Archive for ‘OBS: Ironisk innhald’

november 9, 2023

2 gull til bibliotektidsskrift – med stor takk til IFLA-toppane …

Det svenske Biblioteksbladet har gått til topps i to kategoriar i det nasjonale Publishingpriset. Prisane fekk dei for nummer 4, 2022, eit temanummer i to språklege utgåver, på svensk og engelsk. Temaet var det pågåande demokratiske underskotet i IFLA-leiinga og informasjonstørka til presse, fagmiljø og anna omverd (kortversjon, sjå ein «2 minutts» gjennomgang).

Nummeret vil bli ståande som ein sentral referanse for all historieskriving og forsking på denne utrulege prosessen i det som skulle vore ein av verdas mest demokratiske organisasjonar.

Men blir det noka uavhengig forsking? Det er ikkje teikn til initiativ til det i bibliotekmiljøet. Lojaliteten oppover, laugsånda og konsensusen i det vesle fagmiljøet vårt har gjennom denne prosessen vist seg knallsterk, med dei få unntaka Biblioteksbladet, «Felicity Jupiler» og denne bloggen.

Når det gjeld den planlagde boklege markeringa av hundreårsjubileet til IFLA i 2027, kan det sjå ut som at organisasjonen berre vil «update the book published in 1977», altså til 50-årsjubileet. Som ikkje var forfatta av profesjonelle historikarar, men av ein psykolog og ein bibliotekar og tidlegare sekretær og visepresident i IFLA.

Men det finst jo miljø innan profesjonsforsking, til dømes eitt under same tak som den norske bibliotekutdanninga … (del gjerne).

oktober 29, 2023

Lydboka – ein kulturell katastrofe?

Bernhard Ellefsen brukte i Morgenbladet 29. september ei dobbeltside på lydbøkene: “Å hevde at lydboklytting er det samme som lesing, tilslører en kulturell katastrofe”. Han viser til at salet av fysiske bøker er redusert frå 19 til 11 millionar det siste ti-året. Mens det samtidig er 10,7 millionar årlege strøymingar av lydbøker. Retorisk spør han: – “Åtte millioner ut, nesten elleve inn – pjuh! Da er vel tapet mer enn kompensert for og alt såre vel?”

Ellefsen polemiserer godt mot Storytel og kjeldene deira sine konklusjonar, blant anna: «Høre bok eller lese bok? For hjernen din spiller det ingen rolle!». Og han peikar på den store vridinga mot underhaldning og særleg krim som lydbokstrøyminga står for. Og på at bruken av strøyming er så lite «forpliktande», samanlikna med kjøp av bøker: “Der et stort flertall hører ferdig de bestselgende krimbøkene de begynner på, er det et nesten like stort flertall som hopper av nobelprisvinner Olga Tokarczuks roman Løperne”.

Oppsummert frå Bernhard E.: “Der gode bøker, i større grad enn gode filmer, god musikk eller god billedkunst, i lang tid har hatt reelle muligheter til å nå et ganske (og noen ganger veldig) bredt publikum, er den sjansen nå betraktelig mye mindre. Når vi vet hvilken kulturell betydning boken som medium og litteraturen som kunstform har hatt de siste århundrene, er det en dramatisk erkjennelse”.

Gløym at Ellefsen i bibliotekmiljøet er den aller største og styggaste kasseringsmoralisten, og les denne saka hans i MB.

I helgas nummer av Morgenbladet svarar tre av leiarane på Deichman

read more »
april 12, 2023

Halvering av Bokhylla.no vil IKKJE svekke …

Den nemnde trefflista i Bokhylla.no. Klikk for stort bilete.

… bibliotekbruken. For fjernlån bør og vil kompensere for mykje av tapet; dette var eg inne på 3. april. Meir presist: Du vil framleis få treff i den fulle teksten i blodferske så vel som eldre norske bøker, og dette vil inspirere til fjernlånstingingar. Særleg om Nasjonalbiblioteket ganske enkelt legg til «Bestill fjernlån» ved informasjonen «Kilde for metadata». Som du i dag finn i postane nedanfor «ISBN», som til dømes her. Der kjem du til Oria.no, med fjernlånsfunksjonen sin. Lenker inn i Biblioteksøk ville gjort det ekstra enkelt for brukarar av folkebibliotek.

