pandemiar? Det siste frå dette forskingsfeltet er ifølgje bibliotek-korona-prosjektet REALM i går at i lokale med dårleg ventilasjon og utan 1-meteren vil skjermar, handsprit og munnbind ikkje hindre smitteutbrot blant personalet.

august 31, 2021

Den nye store bibliotekopninga i Oslo!

Til skilnad frå opninga av Deichman i Bjørvika, som av pandemiske grunnar blei ekstremt langsam og famlande, men som fekk stor pressedekning heile vegen, kom opninga i går av eit nytt bibliotek i Oslo sentrum heilt uventa på dei aller fleste, unntatt på Arkitektnytt. Og opninga av biblioteket skjer ved dette høvet nesten eitt år før opninga av moderinstitusjonen.

Av ein video forstår vi at dette ikkje berre skal vere eit eksklusivt fagbibliotek, men også for folk flest, medrekna ungar.

Og som vi ser av endå eit foto, slår dei frå starten fast den nye folkehelseinstituttale målestokken vår – éin meter mellom deg og din neste.

august 26, 2021

Papiravislesing med stil

Avislesing ifølgje Storm P (som no er i det fri!)

Den ofte skarpe og utstuderte petitsignaturen Hærverk i Klassekampen skriv 24. august om lesing av papiraviser på nye Deichmanske bibliotek i hovudstaden. Dette skjer «i høye, beigebrune ørelappstoler» på ein mesanin*. Og lesarane, får vi inntrykk av, er mest distingverte herrar, og dei «mangler bare pipe i hånda, og hvis man kler seg ut som femtitallsfrue og serverer dem frokost mens man maser og skravler, kommer de sikkert til å lage en helt autentisk mann-bak-avisa-lyder. Uten å slippe teksten med blikket strekker de seg etter kaffen. Det rasler i nytt papir og lukter dagfersk trykksverte når de blar».

Er dette sjangertillaten overdriving, eventuelt blanda med nokre fordommar om bibliotek, eller stemmer det kanskje?!

Som koronarisikabel av tredje grad har bloggaren berre såvidt vore innom det nye biblioteket og kan ikkje seie om det er dekkande. Men det stemmer svært dårleg med fleire andre bibliotek vi kjenner. Der høyrer avislesarane verkeleg til dei breie laga av folket. Blant anna slike som ikkje har råd til å …

read more »
august 19, 2021

Møteplassar og sosiale rom etter koronaen. Og før den neste

Breie trapper blir viktige. Her ei mindre brei. Frittståande, midt i Fredrikstadmarka

«Kan pandemien ha gjort arkitekturen en tjeneste?» Dette spør Anette Dietrichson Bruun i ein kommentar i Arkitektnytt. Ordet bibliotek er ikkje nemnt, men kvart ord her er relevant for biblioteket. For pandemiar vil jo skje igjen.

Det er mange nye folkebibliotek under planlegging og bygging her i landet for tida, sjå den dynamiske oversikta Nye bibliotekbygg.

Her nokre poeng frå artikkelen:

  • Hvis smittevern skal bli en innarbeidet del av arkitekturen og ikke bare ad hoc-løsninger ved akutte behov, må vi snakke om dette når vi nå skaper steder for morgendagen. 
  • Kan steder der folk flytter på seg, som trapper, heiser, dører og kommunikasjonsveier, få mer oppmerksomhet og bedre kvalitet, fremfor å bli plassert i et mørkt hjørne som ikke kan brukes til noe annet?
  • Behovet for smittevern vil løfte frem fellesarealenes betydning, kvalitet og størrelse, og kanskje dempe brutto/nettofaktor som en dominerende planleggingspremiss.
read more »
august 19, 2021

The World’s Best!

Lykkelege Kalle

I all hast: Under den (virtuelle) internasjonale bibliotekkonferansen WLIC (også kalla IFLA-konferansen) har dei i dag kåra Deichman i Bjørvika til verdsmeister av året: «New public library world champion named».

Juryen nemner Carl Deichman, og at han ville vore «thrilled to see that his bequest became the foundation for the world’s best new public library in 2021». Dei ventar altså inga fråsegn frå han, men han var ganske godt nøgd alt i 1970.

Gratulere!

august 10, 2021

Danske bybibliotek til sentrum

Storm P sine verk er falne i det fri. Det er i år 72 år sidan han gjekk bort

Den danske kultur-nettavisa Søndag Aften skriv om eit kulturministerutspel om blant anna å gje 10 millionar kronar tre år på rad til «medfinansiering af biblioteker i bymidter. Der kan både være tale om flytning af eksisterende bibliotek til en bymidte eller etablering af et nyt bibliotek. Ordningen gælder kun for byer (ikke kommuner) på mellem 4.000 og 20.000 indbyggere. Det nye bibliotek skal ifølge Kulturministeriet “bidrage til en levende bymidte og indgå i synergi med bymidtens øvrige funktioner”».

Så vil også den danske staten øyremerke støtte til kommunale bibliotek, om enn ikkje i så stort omfang som den svenske. Mens prosjektstøtte er greia her i landet.

juli 16, 2021

Har du $4000 for mykje? (det er fredag)

Då kan du kjøpe ein rapport om marknaden for bibliotekmøbel dei komande fem åra, « inkludert progresjon, segmentering, vekstutsikter, muligheter, utfordringer og konkurranseanalyse». Og sist, men ikkje minst: «Den endelige rapporten vil legge til analysen av COVID-19s innvirkning på denne industrien».

Dette må vere det sikraste provet på at vi på bloggen ikkje var heilt på jordet då vi påpeika at i det post-pandemiske biblioteket er det ikkje nok å berre flytte stolane litt frå kvarandre.

juli 10, 2021

Bibblotek på Sjankasjauen!

Bloggarens oldefar smidde rekkverket rundt bassenget på Haugen. Klikk og kikk.

Etter at Deichman flytta frå Hammersborg har det ikkje vore bibliotektilbod i bydelen St. Hanshaugen i Oslo. Nyleg kom et eit utandørs «sommerbibliotek» på sjølve haugen, altså i parken. Men på Khrono.no kan vi lese om planar kommunen har for å kjøpe seg inn i dei fråflytta bygga til Veterinærhøgskolen på Adamstua:

«Nå vurderer Oslos byråd å kjøpe store deler av Veterinærhøyskolens tomt. Tomtearealet er på over 50 mål, noe som tilsvarer sju fotballbaner. Det skal gi kommunen plass til skole, flerbrukshall, bibliotek og bydelspark».

Tommærn opp!, ville Oslolos1 sagt.