Dette er det minste NB kan gjere for å bøte på skadane. Funksjonane skulle sjølvsagt vore der heilt frå starten, med tanke på at meir enn halvparten av bøkene alt er «innestengde».

På denne måten vil samtidig den nasjonale utlånsstatistikken auke synleg, for i dag blir ikkje Bokhylla-bruken rekna med verken her eller der. Av ein eller annan merkeleg grunn.

Men ein føresetnad er sjølvsagt at dei lokale biblioteka ikkje har kassert alt som gjennom snart tjue år er blitt digitalisert.

Halveringa av Bokhylla.no vil heller ikkje svekke SALET av norske bøker. For så lenge NB held fram med å digitalisere alt nytt, vil Bokhylla.no framleis vere ein god reklamekanal for bokhandelen.

Eit døme på dette: Underteikna fatta for ei tid sidan interesse (negativ) for Peter Thiel, ein Silicon Valley-milliardær og ifølgje Wikipedia ein «politisk reaksjonær libertarianer». Eit søk på namnet hans i Bokhylla gav treff i 54 bøker, av desse 8 frå 2022 (sjå illustrasjonen). Dette påverka meg til å kjøpe Lena Lindbergs «Ekko – et essay om algoritmer og begjær» (meir om denne, følg med på bloggen) og Carline Tromps «Kulturkrig : det nye ytre høyre og normaliseringen av det ekstreme» (eg kjende til begge på førehand, men søket i Bokhylla fekk meg til å handle, bokstaveleg talt).

januar 20, 2023

Hovmodet blant hyllene

Ehem …

I eit par månader no har vi latt oss imponere av, men også fått gode høve til å harselere med den «kunstig intelligente» ChatGTP. For vi representerer jo Biblioteket med Himmelhøge Kvalitetskrav og Kompetanse på Kunnskap.

Men då er det på sin plass, på ein fredag, å sitere frå eit intervju i Computerworld med teknologisjef Erling Schackt frå giganten Check Point Software. Han har både godt og dårleg å seie om ChatGTP og KI generelt, men vi merka oss særleg dette:

«– Lar du den [ChatGPT] løpe løpsk på internett og lese alt, blir den nok ganske rasistisk og fordomsfull. Det er jo mye på internett som ikke stemmer, påpeker Schackt. Å slippe den kunstige intelligensen løs på et bibliotek er heller ikke helt uproblematisk, forklarer han. – Dagens bøker er kanskje 80 prosent research og fakta, men for de øvrige 20 prosentene har vi kunstnerisk frihet til å legge til og trekke fra. ChatGPT lærer det siste også, men vet ikke om det er fakta eller fiksjon den trenes på».

Tenk dét, ja. Og med fare for å få Bernhard Ellefsen m.fl. på nakken kan vi leggje til kor raskt fagbøker på mange felt blir uaktuelle og villeiande. M.a.o. falske.

Go hælj!

desember 30, 2022

Murakami og dei som verre er

Details below

Nettstaden Chytomo, som etter eige utsegn er «the largest independent media covering publishing and contemporary literary and cultural processes in Ukraine», har saker og ting å melde frå russiske bibliotek. Så med atterhald om mulege partiske haldningar frå eit okkupert land, her nokre smakebitar:

«Ifølgje ein russisk bokbransjekanal fekk biblioteka i Moskva lister over bøker som skulle fjernast og slettast data til, utan noka offisiell grunngjeving.

Lista omfattar 53 verk av hovudsakeleg utanlandske forfattarar. Blant desse er romanar av Haruki Murakami, Stephen Fry, Antonia Byatt, Jean Genet, Jaume Cabret, Michael Cunningham, Sarah Waters og boka «The Wave» av Todd Strasser om skoleeksperimentet som viser korleis fascismen veks fram i eit samfunn. … Når det gjeld innhaldet i dei fleste av titlane på lista, tyder mykje på at fjerninga skjer fordi dei på ein eller annan måte kjem inn på LHBTQ (IA+) eller fordi forfattarane deira er opne representantar for denne fellesskapen».

Fotoet: Haruki Murakami sine bøker skal no kasserast ved russiske bibliotek. For ikkje berre introduserer han skeive personar i nokre av romanane sine, men han kritiserer Russlands krig mot Ukraina. Ved å lansere ei liste med musikkstykke FOR FRED! Sjå lista med lenker på Youtube. Foto: wakarimasita (CC BY-SA 3.0).

november 10, 2022

Oppsnappa veke 45

November-selfie
59.40430 10.65270

ARBEIDSPLASSBIBLIOTEK. Dette var ei rørsle her i landet for ein generasjon sidan og lenger tilbake, og forsøkt oppfriska gjennom eit prosjekt i 1986-87. Rundt tjue år seinere var det optimisme rundt tre transportarbeidarbibliotek, men då prosjektpengane tok slutt, gjekk det som det ofte går… Men i Sverige er dette oppe og går i større omfang. Årets arbetsplatsbibliotek er, ifølgje Sveriges Radio, i Borås, på verksemda Ellos.

POPULÆRT ÅRSSTUDIUM. Khrono.no skriv om oppmøte ved studiestart, og her er OsloMet sine bibliotekstudium nær toppen av statistikken: «Ved årsstudiet har det møtt opp 27 studenter til 10 plasser, 2,7 studenter per plass, ved bachelorutdanningen er det 148 studenter til 120 planlagte studieplasser, 1,23 frammøtte per studieplass». Insituttleiar Tor Arne Dahl seier at årsstudiet «er et veldig populært fag med høyt kvalifiserte søkere. Her ser vi ofte at det kommer erfarne studenter som samler studiepoeng for å gå rett videre til master. Vi ser også flere fortsetter på bachelor etter det første året, da årsstudiet følger undervisningen i førsteår på bachelorutdanningen».

KØ VED PRINTEREN. Også på Khrono.no: «Vi ønsker pensum i papirformat». Éitt lesarinnlegg er ikkje prov på noko som helst, men studenten lyg vel ikkje direkte her: «Seminarlederen vår ble svært overrasket over vårt engasjement rundt papirbøker, og spurte om vi opplevde at det var konsensus blant studentene på Universitetet i Bergen at papirbøker er foretrukne fremfor digitale bøker. Hun ble møtt med et rungende «Ja!». 

LØYSINGSORIENTERT. For første gong siterer vi VVS-Forum: «Hundrevis av skolebygg har alvorlige mangler i anleggene som skal sørge for god inneluft. Ved Tromsdalen skole måtte man rydde bort skolebiblioteket for å få en SFO-avdeling med forsvarlig inneklima» …

november 8, 2022

IFLA: G. Leitner – One hell of a guy!

Ill.: Free-Vectors-net

For ei veke sidan var eg trygg på å ha sett ein uslåeleg personleg rekord i ironisk bloggkommentering (og dét seier ikkje lite). Det var etter offentleggjeringa (omsider) av forliket mellom IFLA og den avsette generalsekretæren, der det heiter at «Contrary to rumors, Gerald Leitner has never been found to be liable for any legal or contractual misconduct. No investigation has found any indication of fraud or harassment». Som står i oppsiktsvekkjande kontrast til i mars då berre éitt medlem av hovudstyret motsette seg oppseiinga av mannen. Og etter to interne utgreiingar ifølgje blant anna Biblioteksbladet. Les også Mikael Böök her på bloggen.

Men etter dette viser det seg at IFLA-leiinga utan vidare, ein gong mellom 3. og 8. november, har endra tittelen på forliket (framleis datert 31. oktober) frå «Settlement agreement with Gerald Leitner» til «Amicable settlement agreement between IFLA and Secretary General Gerald Leitner»! (amicable kjem frå latin amīcābilis = vennleg).

Men detaljane får ingen – aldri. Forstår vi representantane for verdas fremste kunnskapsinstitusjon rett.

Takk til @FJupiler, som aldri søv. Og Internet Archive.

september 27, 2022

Den kriminelle kriminallitteraturen – igjen!

Bloggaren er slett ingen systematisk krimlesar på leit etter brot på den bibliotekariale teieplikta, men med ujamne mellomrom berre spring det ein i augo meir eller mindre alvorlege overtramp. For eit år sidan måtte vi ta fatt Hans Olav Lahlum for politietterforskar-snoking i lånarregister på Deichman i «Sporvekslingsmordet». Men noko han ringde oss og svarte godt på, men med urovekkjande referanse til non-fiktive bibliotekarar ved same institusjon. Men tidlegare har vi tatt på fersken blant anna Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith med liknande «løysingar» på krimgåtene sine. Vi ventar framleis på telefoniske forklaringar frå dei.

Og i førre veke kom vi til å lese band 2, Drømmeløs (2012), i Jørgen Brekke sin serie om den trondhjemske politietterforskaren Odd Singsaker. Bok nummer 1, Nådens omkrets (2011) las vi sjølvsagt straks ho kom, ho var jo lansert som eit mordet-i-biblioteket-mysterium, og ikkje i kva som helst bibliotek, men sjølvaste Gunneriusbiblioteket, landets første offentlege bibliotek. Mordofferet var ein bibliotekar, men ein annan bibliotekar, Siri Holm, har ei meir varig rolle. Ho framtrer som det diametrale motstykket til Dag Solstads velkjende bibliotekar, T. Singer! Siri Holm er nemleg …

read more »
juli 7, 2022

Adshels og bibliotek

Ikkje Deichman-plakat, men ICA (kor blei det av ICA?)

No skal Deichman minne Oslo-folk på at «det er der man bor den viktigste historien utspiller seg. … Ved å formidle nærheten til publikum skal vi senke terskelen for besøk i det lokale biblioteket». Bra, for Deichman har i pressa og truleg også på folkemunne blitt identisk med nybygget i Bjørvika.

Bodskapen skal spreiast ved hjelp av «lokale adshels, helsider i Aftenposten, geofiltre på Snapchat og Deichmans egne kanaler», ifølgje designarfirmaet si eigenmelding om den nye bibliotekkampanjen. Denne videoen viser meir.

Mange i landets hovudstad vil nok verdsetje dei ofte muntre, småironiske og gjerne kontrasterande bodskapa, i alle fall dei som alt er fortrulege med forfattarane og boktitlane som blir nemnde.

Så målgruppa her kan ikkje vere dei uopplyste aldri-brukarane. Skal biblioteket nå desse trur vi meir på John Patemans metode frå London: «I praksis skjer det ved at vi aktivt oppsøkjer dei ulike miljøa, både arbeids- og heimlause, etniske minoritetar, asylsøkjarar og flyktningar, funksjonshemma og andre som vi ser kan ha glede og nytte av biblioteket, men som ikkje veit om det eller tør bruke det. Vi tilbyr heilt konkret å ta dei i handa og leie dei inn i biblioteket, der vi tar imot dei med informasjon og tilpassa tilbod». 

Vi måtte slå opp orda adshel og geofilter, men no kan vi dei.

mars 12, 2022

Gløym alt om kriser

Bibliotekmøbel? Hjørring, DK

Om du har 2890 US dollars for mykje kan du no kjøpe årets analyse av den internasjonale marknaden for bibliotekmøbel. Og med prognose heilt fram til 2027: «Det globale biblioteksmøbler markedet ble verdsatt til 3083,14 millioner USD i 2021 og vil vokse med en CAGR på 9,76% fra 2021 til 2027». Berre så du veit det.

Noko vi ikkje heilt forstår at har samanheng med bibliotekmøbel, men som likevel ikkje får oss til å kjøpe rapporten, er at «Asia-Pacific [anslås] å være den raskest voksende regionen for gassanalysatorer». Men lesarar som har skaffa ein slik til biblioteket sitt i seinare tid, kan gjerne forklare nytta i kommentarfeltet.

februar 14, 2022

Biblioteket – stolt berar av den lange lydbokhalen …

Den raude delen, den lange halen, kan biblioteket brukast til

Dit er det bokbransjen vil ha biblioteka. Gratis utlån av trykte bøker er akseptabelt, og utlån av elektroniske lydbøker, men berre når dei er blitt lite etterspurde.

26. januar siterte vi frå Klassekampen der Forleggerforeningas Bjørgulv Vinje Borgundvaag stilte «spørsmål ved om bibliotekene skal være med på å bidra til økt lytting eller om de skal bidra til økt lesing». Og i den same avisa i dag blir han supplert av Heidi Marie Kriznik, leiar av Den norske Forfatterforening: «Biblioteket kan nettopp være et sted der bøker ikke er ferskvare og der et mangfold av bøker fremmes» (sjå PS).

Kriznik gjer samtidig merksam på at DnF ikkje fekk vere med då Nasjonalbiblioteket utforma den gjeldande lydbokmodellen for biblioteka. Utan at dét ville ha gjort modellen betre for sistnemnde.

I avisa minnar Vidar Lund, leiar av Norsk Bibliotekforening, om at biblioteka er sterkt misnøgde med denne modellen. Sjølvsagt gjeld det kostnadane (4-5 kroner per papirbokutlån, men 62,50 per lydbok), men han peikar også på «at utlånsmodellen stimulerer til bestselgerfokus. Det blir nemlig fort slik at bibliotekene fyller på med nye lisenser på lydbøkene som går tomme, i stedet for å kjøpe inn nye titler».

PS: Den lange halen av norskspråklege lydbøker er ikkje plagsamt lang og mangfoldig. Det er mest krim og bestseljarar dei lagar lydbøker av. Søk i Oria.no kan tyde på ca. 2200 titlar på norsk, medrekna CD-ar. I Haugenbok.no ca. 2700.

januar 26, 2022

Lenge leve … PAPIRbiblioteket!

Denne nye strøymetenesta bruker eit bibliotekmotiv som inspirasjon for kundane …

I Klassekampen i dag handlar hovudsaka på kultursidene om den ferske evalueringsrapporten om lydbøker i folkebiblioteka: «Lydbokpris gir hodepine». Rådgjevarfirmaet Rambøll har utarbeidd rapporten «Evaluering av utlånsmodellene for e- bøker og e-lydbøker» på vegner av Nasjonalbiblioteket.

På debattsidene finn vi samtidig eit opprop underteikna av 17 biblioteksjefar i dei større byane og fylkesbiblioteksjefane: «Folkebibliotekets framtid» (bak muren, men heile teksten i avisa Driva).

>> 9.2.: Oppropet er i dag også på Kommunal Rapport. Då blir det lese av lokalpolitikarane og kommuneadministrasjonen. Men kan det bli debatt av det?

Det er ikkje første gongen med nedturar for biblioteka, men no har det fått eit eksistensielt preg. Trass i ein framforhandla avtale i 2019 om levering av lydbøker må biblioteksjefane melde at det er «nesten umulig for oss å tilby disse formatene. Innholdet finnes, men er for dyrt. Å låne en papirbok på biblioteket koster samfunnet fire-fem kroner. Å lytte til en ny lydbok koster i snitt 62,50 kroner. … Offentlige biblioteker må betale mye mer enn andre for e-medier. En papirbok kan lånes ut 20–40 ganger før den må kastes, men en e-lydbok lånes ut bare seks ganger før lisensen må kjøpes på nytt. Skal folkebibliotekene i praksis nektes å låne ut digitale formater? I så fall er vi om få år håpløst utdatert».

I saka om evalueringsrapporten blir dette utdjupa. Her seier Deichmansjef Knut Skansen: «Når vi ikke klarer å være i nærheten av å dekke behovet som finnes, ser vi at lånerne heller hopper over til engelske lydbøker, som vi har bedre tilgang til. Vi kan miste en stor gruppe lesere av norsk skjønnlitteratur».

Men her kjem samtidig Forleggerforeningas Bjørgulv Vinje Borgundvaag med ei «løysing» som vi måtte lese både to og tre gongar for å tru kva vi såg:

«Han etterlyser også en større diskusjon om bibliotekenes rolle. – Selvsagt skal de ha et godt tilbud, men det er verdt å stille spørsmål ved om bibliotekene skal være med på å bidra til økt lytting eller om de skal bidra til økt lesing, særlig når vi vet at leseferdighetene går ned».

PS: Og hugs: På dei ulike strøymetenestene for lyd- og e-bøker er det ikkje vanskeleg å finne titlar dei berre har som lydbok. Til dømes «100 sitater fra Johann Wolfgang Goethe». Denne finn vi verken som e-bok eller p-bok, verken i ein av dei store nettbokhandlane, på antikvariat.net, i Biblioteksøk eller Oria.no. Og er ho ikkje i Oria, som er nasjonalbibliografien, så betyr det vel at ho ikkje finst som trykt bok. Og at lydboka ikkje er pliktavlevert.

januar 17, 2022

Er ti på topp så topp?

Ekstremvariant i London i 2005: Stand med bestseljarar. Når alt var utlånt, gjekk dei i bokhandelen og fylte opp

Plutseleg på nyåret flyt avisene over med smilande biblioteksjefsintervju, der den dominerande saka er kva for bøker som har vore mest utlånte i 2021. Men slik var det ikkje alltid, takk vere faginterne debattar om dette: – Kvifor drive bibliotekreklame for bestseljarane som forlaga, bokhandlarane og pressa køyrer fram?

Jo, vi veit at all merksemd kan vere god merksemd, og for nokre ikkjebrukarar kan slike avisoppslag utløyse bibliotekbruk. Og vi veit at mange bibliotek driv brei og god formidling på eigne plattformer, men kor mange oppdagar eigentleg dette?

Fleire bibliotek burde snakke med lokalavisene for å få faste spalter som til dømes Fredrikstad bibliotek i Fredriksstad Blad. Under den pågåande aviskrisa vil mange lokalaviser setje stor pris på gratis innhald som dette.

PS: Legg gjerne lenker til liknande spalter i kommentarfeltet nedanfor.

desember 31, 2021

Bibliotek-domen i Oslo tingrett (det er fredag)

Nøklane til Nasjonalbiblioteket?! Frå opninga der i 2005. Vi fall ikkje for freistinga

Som vi nyleg skreiv, skal svenskane no få utvida det juridiske grunnlaget for bibliotekverksemda i form av ei lov som opnar for utvising av personar når det er «risk för vissa ordningsstörningar».

Noko slikt har ingen snakka høgt om her i landet enno. Men det vi derimot har, er ein blodfersk tingrettsdom som må forståast slik at kvaliteten på biblioteket sine kjernetenester er blitt grundig gjennomgått og juridisk klarlagd! Om enn ikkje til biblioteket sin fordel.

Greia er at eit «skytesenter» i hovudstaden, ifølgje Avisa Oslo, er dømt for uforsvarleg handtering av skytevåpen, og i denne samanhengen meiner retten at «oppbevaring og utleie av våpen til sammenligning var dårligere enn systemet som bibliotek har for utleie av bøker».

Retten må ha lese saka vår for to veker sidan om kor lett det er å lure eit bibliotek!

Så dårleg har våpenhandteringa vore at sjappa blei stengd, og eigaren fekk ei bot på heile 600 000 NOK. Men til ankesaka høyrer vi no at forsvaret vil innkalle kulturbyråd Omar Samy Gamal som kronvitne. Han er ein framifrå forsvarar av kor lytefritt bibliotektilbodet i Oslo eigentleg er, og etter vitnemålet hans vil nok bota bli sterkt redusert.

november 13, 2021

Såg de denne?!